Jussprofessor Hans Petter Graver: – Høgsterett under okkupasjonen fylgde i spora til avgått Høgsterett

Den kommisariske høgsterett under krigen fylgde i spora til Høgsterett frå før okkupasjonen. Det slår jussprofessor Hans Petter Graver ved UiO fast i boka «Okkupasjonstidens Høyesterett».

STOR INTERESSE: Det var stor interesse både for boka Okkupasjonstidens Høyesterett og forfattaren Hans Petter Graver då boka blei lanseret i Juridisk fakultetsbibliotek denne månaden. 

Foto: Ola Sæther

Dommarane i den allminnelege høgsterett la ned verva sine vesle julaftan 1940. Dei blei skifta ut med dommarar som i hovudsak var medlemar i Nasjonal Samling. I boka Okkupasjontidens Høyesterett skriv jussprofessor Hans Petter Graver at dei var svært opptekne av å ha legitimitet. « At Høyesterett fortsatt var Høyesterett, var viktig for de nye dommernes selvbilde som dommere, og av hensyn til deres egen og regimets legitimitet. Dette var også sentralt for å få de underordnede domstolene til å respektere deres avgjørelser som retningsgivende»,skriv Hans Petter Graver i boka.

­Endra oppfatning

Over 70 personar kom då han nyleg anserte boka Okkupasjonstidens Høyesterett, Pax forlag i Juridisk fakultetsbibliotek tidlegare denne månaden. Hans Petter Graver fortalde sjølv korleis ideen om boka vart fødd.

– Eg skreiv først boka Dommernes krig. Gjennom den kom eg i kontakt med ein nederlandsk kollega som inviterte meg til å delta i eit prosjekt som handla om høgsterettsdommarar i land som var okkuperte av Tyskland under Den andre verdskrigen., sa han.

Etter å ha jobba med dette materialet ei tid, var det ein ting som slo han.

– Den oppfatninga eg hadde, blei endra etter å ha undersøkt kjeldene, tilstod Hans Petter Graver.

Under boklanseringa hadde han invitert historieprofessor Erling Sandmo frå Universitetet i Oslo og jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde frå Universitetet i Bergen til å presentera sine inntrykk av boka.

Historieprofessor Erling Sandmo har sjølv deltatt i skrivinga av verket «Høgsterett i historien».

– Tesen om at brotet mellom rettsstaten før og etter 23 desember 1940 ikkje var så dramatisk som me har trudd, synest eg er godt underbygt i boka til Hans Petter Graver, konstaterte han.

– Ei sårt tiltrengt bok

Jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde frå Universitetet i Bergen hadde også sett på innhaldet i boka og den hadde funne nåde for hans kritiske blikk.

– Dette er ei sårt tiltrengt bok som er med på å fylla eit hol i okkupasjonshistoria vår, slo han fast.

Illiberale demokrati

Han peika på at boka fortel om episodar som faktisk også skjer i europeiske land i dag.

– Okkupasjonsstidas justisminister Sverre Riisnæs sette ned aldersgrensa for høgsterettsdomarar slik at han kunne skifta dei ut. Det skjer også i dag både i Ungarn og i Polen. Desse hendingane i Europa gjer difor boka endå meir relevant når me ser på desse landa, og i Ungarn blir dette forklart med at dei går frå liberale til illiberale demokrati, poengterte Jørn Øyrehagen Sunde.

Han sakna likevel fleire nyansar i boka. Då viste han til tilfelle der dommarar som hadde fått landsvikdom for medlemskap i Nasjonal Samling, seinare kom tilbake og fekk dommarstillingar i norske domstolar.

­ Ingen stille motstand

Jørn Øyrehagen Sunde kritiserte også Graver for at han ikkje hadde tatt med noko om den stille motstanden mot okkupasjonsmakta i dei lågare rettsinstansane. På det punktet forsvarte Hans Petter Graver seg.

– Inntrykket mitt er at det ikkje var noko stille motstand mot okkupasjonsmakta i dei lågare rettsinstansane. Derimot har eg eit bestemt inntrykk av at det store fleirtalet av dommarane både i Noreg og utanfor Noreg var altfor lydige overfor dei autoritære styresmaktene, sa Hans Petter Graver.

 

 

 

Emneord: Juss, Jus, Historie Av Martin Toft
Publisert 21. jan. 2019 00:08 - Sist endra 21. jan. 2019 00:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere