Riksrevisjonen kritisk til ubrukte milliardar hos universiteta og høgskulane

I 2018 hadde universitet og høgskular 3,3 milliardar ubrukte budsjettkroner. Kunnskapsdepartementet får no kritikk frå Riksrevisjonen. 

Riksrevisor Per Kristian Foss ser mot fotografen med ein skjerm bak seg som det står regnskapsåret 2018 på

KRITISK: Riksrevisor Per Kristian Foss er kritisk til at universiteta og høgskulane hadde 3,3 milliardar på bok i 2018. Han meiner dei manglar planar og rammer for bruken av pengane. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Universitet og høgskular har late vera å bruka 3,3 milliardar kroner. I 2018 stod denne slumpen med pengar godt sikra på bok hos desse institusjonane. Kunnskapsdepartementet får no kritikk i årsrapporten frå Riksrevisjonen, går det fram av ei pressemelding.  Offisielt ber rapporten namnet "Årleg revisjon og kontroll budsjettåret 2018."  Den er no sendt over til Stortinget.

Vil ha betre informasjon til Stortinget

Summen på 3,3 milliardar kroner svarar til nesten 10 prosent av den årlege løyvinga  på 35 milliardar kroner, heiter det. Universiteta og høgskulane har lov til å overføra budsjettmidlar frå eit år til eit anna, men undersøkinga viser at det manglar rammer og planar for bruken av midlane.

– Trass i dette held dei årlege løyvingane fram med å auka. No  bør Kunnskapsdepartementet gi Stortinget eit samla og eintydig bilete av universitets- og høgskulesektoren sin økonomiske situasjon, peikar riksrevisor Per Kristian  Foss på. 

Grundig sjekk av KD og fem institusjonar

Riksrevisjonen har hatt eigne intervju med Kunnskapsdepartementet og gjennomført dokumentanalysar og intervju med adminsitrativ leiing og utvalde styremedlemar frå fem av universiteta og høgskulane. Det gjeld:

• Universitetet i Oslo

• OsloMet – storbyuniversitetet

• Universitetet i Bergen

• Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)

• Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Rapporten viser også at summen på ubrukte midlar var endå høgare i 2017 enn i 2018. I 2017 hadde universiteteta og høgskulane heile 3,7 milliardar kroner på bok. Men då hadde summen auka frå 2,9 milliardar frå året før. 

Ikkje nøgd med forklaringa frå KD

Kunnskapsdepartement skal gjera greie for korleis desse store avsetningane har blitt til i regjeringas forslag til statsbudsjett, også kalla Prop 1 S  (2018–2019). Men Riksrevisjonen er ikkje nøgd med forklaringa:

"Dokumentanalysen viser at budsjettproposisjonen ikke inneholder en redegjørelse om årsakene til at det forekommer avsetninger av ubrukte budsjettmidler. Det er videre ingen informasjon om hvilke aktiviteter som er utsatt, eller at virksomhetene har foretatt omdisponeringer av ubrukte budsjettmidler. Det foreligger heller ingen analyse av UH-sektorens samlede avsetning av ubrukte budsjettmidler sett opp mot måloppnåelsen på de fire overordnede og langsiktige målene for høyere utdanning og forskning. Dokumentanalysen viser videre at tallene som tabell 4.6 presenterer, ikke spesifiserer hvordan sektorens samlede avsetninger har oppstått," står det i rapporten frå Riksrevisjonen.

Kritikkverdig

Det er altså Kunnskapsdepartementet som får kritiske merknader frå Riksrevisjonen for ikkje å ha hatt god nok kontroll til å kunna svara på kvifor desse budsjettpengane ikkje er blitt brukte opp av universiteta og høgskulane.

"Revisjonen vurderer at Kunnskapsdepartementet ikke har hatt en overordet styring og oppfølging av virksomhetenes avsetninger av ubrukte budsjettmidler for å sikre at avsetningene forvaltes som forutsatt, eller at bruk av særskilte fullmakter ikke fører til en utilsiktet prioritering i forhold til målene, jf.kravene i økonomibestemmelsene", går det fram av revisjonen av dei ubrukte midlane i universitets- og høgskulesektoren.

Riksrevisjonen gir Kunnskapsdepartementet karakteren kritikkverdig for handteringa av desse milliardane.

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø seier til VG at dei for eitt år sidan  sende brev til åtte av dei institusjonane  med høgast avsetningar for at dei skullel gjera greie for korleis dei skulle bruka dei ubrukte budsjettpengane.  Dei har no også levert konkrete planar for korleis desse pengane skal brukast, opplyser ho til VG. 

Eit oversyn frå Kunnskapsdepartementets budsjettforslag syner at Universitetet i Tromsø hadde mest pengar på bok med 457 millionar kroner i 2018.  Universitetet i Oslo kjem som nummer 8 med 206 ubrukte millionar. Seks universitet og ein høgskule ligg altså over UiO på denne lista.

Dette er lista over høgskulane og universiteta med mest ubrukte midlar i 2018:

1.UiT-Noregs arktiske universitet:   457,0 mill.

2.Universitetet i Agder:                    389,0 mill.

3.NTNU                                            331,4 mill.

4.Høgskulen på Vestlandet               282,5 mill.

5.Nord Universitet                             259,4 mill.

6.Universitetet  i Bergen                   262,5 mill.                         

7.Universitetet i Søraust-Noreg        220,2 mill.

8. Universitetet i Oslo                       206,3 mill.

9. NMBU                                          145,1 mill.

10. OsloMet                                     133.2 mill.

11.Universitetet i Stavanger            123,2 mill.

(Kjelde: Regjeringas budsjettforslag for 2020 Prop 1 S (2019-2020))

(Oppdatert  kl 17.59 med liste over ubrukte millionar fordelte på elleve institusjonar)

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 8. okt. 2019 16:07 - Sist endra 8. okt. 2019 21:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere