Stolen varebil hadde cyanidbehaldar som skulle til UiO

Varebilen som ble stolen frå Lørenskog stasjon i på onsdag, inneheldt ein behaldar med cyanid som skulle til Universitetet i Oslo. Det stadfestar MN-dekan Morten Dæhlen.

STADFESTAR: Dekan Morten Dæhlen ved MN-fakultetet stadfestar  overfor Uniforum at cyanidbehaldaren i den stolne varebilen skulle til fakultetet.

Foto: Ola Sæther

Dekan Morten Dæhlen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO, stadfestar i dag overfor Uniforum  at dei hadde tinga cyanid i førre veke.  Cyanid, som er svært giftig, vert mellom anna brukt i  celleforsking. - Cyaniden skulle brukast i grunnforsking på celler, fortel Morten Dæhlen til Uniforum. Og det var ikkje noko stort kvantum. - Det var den absolutt minimal mengda av cyanid som det er mogleg å tinga, seier han.

Det var på onsdag kveld ein kvit varebil av merket Mercedes Sprinter 2018-modell med registreringsnummer CV 88344, ble stolen frå Lørenskog stasjon. Politiet Øst åtvarar  folk mot å nærma seg varebilen. Cyanid er eitt av dei giftigaste stoffa som finst. Forutan en behaldar med cyanid, inneheldt varebilen medikament til norske sjukehus. 

Det var før helga dekan Morten Dæhlen fekk beskjed frå politiet at cyaniden som skulle til UiO var i den stolne varebilen. – Men det var først i dag me fekk lov til å gå ut med desse opplysningane, fortel han.

– Kva firma er det de brukar til slik transport når det kan setja ifrå seg ein varebil med slike varer ulåst på Lørenskog stasjon?

– Det kan ikkje eg svara på. Det er politiets oppgåve å finna ut kva som har skjedd, seier Morten Dæhlen, som er dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO.   

Sundag ettermiddag uttalte innkjøpsdirektør Bente Hayes i Sykehusinnkjøp seg ganske bastant til NRK.  Legemidddel skal oppbevarast i bilar som kan sikra stabil temperatur, og ho sette spørjeteikn ved at legemiddel blei frakta i ein Mercedes Sprinter. 

– Det høyrest helit merkeleg ut å levera denne typen varer i ein Sprinter. Transportørar av legemiddel kjører vanlegvis med termobilar som toler både varme og kulde. Så her må det vera ein leverandør som har eit problem med leveransen sin, seier ho til NRK.

Emneord: kriminalitet, Politi, beredskap, Realfag Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2019 15:43 - Sist endra 26. feb. 2019 09:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere