UiO fyller 208 år og inviterer alle til årsfest

I dag fyller Universitetet i Oslo 208 år og rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo inviterer alle til årsfest i Universitetet aula klokka 13.30. 

TAR IMOT PÅ ÅRSFEST: Rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo tar imot alle som kan på årsfest i Universitetets aula klokka 13.30 i ettermiddag. 

Foto: Ola Sæther

Feiringa av Universitetet i Oslos store dag opnar med Kristine Bonnevie-førelesingar  klokka 10.15 med dei to Nobelprisvinnarane May-Britt Moser og Christiane Nüsslein-Volhard. Det skjer i Universitetets aula. 45 minuttar seinare er det utdeling av marsipankake til alle på Blindern. 

Årstale og mininføredrag

Den store hendinga er likevel Universitetet i Oslos årsfest i Universitetets aula klokka 13. 30. Den begynner med rektor Svein Stølens årstale før dei fem vinnarane av UiOs prisar slepp til med kvar sine miniføredrag. Dei fem vinnarane er  professor Sigrid Blömeke, Det utdanningsvitskaplege fakultetet, som får Forskingsprisen, professor Karin Kukkonen, Det humanistiske fakultetet, som får Prisen for yngre forskarar, professor Malcolm Langford frå Det juridiske fakultetet som får Utdanningsprisen, professor Steinar Holden frå Det samfunnvitskaplege fakultetet som får Formidlingsprisen og Ørjan Grøttem Martinsen frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som får Innovasjonsprisen. 

Også vinnarane av Kongens gullmedalje for yngre forskarar får utdelt medaljane sine under seremonien. Dei åtte vinnarane er: 

Ph.d. Wally V. Cirafesi, TF
Ph.d. Anniken Sørlie, JUS
Ph.d. Olav Kristianslund, MED
Ph.d. Feroz Mehmood Shah, HF
Ph.d. Audun Skaugen, MN
Ph.d. Christina Louise Hvaring, OD
Ph.d. Maren Toft, SV
Ph.d. Hanne Næss Hjetland, UV

Intervju med nobelprisvinnarar

Viserektor Per Morten Sandset skal også ha eit intervju med dei to nobelprisvinnarane professor May-Britt Moser og professor Christiane Nüsslein-Volhard. 

Leiar for Studentparlamentet, Christen Andreas O. Wroldsen, skal også koma med ei helsing frå studentane. 

Seremonien blir bunden saman av musikk framført av Universitetets symfoniorkester og Akademisk korforening. 

Les det offisielle programmet

Emneord: Årsfesten, UiOs priser Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2019 00:50 - Sist endra 2. sep. 2019 09:22
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere