UiO-professor fekk prestisjetung pris for bok om pavetida i Avignon

UiO-professor i idéhistorie Unn Falkeid har fått den amerikanske prisen «Helen and Howard R. Marraro Prize» for ei bok om den litterære krigen i pavesetet Avignon i mellomalderen.

GODE KRITIKKAR: – Boka har fått svært gode kritikkar. Det viser at denne fagboka også når ut til vanlege folk, seier professor i idéhistorie Unn Falkeid som har fått ein amerikansk pris for boka si om den litterære krigen i pavesetet Avignon i mellomalderen.

Foto: Ola Sæther

Det er boka The Avignon Papacy Contested. An Intellectual History from Dante to Catherine of Siena, som har gitt Unn Falkeid stor merksemd i fagmiljøet i italiensk historie. Boka blei gitt ut på Harvard University Press i 2017, og er altså blitt heidra med « Helen and Howard R. Marraro Prize» for 2018.

Prisen blir gitt til den beste boka om italiensk historie, italiensk kulturhistorie eller om italiensk-amerikanske kulturelle forhold. Grunnleggjaren av prisen var sjølv historikar og ekspert på italiensk kultur. Det er den amerikanske historikarforeininga (American Historical Association) som deler ut prisen som er på rundt 1000 dollar, altså rundt 9000 norske kroner.

– Ei stor ære

 – Det er fleire tungvektarar av forskarar innanfor fagfeltet mitt som har fått den før, og mange av dei har vore viktige førebilete for meg. Derfor er det ei stor ære å koma i slikt godt selskap, seier Unn Falkeid, som sidan 2016 har arbeidt som professor i idéhistorie ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk ved Universitetet i Oslo.

– Eit nålauge

For henne er det også viktig at boka er gitt ut på Harvard University Press.

– Det er eit nålauge å koma gjennom og få publisert ei bok på det forlaget, understrekar ho. Falkeid trekkjer fram at forlaget subsidierer utgjevingane slik at denne boka ikkje er dyrare enn ein vanleg roman i motsetning til dei fleste andre vitskaplege publikasjonar.

– Eit avgjerande vendepunkt

Boka handlar om pavetida i Avignon (1309- 1397).

 – Denne tida representerte eit avgjerdande vendepunkt i den tidlege, moderne politiske historia, og den var ein viktig opptakt til uroa under reformasjonen. I løpet av dei sju tiåra som paven og kurien hans heldt til i Sør-Frankrike, gjekk kyrkja gjennom ein formidabel sentraliseringsprosess. Kyrkjebyråkratiet este ut, makta blei sentralisert rundt paven, som på si side hevda sin suverenitet over dei verdslege herskarane. Byen utvikla seg til å bli eit kosmopolitisk senter som trekte til seg leiande intellektuelle, handelsfolk og kunstnarar frå heile kontinentet. Den sekulære makta til paven møtte kraftig motstand. Ei legitimitetskrise var under oppsegling, og snart braut det ut ein litterær krig mellom Europas intellektuelle, fortel Unn Falkeid.

Fylgjer seks aktørar i den litterære krigen

I boka fylgjer ho dei seks viktigaste aktørane i denne litterære krigen: Dante Marsilius av Padova, William av Ockham, Petrarca, Birgitta av Sverige og Katarina av Siena.

Falkeid utforskar korleis dei dreiv debatten i nye og uventa retningar. Ho er særleg begeistra for Birgitta av Sverige og Katarina av Siena.

– Dei blei førebilete for andre kvinner i kyrkja i fleire hundreår etterpå. Dette hende i ei tid då kvinner ikkje hadde høve til å tala offentleg. Derfor er det ei gåte at dei fekk det til, fortel Unn Falkeid til Uniforum.

– Gode kritikkar

No leier ho eit forskingsprosjekt om Birgitta av Sverige og hennar intellektuelle arv i Italia. Det er finansiert av Noregs forskingsråd.  

Unn Falkeid er glad for prisen, men ho er minst like glad for at boka er blitt lagt merke til i meir allmenne forum, som det viktige amerikanske kulturtidsskriftet The New Criterion.

– Boka har fått svært gode kritikkar. Det viser at denne fagboka også når ut til vanlege folk. Dessutan er det hyggeleg å vera ein av dei forskarane som set idéhistorie ved UiO på verdskartet. Me er eit dynamisk fagmiljø som klarer å konkurrera internasjonalt på eit høgt fagleg nivå, understrekar ho.

 

Emneord: Idehistorie, Priser, Middelalderen Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2019 04:00 - Sist endra 23. jan. 2019 15:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere