UiO-leiinga heidra europameistrane i korsong

UiO-koret Kvindelige Studenters Sangforening tok gull i den uofisielle europameisterskapen for kor i Göteborg for ti dagar sidan. Tysdag ettermiddag blei koret gjort krus på av rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo.

Kvindeige Studenters Sangforening syng for rektor Svein Stølen

VERDAS BESTE DAMEKOR: Kvindelige Studenters Sangforening ved Universitetet i Oslo vann nyleg Europameisterskapen for kor. Det er også ranka som verdas beste damekor. Rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo heidra koret med ei markering tysdag ettermiddag, (Foto: Martin Toft)

Foto: Martin Toft

Det vanka både marsipankake og musserande dropar på koristane i Kvindelige Studenters Sangforening då Universitetet i Oslo ved rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo skulle visa at Universitetet i Oslo set stor pris på at koret tok gullmedaljen i European Choir Games i Göteborg den andre helga i august. Koret vann både eliteklassen Interkulturs Grand Prix of Nations, for både vaksenkor og folkemusikk à capella. Dermed forsvarte koret og dirigent Marit Bodsberg EM-tittelen det tok i Magdeburg i 2015,  førre gong meisterskapen blei skipa til.

- Har fått ein plass på UiO

Korpresident Anna Julia Granberg er glad for den store merksemda koret har fått frå Universitetet i Oslo.

– Det er stor stas for oss at UiO viser at dei set pris på oss. No føler me at me verkeleg har fått ein plass på Universitetet i Oslo, fortel ho. Sjølv var ho kjempenervøs og svært spent før korkonkurransen tok til i Göteborg. Ho var redd for at dei ikkje skulle klara å tangera gullmedaljen frå 2015.

– Derfor følte eg meg kvalm før me gjekk på scena. Det enda me at me fekk same poengsum som sist og altså vann heile konkurransen, seier Anna Julia Granberg.

Hadde viktige støttespelarar i salen

 Både ho og marknadssjef Ingrid Tande Ditlefsen trekkjer fram kor positivt det var for dei at Den Norske Studentersangerforening (DNS) også var til stades i salen og tok rolla som heiagjeng. - Det var viktig, tykte dei to. Samtidig trekkjer dei fram støtta frå eit høggravid kormedlem som ikkje kunne vera med og syngja. – Ho stilte opp i salen med eit svært banner og med mannen sin. Det var ei fantastisk støtte for oss, synest dei.  

STAS Å BLI HEIDRA AV UiO: Det er stor stas å bli heidra av Universitetet i Oslo. Det synest marknadssansvarleg Ingrid Tande Ditlefsen (t.v.) og korpresident Anna Julia Halvorsen. Dei er begge med i Kvindelige Studenters Sangforening som nylig vann europameisterskapen for kor i Göteborg. (Foto: Martin Toft)

Etter at koret vann Europameisterskapen har også interessa for å bli med i koret skote i veret. Over 40 har meldt seg til prøvesynging og intervju. I fjor melde 70 seg på og berre 10 av dei fekk bli med i koret, seier marknadssjef Ingrid Tande Ditlefsen. Kvindelige Studenters Sangforening øver ein gong i veka i Stort møterom i Georg Sverdrups hus. Hovudkravet for at kvinner får vera med er at dei har examen artium. I dag er 50 prosent av medlemane studentar medan den andre halvparten har jobb.

– Ein del av dei arbeider på UiO, seier dei.

- Ei stor opplevingsarena

Rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo var svært begeistra for at UiO har eit av verdas beste kor.  Dei sette også stor pris på at koret song både før og etter at marsipankaka og dei musserande dropane var fortærte.

– Det er viktig at UiO har svært god forsking, men Universitetet i Oslo er samtidig også ein stor opplevingsarena. Når verdas beste damekor høyrer heime på UiO, og går bort og vinn ein så fantastisk konkurranse, så er det klart at me må gjera stas på dei, understrekar Svein Stølen.

Og han synest det er flott med dei andre kora og med Universitetets symfoniorkester som også tilhøyrer UiO.

– Både Den Norske Studentersangerforening, Schola Cantarum, Akademisk korforening og Unikor er flotte kor. Det handlar om arbeidsmiljø. Og det skal vera godt å vera på Universitetet i Oslo, synest han.

Konsertar i Gjøvik og Hamar

Og dei som har lyst til å høyra Kvindelige Studenters Sangforening syngja får første sjanse den 10. september. Då skal koret ha konsert i Gjøvik kirke klokka 19. 30. To veker seinare, den 24. september står Hamar domkirke for tur. Også då begynner konserten klokka 19.30.

Les meir om Kvindelige Studenters Sangforening

 

Av Martin Toft
Publisert 21. aug. 2019 00:08 - Sist endra 21. aug. 2019 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere