Jussdekan Dag Michalsen takkar nei til fire nye år som dekan

Jusdekan Dag Michalsen seier nei til attval. – Eg fekk tidleg vita at to kvinner ville stilla som dekankandidatar, dersom eg ikkje ville. Dermed kan Det juridiske fakultetet no for første gong få ein kvinneleg dekan, seier han.

SEIER NEI TIL NY DEKANPERIODE: – Det er fint med demokratisk sirkulasjon av folk. Me er ein lærd republikk, så derfor er det fint at så mange som mogleg er innom styringssystemet,  seier  jusdekan Dag Michalsen etter å ha bestemt seg for ikkje å ta ein periode som dekan. 

Foto: Ola Sæther

Dag Michalsen har vore dekan ved Det juridiske fakultetet sidan 2016. Då overtok han dekanklubba etter Hans Petter Graver som hadde sete i vervet i åtte år.  

– Det er ikkje naudsynt at ein dekan alltid må sitja i vervet i åtte år.  Og eg fekk tidleg vita at om eg ikkje stilte, ville to kvinner stilla som dekankandidatar, For meg er det eit tungtvegande argument at fakultetet for første gong vil få ein kvinneleg dekan, seier Dag Michalsen til Uniforum.  Han peikar også på at det kan vera positive sider ved at ein dekan ikkje sit for lenge i vervet. 

– Ein lærd republikk

– Det kan jo vera slik at ein bestemt styringsstil eller ein bestemt type haldningar kan vera ok i fire år, men det er ikkje sikkert det er det i åtte år. Det er fint med demokratisk sirkulasjon av folk. Me er ein lærd republikk, så derfor er det fint at så mange som mogleg er innom styringssystemet,  synest han.  Den avgåande jusdekanen gir dessutan opp ein personleg grunn til at han no vel ikkje å ta attval som dekan.  – Eg er ein ivrig forskar og  gler meg no til å koma tilbake til forskinga etter årsskiftet.  Då får eg tid til å skriva eit par bøker innanfor rettshistorie. Me i dekanatet  har gjort ein god del ting, og det hadde sjølvsagt også  vore kjekt å halda fram med desse tinga, seier han. 

– Ingenting er meir avgått enn ein avgått dekan

Han vil ikkje seia noko meir om dei to kvinnelege dekankandidatane. 

– Det blir jo dekanvalkamp for første gong i historia på  Det juridiske fakultetet.  Ein avgåande dekan seier ingenting om den komande.  Ingenting er meir avgått enn ein avgått dekan, ler han.

 Dag Michalsen har derimot ingenting i mot å sjå tilbake på det som har skjedd på fakultetet dei snart fire åra han har sete i dekanvervet. 

– På studiesida har det vore viktig å gjennomføra studiekvalitetsreforma med digitalisering, og dessutan det store prosjektet som er å få juridiske studentar til å bli endå meir aktive i studiekvardagen sin. Det er eit prosjekt som me har lagt stor vekt på, sjølv om det er mange element som skal passa saman.  Så langt har meg lykkast bra, er eigenevalueringa frå Dag Michalsen.  – Eit viktig punkt i det var klarspråkavtalen som Det juridiske fakultetet fekk med Kommunaldepartementet. Det har også vitalisert deler av studiet, er han overtydd om.  Han peikar på at dette også har gitt andre resultat:

– Meir aktive i sin eigen kvardag

 – Det store senteret «Centre for Experiential Legal Learning (CELL) samlar mange store og små bidrag innanfor studiekvalitetsarbeidet i eit heilskapleg grep. Malcolm Langford leier dette arbeidet og det fekk han UiOs utdanningspris for. Eg trur det er ein heilt rett veg å gå for Det juridiske fakultetet. Det er noko som me er stolte over, og det gjer også studentane våre meir aktive i sin eigen kvardag,  understrekar  han.

Dag Michalsen klarer heller ikkje lata vera å snakka om det store bygget som har heva seg høgt over Kristian Augusts gate ved Tullinløkka.  Domus Juridica er namnet på bygningen som opnar for studentane rett etter at han har gått av som dekan.

– Eg har ikkje tal på kor mange møte eg har vore på og drøfta alt frå fargen på mørtelen til korleis interiøret skal sjå ut. Det at studentane gjennom ei omlegging av studia kan koma inn i eit nytt bygg, det vil bli eit stort løft for juridiske studentar.  Alt dette har vore eit målretta arbeid dei siste fire åra, seier han.  

– #metoo-sakene var vanskelege

Dag Michalsen nøler heller ikkje lenge når han skal plukka fram den vanskelegaste saka han har måtta ta seg av som dekan.

 – Eg må medgi at desse #metoo-sakene var vanskelege. Eg synest det var veldig vanskeleg å få dei i fanget. Det kom også før dei andre sakene kom fram. Me måtte prøva oss fram for å finna gode løysingar. Ut av det har det kome eit veldig godt arbeid om å styrkja organisasjonen sitt miljøarbeid. Men det er framleis ting som må gjerast, det er heilt klart. Dei store undersøkingane som er gjort viser at dette er eit stort problem i akademia og at me må ta det opp heile tida, slår han fast.  

Dag Michalsen trekkjer fram korleis dei har klart å få til fleire gode samarbeidsavtalar på studiesida.

– Me har fått til ordningar med advokatforeiningar og andre for at studentane skulle kjenna seg trygge utanfor fakultetet.  Me har gjennomført prosessar lokalt på fakultetet ved å innføra nye retningslinjer og nye verdidokument. Me har tatt dei første stega mot gode ting, men eg vil ikkje seia at me er i hamn enno. Det er framleis utfordringar der som dei som skal overta fakultetsleiinga må sjå på, peikar han på.

Som dekan har Dag Michalsen hatt mange arbeidsoppgåver.  Han skal leia fakultetet og ha kontakt med Universitetet i Oslo sentralt og dei andre fakulteta.  For han har det viktigaste  vore jobben med å knyta fakultetet endå betre saman. 

– Det er viktig  å initiera  faglege og adminstrative prosessar internt, særleg for å binda fakultetet, som er delt opp i institutt,  endå meir saman, også reint fagleg, synest han.

Dag Michalsen legg dessutan vekt på at Det juridiske fakultetet har fått samarbeidsavtalar med eksterne institusjonar som BI, OsloMet og Politihøgskulen. Han håpar det kan gi gode forhold til desse institusjonane.  – Det kan vera nyttig dersom me går saman om å senda inn eksterne søknader til forskingsprosjekt, nemner han.

– Godt nettverk i Europa

Samtidig drar han inn internasjonalt samarbeid som LawGuild som er eit samarbeid mellom juridiske fakultetet i Europa og som er ein avleggjar av universitetssalliansen The Guild som Universitetet i Oslo er med i.

– Det har gitt oss ei godt nettverk av juridiske fakuletet i Europa, og det kan koma til nytte dersom me søkjer om forskingspengar frå EU, trur han.

Det juridiske fakultetet strir med at det er for lite rettsvitskapleg forsking. Det er eit problem som Dag Michalsen har jobba for å få gjort noko med. 

– Samfunnet er blitt svært rettsleggjort, men forskinga på området strekkjer ikkje til for å gå inn i dette feltet med ei slik tyngde som me eigentleg burde hatt. Ein grunn til det er at det er for få tilsette i høve til talet på studentar på dei juridiske fakulteta. Justisdepartementet har vore mellom dei dårlegaste til å gi pengar til forsking på sektoren.  For det andre har Forskingsrådet hatt prosessar som har gjort det vanskeleg for juridisk forsking å slå gjennom.  Å få lyfta  fram eigenarten ved  rettsvitskapleg forsking som ei viktig sak for heile samfunnet , det må me jobba for heile tida. Det er den bodskapen eg prøver å få fram overalt, seier han. 

No gler han seg over at dei nyleg har fått tildelt eit ERC-stipend i migrasjonsrett.

– Det er første gong det skjer innanfor eit av dei tradisjonelle juridiske faga, som i offentleg rett i dette tilfellet.  

11 administrative årsverk er kutta bort

Satsinga på forsking på Det juridiske fakultetet har ført til at talet på faste vitskaplege stillingar ved Det juridiske fakultetet har auka kraftig i løpet av dei siste åra.  Men på grunn av pålegget frå regjeringa om kutt i offentlege budsjett, ABE-kuttet,  og lokale kutt utførte av UiO, har fakultetet likevel måtta kutta i budsjettet sitt.

– Det har ført til at me har måtta skjera ned talet på administrative årsverk med 11 stillingar mellom 2014 og 2018.  Med andre ord er det dei administrative tilsette ved fakultetet som har tatt støyten for satsinga på forsking på fakultetet. Det er det viktig at dei vitskaplege tilsette er klare over, seier Dag Michalsen. 

Eit spesielt vedtak har han også gjennomført som dekan. 

– Det stod i mitt lodd å vedta at Det juridiske fakultetet ikkje lenger skulle vera ansvarleg for å gi ut papirversjonen av Noregs lover.  Det enda med at Stortinget overtok den jobben. Og eg ser det som rett og rimeleg at lovgjevar sjølv overtok den jobben, seier han godt nøgd. 

Etterfylgjaren hans overtar dekantaumane 1. januar. Men først skal Det juridiske fakultetet  for føste gong i historia velja mellom to dekankandidatar. Avsparket går måndag 16. september. 

 

Emneord: Juss, Valg, Dekanvalg, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2019 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere