Blinde Bjørn Andreas Throndsen var nær ved å kollidera med ein plakatbukk

Blinde Bjørn Andreas Throndsen kolliderte nesten med ein plakatbukk i gangvegen utanfor Lucy Smiths hus. Eigedomsavdelinga vedgår at dette er  eit brot på reglane om universell utforming på UiO.

Bllind mann med stokk spaserer og held på å treffa ein plakatbukk utanfor Lucy Smiths hus på Blindern.

NESTKOLLISJON: Blinde Bjørn Andreas Throndsen heldt på å kollidera med denne plakatbukkken då han var på veg til jobben i Lucy Smiths hus i går.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var onsdag morgon blinde Bjørn Andreas Throndsen som vanleg gjekk ut av drosjen ved bommen utanfor Lucy Smiths hus for å starta arbeidsdagen i jobben på sentralbordet til Universitetet i Oslo. Taxisjåføren leidde han i armen bort gangvegen mot Lucy Smiths hus, men der oppdaga dei brått at det stod ein plakatbukk med informasjon om ein internasjonal konferanse om kvinner og leiarskap.

– Taxisjåføren leidde meg bort frå den hindringa slik at eg unngjekk å krasja med den. Vanlegvis brukar eg å ta akkurat den vegen der plakatbukken stod, fortel Bjørn Andreas Throndsen til Uniforum.

Verre tidlegare

Han vedgår at han blei litt sjokkert.

– Heldigvis skjer det ikkje så ofte på området til Universitetet i Oslo. Men for ei tid sidan var det ganske vanleg at slike plakatbukkar skapte problem for meg og andre blinde og svaksynte fordi dei var plasserte midt i ein gangveg, fortel han.

Bjørn Andreas Throndsen prøver også å setja seg inn i situasjonen til dei som har sett opp plakatbukkane med informasjon om arrangement.

– Ville folk ha sett ein plakat som hang på ein vegg like godt? spør han.

Parkerte syklar skaper problem

Vanlegvis har han få problem med å koma seg ut og inn av Lucy Smiths hus, der han arbeider på sentralbordet i 6. etasje. Men han har likevel eit forslag som kan gjera det lettare for han og andre blinde og svaksynte å orientera seg når dei skal ut og inn av den bygningen.

 – I dag står mange syklar plasserte langs veggen til Lucy Smiths hus når du går ut til venstre for hovudinngangen. For meg er den husveggen eit godt orienteringspunkt, men det er svært vanskeleg når det står plassert syklar der. Eg forstår at dei også må ha ein plass å vera, men det hadde vore fint om dei kunne ha blitt parkerte på ein stad der dei var mindre til hinder for blinde og svaksynte, synest Bjørn Andreas Throndsen.

Det er forskingssenteret MultiLing på Det humanistske fakultetet som står bak arrangementet Women and Leadership førstkomande fredag og som plakatbukkane har informasjon om. Det er likevel ikkje senteret som har gjort feilen ved å plassera ein plakatbukk midt i gangvegen framfor Lucy Smiths hus.

– Me er svært leie oss

Når Uniforum fortel arrangementsansvarleg Kellie Gonçalves kva som har skjedd blir ho svært trist.

– Me er svært leie oss for det som har skjedd med den blinde tilsette og plakatbukken som var plassert ved Lucy Smiths hus, seier ho til Uniforum. Ho viser til at MultiLing tinga plakatbukkane direkte frå Bodsentralen og ein av dei tilsette der.

 – Organisasjonskomiteen vår sette ikkje opp desse skilta sjølv. Me kom berre med forslag til kvar desse informasjonsbukkane burde stå, medan Bodsentralen var ansvarleg for å setja dei opp, seier ho til Uniforum. Kellie Gonçalves opplyser også at dei har bede Bodsentralen om å flytta informasjonsbukken utanfor Lucy Smiths hus inn i bygningen.

– Vil fylgja det opp internt

Det er altså Eigedomsavdelinga ved Bodsentralen som er ansvarleg for å setja ut desse informasjonsbukkane etter førespurnad frå dei som er ansvarlege for ulike arrangement på Universitetet i Oslo. Uniforum har vore i kontakt med Eigedomsavdelinga. Der vedgår drifts- og vedlikehaldsdirektør Åke Appelqvist at det har skjedd ein glipp, og at det eit brot på reglane.

– Det stemmer at ei slik plassering av ein plakatbukk strir mot reglane om universell utforming på UiO. Bukkane skal plasserast slik at dei ikkje er til hinder for tilgjengelegheit og ikkje slik som var tilfellet her. Me seier oss svært leie for at bukken var sett opp som den var og kan forsikra om at me vil sørgja for å fylgja det opp internt, seier Åke Appelqvist til Uniforum.

 

Av Martin Toft
Publisert 24. okt. 2019 11:06 - Sist endra 24. okt. 2019 11:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere