Med eit bidrag om korleis ein kan gjera batteria meir energirike og sikrare vann Halvor Høen Hval frå Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo delfinalen i Forskar Grand Prix for Akershus og Oslo. På andreplass kom Marthe Lefsaker Sakrisvold frå Politihøgskulen. Ho presenterte forskinga si om kva folk seier og på munnlege kjenneteikn ved sanne og falske forklaringar.
Neste helg er det landsfinale i Stavanger og då får me endeleg svaret på kven som er Noregs beste forskingsformidlar i 2019.
Eli Bjørve frå Institutt for geofag, UiO var mellom dei tre som kom til superfinalen i delfinalen for Oslo og Akershus.Ho viste korleis ho hadde forska på ei torskelarve si eventyrlege reise gjennom Lofotens mystiske farvatn.
Det var full sal på Latter då dei 10 delfinalistane deltok i kappestriden om kven som skulle representera Oslo og Akershus i landsfinalen i Forskar Grand Prix i Stavanger laurdag 28. september. Konferansier var Per Olav Kaldestad. I juryen sat Nina Kristansen frå Forskning.no, sosiolog Jan Paul Brekke og fysikkprofessor Gaute Einevoll.
Logg inn for å kommentere