Dei gler seg over at nesten alle med master får seg jobb

Dei fleste som tar master har fått seg jobb tre år seinare. Det viser ei undersøking frå NIFU.  Både statsråd Iselin Nybø og NSO-leiar Marte Øien synest det er positivt.

GLADE FOR  MASTERFUNN: – Det undersøkinga viser er at me underviser kandidatar som er attraktive i arbeidsmarknaden. Det er kjempepositivt, synest leiar for Norsk studentorganisasjon, Marte Øien (t.h). Og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø er einig med henne.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var altså masterundersøkinga til Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking,og utdanning (NIFU) som var eitt av  dei store samtaleemna på toppmøtet mellom studentleiarar frå heile landet, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og helse-og omsorgsminister Bent Høie.  Hovudtemaene var arbeidsrelevans og psykisk helse blant studentane. 

Spesialkandidatundersøkinga 2019 viser: 

- masterar i natur- og realfag har i størst grad opplevd ein periode med arbeidsløyse

- to til tre år etter er det låg arbeidsløyse.

- låg del av dei er i irrelevant arbeid og stort sett få i ufrivillig deltid

- til saman var 7,7 prosent mistilpassa i 2019. 2,4 prosent av dei var heilt arbeidsledige

- ingen av kvinnene blant sivilingeniørane var mistilpassa to til tre år etter siste eksamen.

- gode karakterar reduserer faren for mistilpassing.

- mindre overutdanning to til tre år etter eksamen enn eit halvt år etter eksamen.

- undersøkinga blei gjort blant personar som tok siste eksamen i master  i Noreg i i 2016.

- svarprosenten ligg på 35

Les heile undersøkinga

(Kjelde: NIFU)

Overutdanna for jobben dei har

Når det gjaldt det første temaet, blei dei ein god del klokare etter at undersøkinga til NIFU var lagt fram. Den viser altså at fleirtalet av dei som har tatt master ved ein norsk utdanningsinstitusjon har fått seg jobb tre år seinare. Undersøkinga blei gjennomført vinteren/våren 2019 mellom masterar som blei uteksaminerte i 2016.  På den tida var det høg arbeidsløyse, går det fram av ei melding på  NIFUs nettsider om undersøkinga.  Berre 2,4 prosent av dei er arbeidsledige vinteren 2019. Dessutan var 3,6 prosent i ufrivillig deltidsjobb, medan berre 1,7 prosent var i irrelevant arbeid. Spesialistkandidatundersøkinga 2019 frå NIFU viser også at ein god del masterar er overutdanna for den jobben dei har  to til tre år etter siste eksamen.

– Nyttig kunnskap

Under toppmøtet i regjeringas representasjonsbustad i går var både forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og leiaren for Norsk studentorganisasjon Marte Øien opptekne av funna i denne undersøkinga.  I eit intervju med Uniforum peikar Iselin Nybø på kor viktig det er med desse opplysningane.

– Det er derfor me har desse undersøkingane for å sjå korleis me ligg an. Og dette er jo nyttig kunnskap, også for utdanningsinstitusjonane våre å ha. Dei skal også tilpassa tilbod og etterspurnad litt, ikkje sant? Derfor er det viktig infomasjon for dei. Samtidig er det også viktig å løfta blikket litt og sjå at me har det jammen godt i dette landet her. For folk får seg jobb i Noreg. Så tar det for nokre litt lengre tid å få draumejobben eller der du føler deg best mogleg brukt. Alt i alt er det bra tal, synest Iselin Nybø.

Leiaren for Norsk studentorganiasjon, Marte Øien er ikkje i tvil om at ho sjølv vil få jobb etter master. Ho er også einig med statsråd Iselin Nybø i at undersøkinga får fram viktige ting.

– Det undersøkinga viser er at me underviser kandidatar som er attraktive i arbeidsmarknaden. Det er kjempepositivt. Det blir veldig spennande å sjå framover dei neste 10 –20 åra, og sjå korleis arbeidsmarknaden utviklar seg. No snakkar me også om livslang læring og heile tida om etterspurnaden etter etter- og vidareutdanning og at ein må oppdatera kunnskapen sin undervegs Då vil denne statistikken kunna forandra seg.  Det blir spennande å sjå korleis høgare utdanning må tilpassa seg etterspurnaden i arbeidsmarknaden,  men også korleis arbeidsmarknaden må tilpassa seg høgare utdanning. Det må gå begge vegar, understrekar ho overfor Uniforum.

– Heng saman med melding om arbeidsrelevans

Iselin Nybø ser at undersøkinga også er aktuell i samband med den meldinga som regjeringa førebur om arbeidsrelevans. 

– Derfor heng det jo litt saman med arbeidsrelevansmeldinga. For arbeidsmarkaden kjem til å forandra seg i åra som kjem. Og det er jo vanskeleg å føresjå korleis det blir. Men dei seier at det aldri går så seint som no, så då får du ei  viss kjensle av kva dei studentane som begynner å studera no må førebu seg på til dei skal ut i arbeidslivet, konstaterer ho.  

Arbeidsrelevans og psykisk helse på toppmøte

I går gjekk heile dagen til både Iselin Nybø og Marte Øien med på å delta på toppmøtet mellom studentleiarar frå heile landet og representantar for regjeringa.  Det er andre gong det skjer etter at det starta i fjor haust.  Iselin Nybø er godt nøgd med det som har kome ut av møtet som har handla om arbeidsrelevans og psykisk helse blant studentane.   

– Eg opplever studentar som synest det er kjekt å seia meininga si og å koma med innspel til noko som er eit viktig arbeid. Derfor har me vald desse to temaene også. For det er viktig for meg som ansvarleg statsråd for feltet, men og kjempeviktig for studentane, og som dei har snakka om i mange år. Når det kjem til psykisk helse, så hadde me både meg og Bent (Høie) her, så då fekk både han og eg vera med på diskusjonane og høyra på oppsummeringa.

NSO-leiar Marte Øien håpar no at toppmøtet mellom studentane og representantar for regjeringa blir ein tradisjon.

– Eg synest toppmøtet og både det som er i år og var i fjor og det som sikkert kjem til å bli ein tradisjon, dei lovar veldig godt.  Det er ein fin arena for å snakka om ting som rører seg eller som kjem opp i næraste framtid. Derfor har me store moglegheiter til å gjera noko med det.. Og det at fleire aktørar som veit kvar skoen trykkjer er her og som veit kva tiltak som fungerer og kvar det er naudsynt å gjera endringar, det er veldig positivt, tykkjer ho.

– Alle kan gjera ein skilnad

Iselin Nybø understrekar at ho vanlegvis treffer Marte Øien ganske ofte, men at det gir ein ekstra breidde å få treffa studentleiarar frå heile landet.

– Mi erfaring er at NSO representerer studentane på ein god måte. Det som kjem frå NSO har også gjenklang ut i organisasjonane. Det er ikkje så mykje som overraskar meg for eg har ganske god dialog med studentane. Men dette gir eit høve til å få forsterka det som eg veit dei er opptatt av frå før, slår ho fast. 

Iselin Nybø har også fått innspel på nye og enkle idear frå studentane på toppmøtet. 

– Alt frå til dømes  ein app der du kan registrera når du skal til lunsj og om kva du har lyst til å snakka om. Det gjer deg tilgjengelege for andre, og viss andre ikkje har nokon å eta saman med, kan dei koma.  Alt frå små ting til dei store tinga. Alle kan gjera ein skilnad, seier Nybø. 

– Det er endringar som må til

– Og Marte Øien, kva er de mest ueinige med regjeringa i?

– Når det gjeld psykisk helse og arbeidslivsrelevans, opplever eg at me eigentleg ikkje er så veldig ueinige.  Det er to område der me er veldig einige om at det må skje ting. Det er endringar som må til og ting må bli betre. Det er framleis på eit svært tidleg stadium, i alle fall når det gjeld arbeidslivsrelevans. Det er mykje som framleis er på diskusjonsstadiet, og me må  finna ut litt om kva som er best praksis og kva som fungerer og kva rammer me må handla innanfor, seier Øien, som ikkje ser bortifrå at dei må utfordra dei rammene på enkelte område.  

– Me må starta ein stad, og det at me no har starta med denne dialogen, det trur eg blir bra, og så har me eigentleg ikkje opplevd mykje usemje eller konfliktområde med regjeringa på desse områda enno. Det kan dukka opp etter kvart som meldinga blir utarbeidt og lagt fram. Då kan me heller ta dei diskusjonane når den tida kjem, meiner ho.

– Brukar me pengane rett?

Iselin Nybø minner om noko som blei sagt under diskusjonen om psykisk helse. 

– På møtet var det ein av innleiarane som sa at  det ikkje  nødvendigvis er dei store grepa som skal til. Det er kanskje små ting som kan hjelpa mange. Det gjer oss også grunn til å reflektera over om me brukar pengane på best mogleg måte. Den andre tingen er levekårsundersøkinga som har vore viktig for studentane å få på plass og som me no går i gang med. Den kan også gi oss kunnskap om kva som trengst framover. Dette er eit tema som me enno ikkje er ferdige med i dag. Me må diskutera det framover også, minner ho om. Iselin Nybø viser til at regjerirnga brukar 80 millionar kroner i året på studentvelferd.

– Spørsmålet er heile vegen. Brukar med pengane rett?  Er det noko me må gjera meir av, og andre ting me kan gjera mindre av?  Det er ikkje sikkert at det er dei store og kostbare tinga som gir mest igjen for flest. Det handlar også om å normalisera studenttilværet. Det er kjipt å vera student av og til. Eksamen er kjipt for dei aller fleste, men dei fleste studentar har det også bra, seier Iselin Nybø.

 

 

 

 

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2019 14:53 - Sist endra 22. okt. 2019 23:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere