UiO på bronseplass i Norden over dei mest synlege universiteta på nett

Universitetet i Oslo er på tredjeplass i Norden og på 18.-plass i Europa på rangeringa over universiteta som er mest synlege på internett. Det er ein liten tilbakegang samanlikna med førre måling. Det uroar ikkje UiO-rektoren.

BRONSEPLASS I NORDEN: UiO kjem på bronseplass i Norden over dei mest synlege universiteta på nett. I Europa endar UiO som nummer 18.

Foto: Ola Sæther

Universitetet i Oslo er best i Noreg, nummer tre i Norden og nummer 18 i Europa på Webometrics´ rangering over dei universiteta i verda som er mest synlege på nett. Det syner januarmåinga til Webometrics. Byrået er nært knytt til det spanske forskingsrådet.

Nummer 95 i verda

På verdsrangeringa hamnar UiO på plass nummer 95, ti plassar lenger nede enn i målinga frå  juli i fjor. I Europa har UiO gått ned frå nummer 16 til nummer 18.

Det er University of Oxford som er på topp i Europa, tett fylgt av nabouniversitetet i Cambridge og University College London og University of Edinburgh. På femteplass kjem ETH Zürich frå Sveits.

 • Les også i Uniforum:   UiO er det mest synlege universitetet på nett i Noreg

Fakta om Webometrics:

Webometrics blei starta opp i 2004, etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.

Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).

I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.

Vekting av indikatorar:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 5 prosent.

Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 10 prosent.

Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 35 prosent.

(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

Best I Noreg:

  1. Universitetet i Oslo
  2. Universitetet I Bergen
  3. NTNU
  4. Universitetet i Tromsø
  5. Universitetet I Agder
  6. Universitetet I Stavanger
  7. OsloMet

Best i Europa:

  1. University of Oxford
  2. University of Cambridge
  3. University College London

     

  4. University of Edinburgh
  5. ETH Zürich/Swiss Federal Institute of Technology I Zürich

Best i verda:

1. Harvard University

2. Stanford University

3. Massachusetts Institute of Technology

 

Københavns Universitet på topp i Norden

Best i Norden er Københavns Universitet med Helsingfors universitet og Universitetet i Oslo på dei to andre pallplassane. Det svenske universitetet som gjer det best på denne rangeringa, er Uppsala universitet som hamnar som nummer 21. Spesielt interessant er det å leggja merke til at me finn Karolinska Institutet med tidlegare UiO-rektor Ole Petter Ottersen ved rektorroret, først nede på 47.-plass på lista over dei mest synlege universiteta på nett i Europa.

NTNU og UiB langt bak UiO

Dei to norske universiteta NTNU og Universitetet i Bergen plasserer seg på denne rangeringa som høvesvis nummer 64 og 65 i Europa og som nummer 208 og 209 i verda. 

Universitetet i Tromsø er nummer 201 i Europa, medan Universitetet i Agder og Universitetet i Stavanger endar opp som nummer 419 og 458.  Det andre universitetet i Noregs hovudstad, OsloMet plasserer seg som nummer 560 mellom Europas mest synlege universitet. 

 

– Mest nyttig å fylgja med over tid

UiO-rektor Svein Stølen ser at målingane svingar og har metodiske utfordringar.  

– Me  ser at det svingar i disse målingane og rangeringane og meiner det er mest nyttig å fylgja med på dette over tid. Rangeringar generelt har metodiske utfordringar og dette blir ekstra sårbart når ein  plukkar ut éi rangering på eitt tidspunkt. Over tid ser me at UiO gjer det godt på internasjonale rangeringar og me er ikkje så uroa  for svingingar frå år til år.

– Kvifor gjer UiO det så mykje betre enn dei andre norske  universiteta?

– Det er det vanskeleg å setja fingeren på, og det er også usikkert om denne rangeringa viser at me gjer det så mykje betre enn dei andre. Nokre av det denne rangeringa viser er storleik og det å vera til stades digitalt, men også til siteringar. Eg  vil råda til å ikkje leggja for mykje vekt på svingingar på rangeringar og denne rangeringa som seier noko om det å vera til stades digitalt,  bør ikkje nyttast til noko meir enn det den er meint å måla, nemleg  institusjonane sin digitale «tilstedeværelse», seier UiO-rektor Svein Stølen til Uniforum.

Harvard best i verda

I verdstoppen ligg ikkje heilt uventa også på denne rangeringa dei amerikanske universiteta Harvard University, Stanford University og Massachusetts Institute of Technology (MiT). Oxford University er best i Europa og på fjerdeplass på verdsrangeringa.

Kina tar storeslem i Asia

Samtidig er det ein tydeleg tendens også på denne lista at universiteta i Kina klatrar raskt opp mot toppen. Kinas mest synlege universitet på nettet er ifylgje Webometrics Tsinghua University som er på topp i Asia og nummer 42 i verda. På andreplass kjem University of Hong Kong, medan Peking University tar tredjeplassen.

Brasil og Mexico på topp i Latin-Amerika

I Latin-Amerika er det universiteta i Brasil og Mexico som gjer det best. Der er det Universitetet i Sao Paolo som skårar høgast og endar opp som nummer 79 i verda. Nasjonaluniversitetet i Mexico (UNAM) er på andreplass.

Sør-Afrika dominerer i Afrika

I Afrika er det dei sørafrikanske universiteta som dominerer. Dei tar dei fem øvste plassane, med University of Cape Town på topp. Det gir dei ei plassering som nummer 272 i verda. Det første universitetet frå eit anna afrikansk land som markerer seg på denne rangeringa, er Cairo University i Egypt, som får sjetteplassen. Det sistnemnde universitetet er også med på rangeringa over universitet i den arabiske verda. Der kjem Cairo University på fjerdeplass, medan King Saud University i Saudi-Arabia tar den øvste plassen.

27 000 utdanningsinstitusjonar er gjennomgått

Webometrics opplyser at dei har gått gjennom over 27 000 høgare utdanningsinstitusjonar over heile verda. Alle forskingsdata blei samla inn den første veka i januar i år. Dei peikar på at dersom ein institusjon skårar mindre enn det den hadde rekna med på grunnlag av den akademiske prestisjen den har, bør universitetsleiinga gå gjennom weben sin på nytt og sjå på i kor stor grad den har open tilgang og ein gjennomsiktig politikk, noko som kan auka både mengda og kvaliteten på dei elektroniske publikasjonane til institusjonen, skriv statistikkbyrået.

Metodologien bak målinga

Webometrics er altså ein del av det spanske forskingsrådet, og det måler i hovudsak kor synleg og tilgjengeleg eit universitet er på nett. Då handlar det både om nettsider, forskingsartiklar og anna materiell som universiteta gir ut.

Kor synleg ein institusjon er på nett utgjer 50 prosent av det endelege resultatet. Det som tel nest mest er kor mange vitskaplege artiklar institusjonen har mellom dei 10 prosent mest siterte forskingsartiklane i 26 ulike fag i perioden 2012–2016. Det utgjer 35 prosent av den samla poengsummen. Talet på siteringar frå dei beste forskarane tilgjengelege på nett, utgjer 10 prosent, medan det samla talet på nettsider med felles nettadresse bidrar med 5 prosent av den samla karakteren institusjonen får på målinga til Webometrics.

Dette er Webometrics-rangeringa frå januar 2019:

Europa

Asia

Latin-Amerika

Nord-Amerika

Afrika

(Oppdatert klokka 16.12 med kommentar frå UiO-rektor Svein Stølen)

 

 

 

Emneord: Rangeringer. Internasjonalisering, Norden Av Martin Toft
Publisert 7. feb. 2019 14:31 - Sist endra 7. feb. 2019 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere