Kunstnarar viser korleis havet og menneska alltid har skapt historie

Havet er historie heiter utstillinga der ti kunstnarar viser korleis folk har flytta på seg frå land til land og frå kontinent til kontinent gjennom heile historia til menneskeslekta.

REISA OVER HAVET: John Akomfrah frå Storbritannia og Ghana har laga ein timelang film om migrasjon og forflytting av religion og menneske. 

Foto: Ola Sæther

Migrasjon og forflytting. Det er den raude tråden i installasjonane som ti kunstnarar frå fire kontinent stiller ut i Historisk museum. Torsdag 7. mars vart utstillinga opna.

 – Utstillinga handlar om kulturhistorier. Og sidan kulturhistorie i stor grad byggjer på teoriane til karibiske tenkjarar som Stuart Hall og Édouard  Glissant, tenkte eg at utstillinga ville passa godt inn i ei utstilling i regi av Kulturhistorisk museum, fortel Selene Wendt frå The Global Art Project. Ho er kurator for utstillinga.

Den er sett saman av fleire stadspesifikke verk, installasjonar  film, arbeid på papir, ei veggteikning laga av perler og ein installasjon laga av sukker. Namnet på utstillinga “Havet er historie” byggjer på eit dikt av nobelprisvinnaren i litteratur, Derek Walcott, som sjølv kom frå Saint Lucia i Karibia.

Forflytting av religion og menneske

Selene Wendt tar oss først med til visinga av ein timelang film utan annan lyd enn song.

 – Den er laga av John Akomfrah frå Ghana. – Den handlar om migrasjon og forflytting som fylgje av religøs forfylging. Den kjem inn på utryddinga av dei sefardiske jødane i Bahia-regionen i Brasil og forflyttinga vidare til Barbados i Karibia. Filmen vekslar heile tida mellom Afrika, Amerika , Asia og Europa. Det siste biletet er frå Mosul i Irak. På denne måten viser kunstnaren John Akomfrah korleis historier er knytte til kvarande. Samtidig får alle eit pusterom gjennom songen , seier Selene Wendt.

Det karibiske rommet

Inne på eit anna utstillingsrom er det eit kunstverk med masse hovud. Det har tittelen “Nye høgder. Hovud i havet “og er laga av Christopher Cozier frå Trinidad. – Det handlar om mennesket i rørsle og om havet i rørsle. Han tar opp dei store orkanane som sveipar over Karibia og korleis mennesket viser den store overlevingsevna si. Han er opptatt av det  karibiske rommet, som både er ein stad og ein tanke og alltid er der folket er, fortel ho.

MENNESKET I KAMP MOT NATURKREFTENE: Kunstnaren Christopher Cozier frå Trinidad viser gjennom kunsten sin korleis menneska i Karibia har overlevd og komne tilbake etter kampen mot orkanar og andre naturkrefter. Installasjonen heiter "Nye høgder. Hovud i havet." (Foto Ola Sæther)

Ein båt av perler

Inngangen til utstillinga er dekorert med perler. Perlene dannar eit skip på ei elv. – Den britiske kunstnaren Hew Locke har tatt utgangspunkt i gresk mytologi og elva Akheron, sorgas elv, som alle dei døde må kryssa.  Båten er i dette verket blitt eit krigsskip. Eit skip kan både representera ein fare og eit håp om fridom. Så dette er eit spel mellom notid og fortid, forklarar Selene Wendt.

FARE OG HÅP: Den britiske kunstnaren Hew Locke viser korleis båten kan symbolisera både fare og håp. I dette verket er båten blitt eit krigsskip, fortel Selene Wendt som er kurator for utstillinga "Havet er historie" i Historisk museum. (Foto: Ola Sæther)

Laga kunst om politivald

Også kunstnaren Maria Magdalena Campos-Pons frå Cuba og USA er representert på utstillinga.

– All kunsten hennar handlar om hennar personlege reise med livet delt mellom Cuba og USA og med forfedre frå Nigeria. Temaet hennar er det me kallar for dobbelt rotfeste, seier Selene Wendt. Allereie i 2001 hadde ho verket “Windows of Opportunity utstilt i Henie-Onstad kunstsenter. – Det var eit arbeid som handla om politivald,  men også om migrasjon på eit tidspunkt  då dette ikkje blei snakka så mykje om, peikar Selene Wendt på.

Utstillinga “Havet er historie"er historie” opna torsdag 7. mars og skal verta ståande fram til 18. august.

Desse kunstnarane deltar på utstillinga Havet er historie:

John Akomfrah, Storbritannia/Ghana, Maria Magdalena Campos-Pons, USA/Cuba,  Andrea Chung, USA, Christopher Cozier, Trinidad, Manthia Diawara, Mali, Isaac Julien,Storbritannia, Naiza Khan, Pakistan, Hew Locke, Storbritannia,  Nyugen E. Smith,USA og Cosmo Whyte, Jamaica.

Utstillinga er laga av Selene Wendt og den vil stå fram til 18. august.

(Kjelder: Selene Wendt, Kulturhistorisk museum og Wikipedia)

 

 

 

Emneord: Kulturhistorisk museum, Kunst, Utstillinger, Antropologi Av Martin Toft
Publisert 8. mars 2019 11:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere