Det var i midten av oktober Den norske Studentersangforening vann både eliteklassen og sakralklassen under NM for kor i Trondheim. Det var ei fin innleiing på 175-årsjublileet som koret skal feira i 2020. Det gjer dette UiO-koret til Noregs eldste kor.
Imponerte rektor
Heile koret blei invitert til heider frå rektor Svein Stølen i 10. etasje i Lucy Smiths hus tidlegare denne veka.
– Eg er imponert over prestasjonen dykkar. Det vert sagt at om det er best på ski i Noreg, er du også best på ski i verda. Det er det same med norske kor. Er dei best i Noreg, er dei også best i verda, var dei rosande orda han kom med.
Stølen kom også inn på dei faste programpostane koret har for Universitetet i Oslo.
– Det var heilt fantastisk for dei som var til stades på utdelingane av Anders Jahres medisinske prisar å høyra både Den norske Studentersangforening og Kvinnelige Studenters Sangforening, konstaterte han.
Markerer 175-årsjubileum i Oslo rådhus i 2020
Styreformann for koret, Sirius Bakke kvitterte med å invitera rektor Svein Stølen til 175-årsjubileet i Oslo rådhus i 2020.
– Me føler tilknyting til Universitetet i Oslo. Ein gong i veka øver me i Stort møterom i Georg Sverdrups hus og ein gong i semesteret har me konsert i Universitetets aula, i tillegg til at me deltar på opninga og på doktorkreeringane, fortalde han til Uniforum.
Mannskoret har ein kvinneleg dirigent. Sidan 2016 har Marit Tøndel Bodsberg dirigert koret.
Og med ei rose i den eine handa og eit glas i den andre, gjekk koret og dirigenten fram for å syngja eitt av glansnummera sine. Før det hadde kvar og ein av kormedlemane fått ei rose kvar frå rektor Svein Stølen.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere