– Det var heilt fantastisk, seier Christian Prytz til Uniforum etter at han både har fått vist fram teikninga av rektorkjeda til Svein Stølen og fått halda på rektorkjeda som blei laga av farfaren hans, gullsmed Jacob Tostrup Prytz. Han arbeidde for gullsmedfirmaet J. Tostup som var hoffleverandør frå 1888.
Torsdag 19. desember tok Christian Prytz med seg kona Juni Prytz for å visa fram teikninga av den rektorkjeda som blei laga på tinging frå kong Haakon den 7. Det blei først laga då universitetet sin første rektor Waldemar C. Brøgger skulle innsetjast i 1907. Seinare har alle rektorane ved Universitetet i Oslo hatt rektorkjeda rundt halsen ved alle arrangement der dei har representert universitetet.
– Interessa mi vart vekt då eg blei eldre. Og no i november tok eg kontakt med Universitetet i Oslo for å finna ut om det var interesse for at eg kom for å visa fram teikninga. Den første gongen den tanken slo meg, var då Lucy Smith blei innsett som rektor på byrjinga av 1990-talet, seier han.
Så tar han fram eit avisutklipp frå Aftenposten med Lucy Smith i rektorkappe og med rektorkjeda rundt halsen.
Inne på kontoret til rektor Svein Stølen får Christian Prytz overrekt rektorkjeda frå Svein Stølen og han kjenner på det kunstverket som bestefaren hans var med på å laga.
– Det var ein rørande augneblink, seier han til Uniforum. Enno veit han ikkje kva som skal skje med teikninga av rektorkjeda.
– Førebels vert det i alle fall i mitt eige, seier han.
Seansen vert avslutta med at Christian Prytz og rektor Svein Stølen stiller opp til fotografering med teikninga av rektorkjeda mellom seg. Og også for rektor Svein Stølen var dette ei fin oppleving.
– Dette var fantastisk og viser kor viktig UiO også er i kultursamanheng, seier han til Uniforum.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere