To menn arresterte for å ha stole varebil med cyanid

To menn er pågripne mistenkte for å stå bak tjuveriet av ein varebil med ein cyanidbehaldar  for ti dagar sidan.  Kaliumcyaniden skulle til Universitetet i Oslo og blei funnen i ein Audi brukt av dei arresterte. 

CYANIDBEHALDAR FUNNEN IGJEN: Politiet har arrestert to menn som er mistenkte for å ha stole varebilen med cyanidbehaldaren frå Lørenskog stasjon 20. februar. Cyanidbehaldaren blei funnen igjen ved Kjærstad i Gjerdrum kommune. 

Foto: Merck

To polske menn blei arresterte av politiet på Gjerdrum  i Akershus fredag kveld etter ei dramatisk biljakt, melder NRK. Dei er begge mistenkte for å stå bak tjuveriet av ein varebil frå Lørenskog stasjon onsdag for ti dagar sidan.  Varebilen inneheldt mellom anna ein behaldar med 25 gram kaliumcyanid som skulle brukast til forsking på celler ved  Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.  Det er nok til å kunna ta livet av 125 menneske.  Cyanidbehaldaren er også funnen ved  Kjærstad i Gjerdrum kommune, melder Politiet Øst i ei pressemelding.

UiO-tilsett bistod politiet

Dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet  uttaler til VG at han er svært tilfreds med at den forsvunne cyanidbehaldaren er komen til rette igjen. Han fortel også at dei fekk behaldaren igjen i natt. – Ein av våre folk bistod politiet då behaldaren med cyandid blei lokalisert og funnen, seier Dæhlen til avisa. 

På pressekonferansen til politiet  klokka 15.00 i ettermiddag kom det fram at dei to arresterte mennene er 52 og 33 år gamle. Dei blei arresterte etter ei dramatisk biljakt i Gjerdrum på Akershus. Frode Stenberg i Øst politidistrikt gav ei kort oppsummering av det som hadde skjedd.

– Etter å ha observert ei farleg forbikjøring,av ein Audi, prøvde politiet å stansa ein bil. Etter ei kort biljakt nådde politiet bilen igjen, men då rygga bilen inn i politibilen, før den kjørte vidare. Den eine av dei to mistenkte blei arrestert på ein gard i Gjerdrum etter at han hadde gøymt seg i ein møkkakjellar i eit fjøs. Han blei funnen av ein politihund og sette seg til motverge og blei biten av hunden. Han blei arrestert og send til legebehandling for bitet. Den andre mannen blei arrestert utan dramatikk, sa Frode Stenberg frå Øst politidistrikt på pressekonferansen. 

Cyanidbehaldar funnen i Audi

Begge dei to mennene vil bli avhøyrde i løpet av helga.opplyste politiadvokat Camilla Granstrøm på pressekonferansen. 

Cyanidbehaldaren blei funnen rundt klokka 19.50 fredag kveld i Audien mennene hadde kjørt.  Der fann dei ein fraktseddel til Universitetet i Oslo, der det kom fram at  innhaldet i behaldaren  skulle brukast i stamcellegenetikk ved UiO. Dermed blei beredskapsgruppa til Oslo politidistrikt kopla inn. I bilen fann dei også andre medikament, opplyste politiet under pressekonferansen.  

Det var måndag 25. februar det først  blei kjent at ein cyanidbehaldar i ein varebil som blei stolen frå Lørenskog stasjon onsdagen før,, var tinga av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på Universitetet i Oslo. Det stadfesta dekan Morten Dæhlen overfor Uniforum den 25. februar. 

 • Les meir i Uniforum: Stolen varebil hadde cyanidbehaldar som skulle til UiO

Cyanid, som er svært giftig, vert mellom anna brukt i  celleforsking. - Cyaniden skulle brukast i grunnforsking på celler, fortalde Morten Dæhlen til Uniforum. Og det var ikkje noko stort kvantum. - Det var den absolutt minimale mengda av cyanid som det er mogleg å tinga, sa han.

Ei pakning på 25 gram kaliumcyanid

Seinare måndag  kveld melde NRK at det var ein behaldar med 25 gram kaliumcyanid som var tinga av UiO som var i den stolne varebilen. 

– Me kan stadfesta at det er snakk om ei pakning med 25 gram, skriv Renée Tunold i  ei pressemelding. Ho er regionsjef i Norden for det tyske farmasiselskapet Merck, som i 2014 kjøpte Sigma-Aldrich, som Universitetet i Oslo har tinga stoffet frå. No lovar selskapet at dei vil hjelpa til med å få saka oppklart så raskt som mogleg. I media går selskapet også ut med eit bilete av øskja og håpar at det kan føra til tips om saka, skriv Tunold i  ei pressemelding.

- Denne saka tar me  svært alvorleg. Me samarbeider derfor tett med politiet som er ansvarleg for etterforskinga, seier regionsjef Reen Tunold i Merck i pressemeldinga.  Der går det også fram at selskapet oppfordrar alle som har opplysningar som kan vera interessante for etterforskinga om å kontakta politiet snarast.

Åtvara folk mot å nærma seg varebilen

Det var ein kvit varebil av merket Mercedes Sprinter 2018-modell med registreringsnummer CV 88344,  som blei stolen frå Lørenskog stasjon for ti dagar sidan. 

Ettter at  Politiet Øst  gjekk ut og fortalde at varebilen inneheld kaliumcyanid, åtvara dei  folk mot å nærma seg varebilen. Cyanid er eitt av dei giftigaste stoffa som finst. Forutan ein behaldar med cyanid, inneheldt varebilen  truleg også anna medikament til norske sjukehus. 

No er altså to polske menn arresterte av Politiet Øst mistenkte for å stå bak tjuveriet av varebilen frå Lørenskog stasjon.  Klokka 15.00 vil politiet altså ha ein pressekonferanse der dei vil fortelja meir om arrestasjonen av dei to og om korleis dei fann ut at dei to mennene stod bak dette tjuveriet. 

(Oppdatert klokka 15:40) 

 

Emneord: kriminalitet, beredskap Av Martin Toft
Publisert 2. mars 2019 14:36 - Sist endra 2. mars 2019 15:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere