Oljeindustrien sponsa UiO med 33,3 millionar kroner i fjor

Oljeindustrien sponsa norske universitet med 215 millionar kroner i 2019. UiO fekk 33,3 millionar kroner, over 46 millionar kroner mindre enn NTNU som fekk mest.

SPONSA UiO: Oljeindustrien sponsa UiO med 33,3 millionar kroner i 2019. (Arkivfoto: Øyvind Hagen/Statoil)

NTNU fekk 79,3 millionar kroner frå oljeindustrien i fjor medan Universitetet i Stavanger fekk 37,5 millionar kroner. Noregs tredje mest oljesponsa universitet er Universitetet i Oslo som fekk 33.2 millionar kroner i støtte i 2019. Det viser tal som avisa Khrono har henta inn. Det skjer samtidig som universiteta konkurrerer om å bli den grønaste institusjonen i universitetsklassen. 

• Les også: Svein Stølen er kritisk til klimakonkurranse mellom universiteta og høgskulane

I artikkelen går det også fram at den desidert største aktøren av universitetssponsarar frå oljeindustrien er Equinor, tidlegare kjent som Statoil. Det selskapet gav åleine 120 millionar kroner, medan Aker B gav 37,8 millionar. Det svenske oljeselskapet Lundin, som fann Johan Sverdrup-feltet, gav 18,7 millionar, medan det franske Total gav 10,2 millionar.

Dekan Øystein Lund Bø ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet på Universitetet i Stavanger forsvarar  overfor Khrono dei økonomiske bidraga dei får frå oljeindustrien.

— For oss er det viktig med samarbeid med industri og næringsliv, og me ser samarbeidet med oljeselskapa som ein naturleg del av dette. I eit slikt samarbeid kan me bidra med kompetansen vår for å finna gode løysingar for energisektoren, seier han til Khrono.

Avisa melder også at Forskingsrådet har sett av 800 millionar til forsking på miljøvennleg energi i 2020 og 350 millionar kroner til oljeforsking.

Emneord: Klima, Energi, Næringsliv Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2020 15:48 - Sist endra 23. mars 2020 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere