UiO legg ned Eining for intern administrasjon

Eining for intern administrasjon hos UiO sentralt vert lagt ned frå 1. november. Dei 17 ½ årsverka vert overførte til andre einingar.  – Me trur oppgåvene blir betre og meir effektivt løyste med ei slik justering, seier universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen sit framfor kontorpulten sin

POSITIVE FYLGJER:  – Dei vil få ein betre arbeidssituasjon med meir varierte oppgåver sidan dei avdelingane og einingane dei blir flytta til, har ein større portefølje enn det Eining for intern administrasjon har hatt, trur universitetsdirektør Arne Benjaminsen. 

Denne veka blei det klart at Eining for intern administrasjon ved Leiinga og støtteeiningar (LOS) skal leggjast ned frå fredag 1. november.  Dermed vert alle dei 17 ½ årsverka fordelte på dei andre einingane i LOS. Med unntak av 4 årsverk vert alle dei det handlar om, verande i Lucy Smiths hus. Dei som arbeider med bestillingar, reiserekningar, utleggsrefusjon, rekneskap og faktura må flytta på seg og får nye kontorplassar hos Avdeling for administrativ støtte i Sogn Arena. For universitetsdirektør Arne Benjaminsen har dette vore eit heilt naudsynt tiltak.

– Vil få ein betre arbeidssituasjon

– Leiinga og støtteeiningar (LOS)  har gått med underskot gjennom fleire år. Derfor må me sjå på korleis me organiserer oss og jobbar meir effektivt, seier han til Uniforum. Arne Benjaminsen trur også det kan bli meir interessant for dei tilsette som dette får fylgjer for

– Dei vil få ein betre arbeidssituasjon med meir varierte oppgåver sidan dei avdelingane og einingane dei blir flytta til, har ein større portefølje enn det Eining for intern administrasjon har hatt, trur han.

Nokre av dei tilsette skal til Avdeling for administrativ støtte i Sogn Arena, nokre skal til Eigendomsavdelinga og Seksjon for samfunnskontakt, medan andre skal til Eining for leiarstøtte.

– Alle oppgåvene til dei tilsette vert førte vidare i dei einingane dei blir flytta til, forsikrar han om.

– Dei tilsette føler at dei har hatt stor grad av medverknad

Etter hans oppfatning har det vore ein god dialog med dei tilsette heilt sidan prosessen blei sett i gang for eit halvt år sidan. – Me har også heile tida hatt god kontakt med tenestemannsorganisasjonane. Og eg opplever at resultatet er akseptert og at dei tilsette føler at dei har hatt stor grad av medverknad på den løysinga me har kome fram til, seier Arne Benjaminsen.  

Før Arne Benjaminsen blei universitetsdirektør kom også Kommunikasjonsavdelinga tilbake som ein del av UiO sentralt. Då hadde dei tilsette i den avdelinga vore fordelte på fleire andre einingar sidan dåverande universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe gjennomførte ei omorganisering av Sentraladministrasjonen i 2013. som ei fylgje av prosjektet Internt handlingsrom.

Andre endringar som står for døra ved UiO no, er sentraliseringa av Arkivtenesta i ein felles organisasjon for heile UiO.

– Det går sin gang. Også når det gjeld Masterplanen for IT, er det tale om å etablera ein felles IT-organisasjon. Men det er enno ikkje endeleg bestemt, understrekar Arne Benjaminsen.

– Arbeidsoppgåvene kan bli løyste meir effektivt

Så langt er det ikkje planar om andre omorganiseringar i LOS.

– Enno har me ingen konkrete planar om det. Men me driv sjølvsagt ei kontinuerleg utvikling av alle tenestene våre. Gevinsten me får no, er at arbeidsoppgåvene kan bli løyste meir effektivt, samtidig som me får betre kvalitet på tenestene våre, er Arne Benjaminisen overtydd om. Og frå fredag 1. november vil altså Eining for intern administrasjon ved UiO bli historie.

– Positivt

Tina Næss er hovudtillitsvald i Akademikarane ved UiO. Ho tykkjer prosessen har vore grundig og at endringa er vel fundert. 

– Me ser det som positivt at UiO søkjer å leggja til rette for ei formålstenleg,  intern organisering. Eit viktig aspekt for oss er at ein også tar inn at tilsette skal ha tilgang på relevante og sterke fagmiljø og sikra sjansane deira for utvikling, seier Tina Næss i ein kommentar til Uniforum. 

Natalia Zubillaga, leiar for Norsk tenestemannslag ved UiO, er også stort sett nøgd med avtalen som fører til at Eining for intern administrasjon sluttar å eksistera frå 1. november.


– Denne organisasjonsendringa har vore gjenstand for  forhandlingar mellom partane på UiO der me kom fram til ei semje om at Eining for intern administrasjon opphøyrer og at funksjonane som har lege til avdelinga vert flytta  til relevante fagmiljø, seier Natalia Zubillaga til Uniforum.

– Viktig å sikra at dei tilsette får fylgja oppgåvene

Ho viser til at NTL gjennomførte møte for medlemane som blei omfatta av omorganisering i forkant av forhandlingane og NTL har vore i dialog med dei i samband med forslaget.  

– For oss var det viktig å sikra at dei tilsette får fylgja oppgåvene og at eventuelle endringar av desse blei gjort på ein ryddig måte og i samsvar med regelverket. Og det var viktig å avklara kva som ville skje med medarbeidarane på arkiv medan me ventar på omorganiseringa av arkiv på UiO. som blei vedtatt på universitetsstyret i førre veke, seier Natalia Zubillaga. 

– Ikkje overraska

Ho peikar også på at NTL var kritisk då forslaget om å oppretta Eining for intern administrasjon kom opp under prosessen Internt handlingsrom (IHR) i 2013.

– Når det gjeld sjølve avdelinga, kan eg nemna at då forslaget om opprettinga av EIA kom på bordet under IHR-prosessen i 2013, påpeika NTL allereie då at avdelinga hadde for laus tilknyting til større og liknande fagmiljø, og at dette kunne svekka funksjonen. I tillegg så har det vore andre forhold heilt sidan opprettinga av avdelinga som har gjort det vanskeleg å få klargjort funksjonen, oppgåvene og tydeleggjort avdelinga si plassering i LOS. Så heilt ærleg - etter at arbeidsgjevar starta denne gjennomgangen, blei me ikkje noko overraska over at det kom eit forslag om at avdelinga skulle opphøyra, seier Natalia Zubillaga

Uniforum har også bede Forskarforbundet om ein kommentar i denne saka, men dei har takka nei til det tilbodet.

 

Desse endringane skjer når Eining for intern administrasjon vert lagt ned:

- Oppgåver knytte til verksemdsstyring vert flytta til Eining for leiartøtte, Gruppe for verksemds- og økonomistyring, med overføring av ressursar som svarer til 1 årsverk.

- Oppgåver knytte til bestillingar, reiserekningar, utleggsrefusjon, økonomi, rekneskap og faktura vert flytta til Avdeling for administrativ støtte, med overføring av ressursar som svarer til 4 årsverk. Stillingane vil verta fordelte på Seksjon for innkjøp og Seksjon for rekneskap.

- Oppgåver knytte til personal vert flytta til Avdeling for personalstøtte, med overføring av ressursar som svarer til 3 årsverk.

- Oppgåver knytte til administrativ støtte for universitetsleiinga vert flytta til Eining for leiarstøtte, med overføring av ressursar som svarer til 1 årsverk.

- Oppgåver knytte til arrangementsstøtte vert flytta til Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, Seksjon for samfunnskontakt, med overføring av ressursar som svarer til 1 årsverk.

- Oppgåver knytte til betjening av UiOs hovudsentralbord vert flytta til Eigedomsavdelinga, Servicetorget med overføring av ressursar som svarer til 1,5 årsverk.

- Oppgåver knytte til rolla som eigedomskoordinator for LOS og gruppeleiarfunksjon for sentralbordet vert flytta til Eigedomsavdelinga, Servicetorget Eigedom, med overføring av ressursar som svarer til 1 årsverk.

- I tillegg kjem tre stillingar som er knytte til arkivtenesta og to som vert flytta til USIT.

(Kjelde: UiO)

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 31. okt. 2019 03:00 - Sist endra 31. okt. 2019 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere