25 gram cyanid skulle til UiO

Det var 25 gram cyanid som skulle til UiO i varebilen som blei meldt stolen frå Lørenskog stasjon onsdag i førre veke.  Det er nok til å ta livet av 125 menneske.

PÅ VEG TIL UiO: Denne behaldaren med det svært giftige stoffet kalsiumcyanid var på veg til UiO, då varebilen det blei frakta i, blei stolen på Lørenskog stasjon.

Foto: Merck

Det var i går ettermiddag det blei kjent at ein cyanidbehaldar i ein varebil som blei stolen frå Lørenskog stasjon i førre veke, var tinga av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på Universitetet i Oslo. Det stadfesta dekan Morten Dæhlen overfor Uniforum i går. 

 • Les meir i Uniforum: Stolen varebil hadde cyanidbehaldar som skulle til UiO

Cyanid, som er svært giftig, vert mellom anna brukt i  celleforsking. - Cyaniden skulle brukast i grunnforsking på celler, fortalde Morten Dæhlen til Uniforum. Og det var ikkje noko stort kvantum. - Det var den absolutt minimal mengda av cyanid som det er mogleg å tinga, sa han.

Ei pakning på 25 gram kaliumcyanid

I går kveld melde NRK at det var ein behaldar med 25 gram kaliumcyanid som var tinga av UiO som var i den stolne varebilen. 

– Me kan stadfesta at det er snakk om ei pakning med 25 gram, skriv Renée Tunold i  ei pressemelding. Ho er regionsjef i Norden for det tyske farmasiselskapet Merck, som i 2014 kjøpte Sigma-Aldrich, som Universitetet i Oslo har tinga stoffet frå. No lovar selskapet at dei vil hjelpa til med å få saka oppklart så raskt som mogleg. I media går selskapet også ut med eit bilete av øskja og håpar at det kan føra til tips om saka, skriv Tunold i  ei pressemelding.

- Denne saka tar me  svært alvorleg. Me samarbeider derfor tett med politiet som er ansvarleg for etterforskinga, seier regionsjef Reen Tunold i Merck i pressemeldinga.  Der går det også fram at selskapet oppfordrar alle som har opplysningar som kan vera interessante for etterforskinga om å kontakta politiet snarast.

Åtvarar folk mot å nærma seg varebilen

Det var på onsdag kveld ein kvit varebil av merket Mercedes Sprinter 2018-modell med registreringsnummer CV 88344, ble stolen frå Lørenskog stasjon. Politiet Øst åtvarar folk mot å nærma seg varebilen. Cyanid er eitt av dei giftigaste stoffa som finst. Forutan en behaldar med cyanid, inneheldt varebilen medikament til norske sjukehus. 

Det var før helga dekan Morten Dæhlen fekk beskjed frå politiet at cyaniden som skulle til UiO var i den stolne varebilen. – Men det var først i dag me fekk lov til å gå ut med desse opplysningane, fortalde han til Uniforum på måndag.

– Kva firma er det de brukar til slik transport når det kan setja ifrå seg ein varebil med slike varer ulåst på Lørenskog stasjon?

– Det kan ikkje eg svara på. Det er politiets oppgåve å finna ut kva som har skjedd, seier Morten Dæhlen, som er dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet på UiO.   

– Høyrest merkeleg ut

Sundag ettermiddag uttalte innkjøpsdirektør Bente Hayes i Sykehusinnkjøp seg ganske bastant til NRK.  Legemidddel skal oppbevarast i bilar som kan sikra stabil temperatur, og ho sette spørjeteikn ved at legemiddel blei frakta i ein Mercedes Sprinter. 

– Det høyrest heilt merkeleg ut å levera denne typen varer i ein Sprinter. Transportørar av legemiddel kjører vanlegvis med termobilar som toler både varme og kulde. Så her må det vera ein leverandør som har eit problem med leveransen sin, sa ho til NRK.

Emneord: kriminalitet, beredskap, realfag Av Martin Toft
Publisert 26. feb. 2019 10:25 - Sist endra 26. feb. 2019 11:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere