Desse funna gir ny kunnskap om dei første menneska i Noreg

Eit mellom 500 og 1200 år gammalt skrin av skinn og tre dukka opp etter at isbreen i Jotunheimen hadde smelta. På Sørlandet blei det funne eit vakkert dekorert sverd frå vikingtida. Det er to av funna som arkeologar på Kulturhistorisk museum ved UiO gjorde i 2019.

Ein mann med skjegg og lite hår viser fram eit 6000 år gammalt skrin av skinn og tre funne etter at ein isbre var smelta bort i Jotunheimen

KANSKJE 1200 ÅR:  Arkeolog Julian Robert Post.Melbye viser fram det mellom 500 og 1200 år gamle skrinet av skinn og tre som dukka opp etter at isbreen i Jotunheimen hadde smelta.

Foto: Ola Gamst Sæther

Klimaendringane fører til at me får vita endå meir om eldgammal norsk historie. I Jotunheimen er fleire isbrear i ferd med å smelta og vert mindre og mindre. Dit drar arkeologar frå Kulturhisttorisk museum og Innlandet fylkeskommune på jakt etter funn frå dei første menneska som busette seg i Noreg, 2000 meter over havet.

Arkeolog Julian Robert Post-Melbye har mellom anna funne eit eineståande skrin av skinn og tre.

– Det er ein gjenstand som har halde seg svært godt under isen. Slike funn ville ha rotna bort elles, fortel Julian Robert Post-Melbye til Uniforum.

Britiske overklassemenn var ikkje først på norske fjell

Nedsmeltinga av isbreane fører til at arkeologane no får ny kunnskap om Noregs eldste historie.

– Over halvparten av dei funna som er gjorde i verda som ein konsekvens av at isbreane smeltar, er gjorde i Noreg, fortel han.

Og han er ikkje i tvil om kva som er den viktigaste lærdommen av dette.

– Myten om at det var britiske overklassemenn som først kom på tanken om å gå opp i den norske fjellheimen på 1800-talet, stemmer ikkje. Dei alle første menneska som kom til Noreg, brukte også fjellet. Det viser dei funna me har gjort på dei områda i Jotunheimen som tidlegare var dekte av is, slår han fast.

Skrinet av tre og skinn er ikkje det einaste funnet han og fagfellane hans har gjort. No er det blitt så mange at han har tatt i bruk sosiale media for å få det formidla til alle interesserte.

 – Nettsida «Secrets of the Ice» har no rundt 50 000 fylgjarar, fortel han.

Fann smeden sin gravhaug i Mandal

Arkeolog Anette Sand-Eriksen har vore i låglandet på Sørlandet og drive med utgravingar. Det var medan ho og andre arkeologar dreiv på med å utforska restar av buplassar i nærleiken av Søgne, ho fekk den mest spennande meldinga.

– Då var det ein mann i Mandal som var i gang med å byggja ut tomta på huset sitt, som fann ei tang. Han trudde at det kanskje var noko frå Den andre verdskrigen. Seinare fann han ei øks og eit sverd, fortel ho til Uniforum.

Mannen sende straks melding til fylkesarkeologen i Agder som gav beskjeden vidare til Riksantikvaren og Kulturhistorisk museum. Ei nærare undersøking viste at dette var ei smed- og våpengrav frå vikingtida.

I GRAVHAUGEN:: Arkeolog Anette Sand-Eriksen fann mellom anna dette spydet i gravhaugen som blei oppdaga på ei tomt i Mandal.  (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Resultatet blei at me kunne setja i gang med full utgraving av gravhaugen. Der fann me også eit rikt dekorert sverd, fleire pilspissar og smykke av sølv og gull. Men det som var like interessant var at me fann åtte kilo med beinrestar. Nærare undersøkingar viser at det må ha vore ein person og fleire dyr frå rundt 900 e. Kr. som var blitt kremert saman med desse skattane, truleg smeden sjølv, fortel Anette Sand-Eriksen til Uniforum.

Alle dei til saman 70 gjenstandane er no tatt vare på i magasina til Kulturhistorisk museum.

Oppdaga langhus frå yngre jernalder

Arkeolog Birgitte Bjørkli har også drive med utgravingar på heiene på Sørlandet. På Løland like ved Vigeland I Lindesnes har ho og andre arkeologar funne spor etter busetjingar frå folk som levde her i landet i eldre jernalder for 2000 år sidan. 

– Me har undersøkt to til fire langhus og ei mogleg grav frå yngre jernalder. Dessutan har me funne fin keramikk med dekor, det meste frå romartida. Og elles kan eg nemna funnet av ein kvernstein, nærare bestemt ein underliggjar til ei dreiekvern, truleg frå eldre jernalder, fortel ho.

KVERNSTEIN: Denne kvernsteinen fann Birgitte Bjørkli og kollegaene hennar under utgravinga av langhusa på Løland ved Vigeland i Lindesnes. (Foto: Birgitte Bjørkli, Kulturhistorisk museum)

Heile området skulle nydyrkast. Derfor rykte ikkje arkeologane ut med små skeier og pinsett.

– Nei, denne gongen måtte me gjera grovarbeidet med gravemaskin, noko som blir kalla for ei maskinell flateavdekking, seier ho. Det vil seia at dei fjerna all matjorda med gravemaskina.

– I dette området var det busetjingar frå kysten og oppover mot fjella, peikar ho på.

Steinaldermenneska tok med seg mat på vandring

Arkeolog Tina Jensen Granados er tilsett som utgravingsleiar for InterCity-prosjektet til Bane NOR i Vestfold. Før arbeidet med å modernisera Vestfoldbana tar til, slepp ho og dei andre arkeologane til for å gå på jakt etter fornminne. Heile traseen er 14,5 kilometer lang og går gjennom Horten og nabokommunane.

– Me har undersøkt åtte buplassar frå steinalderen. Med bakgrunn i kunnskapen vår om det førhistoriske havnivået, er buplassane rekna ut til å veramellom 9000 og 10 000 år gamle. Fire av buplassane ligg på Løvås i Skoppum, to på Olsmyra og Råen,  medan to ligg på Adal i Solerødveien.  Sidan det kan vera meir enn 1000 år som skil den eldste og yngre buplassen i tid, og sidan landskapet har endra seg i denne perioden, vil det vera interessant å samanlikna og vurdera korleis busetnadsmønsteret kan ha utvikla seg i dette området av Oslofjorden.  I eldre steinalder var det vanleg  å busetja seg heilt nede ved stranda. Dette var grupper med folk som i stor grad levde av marine ressursar. Frå tidlegare arkeologiske undersøkingar i området her, er det funne og tatt vare på bein av både sel, kval  og av sjøfuglar, forklarar Tina Jensen Granados.

ØKS OG SLIPEPLATE: Utgravingsleiar Tina Jensen Granados fann både økser og slipeplater under utgravingane av buplassar frå steinalderen langs jernbanetraseen i Vestfold. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Men det som ho synest er mest interessant er å sjå spor av plantar i kosten.

– På fleire av buplassane er det funne store mengder forkulla hasselnøttskal.. Og frå innsende vedartsprøvar frå eldstader, er det ikkje funne trekol av hassel. Dette kan  visa at dei tok med seg hasselnøtter som matforråd når dei gav seg ut på vandring frå ein buplass til ein ny, fortel ho.

Dei har også funne bergartsøkser og slipeplater i sandstein.

– Dette området var kjent for å laga gode økser i steinalderen, slår ho fast.

Utbyggjar eller staten betalar

Axel Johan Mjærum er prosjektleiar for utgravingar ved Kulturhistorisk museum.

– Utgravingane til Kulturhistorisk museum er i hovudsak knytte til planlagt vegutbygging og andre utbyggingsprosjekt på Aust- og Sørlandet. Enkelte utgravingar kjem også i stand når spennande ting dukkar opp meir tilfeldig og når verdifulle kulturminne er truga av øydelegging.

Han set pris på denne kombinasjonen.

– Akkurat no er me involverte i mellom 40 og 50 utbyggingar. For oss er det ein verdifull måte for å forstå norsk historie, seier han til Uniforum.

Han viser til at i slike tilfelle betalar utbyggjaren for både utgravingane og forvaltninga av gjenstandane, medan staten dekkjer kostnadene til privatpersonar ved mindre anleggsarbeid. Kulturhistorisk museum driv ei utstrekt rådgjevarverksemd i utbyggingar som verkar inn på kulturminne.

Håpar å få gjenstandane på utstilling

– Sjølv om ikkje me kan bestemma traseen på hovudvegen gjennom Østfold kan me få verdifull informasjon gjennom utgravingane me gjer, før bygginga av vegprosjektet tar til. På den måten har me gjort funn frå nokre av dei aller eldste busejtingane frå norsk steinalder og fått langt betre innsikt i livet til desse pionerane, fortel han.

Mjærum viser til at på den tida var det eit grønlandsk landskap og arktisk miljø der isfronten var rett nord for Oslo. Havflata gjekk også høgare opp enn i dag.

Alle arkeologane håpar og trur at funna deira etter kvart skal synast fram på ei utstilling i Kulturhistorisk museum.

 

Emneord: Arkeologi, Kulturhistorisk museum, Historie Av Martin Toft
Publisert 9. jan. 2020 04:30 - Sist endra 9. jan. 2020 22:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere