UiO vedtok ei prøveordning med merittering av undervisarar

Det skal lønna seg å undervisa ved Universitetet i Oslo. Difor vil UiO gi  både individuelle lønnstillegg til meritterte undervisarar og kollektive gode til fagmiljø som satsar på god undervisning.

MERITTERING:  Teologidekan Aud Tønnessen har leidd arbeidsgruppa som no har lagt fram ei hovudtilråding til UiO om korleis universitetet skal gå fram for å få til ei ordning med merittering av undervisarar. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det er ei arbeidsgruppe leidd av teologidekan Aud Tønnessen som har lagt fram fire hovudtilrådingar for meritteringa av undervisarar ved Universitetet i Oslo. 

Gruppa har arbeidd sidan i april i år, etter at universitetsstyret i februar slutta seg til eit framlegg om å oppnemna ei arbeidsgruppe som skulle sjå nærare på merittering av utdanningsfagleg kompetanse.

 • Les også i Uniforum: Nå starter arbeidet med undervisningsmerittering

Ynskjer fem meritterte første året

I rapporten argumenterer dei for at "grunnmuren til en langsiktig og fundert satsing på undervisningsmerittering bygges gjennom økt verdisetting av undervisningskvalifikasjoner i ordinære meritteringsordninger knyttet til tilsetting, opprykk, medarbeidersamtaler og lønnsforhandlinger." Dei peikar derfor på at ei eiga ordning for merittering, slik som mange andre universitet har, kan sjåast på som ei tilleggsordning eller ei spissordning

Når det gjeld framlegget om ei søknadsbasert tilleggsordning ynskjer universitetssleiinga å gjennomføra ein prøveperiode på tre år frå 2019 til 2021 med opptak av eit avgrensa tal, til dømes fem meritterte undervisarar i året, går det fram av saksdokumenta.

Fire tema i hovudtilrådinga til arbeidsgruppa

Hovudtilrådinga til arbeidsgruppa leidd av Aud Tønnessen er dei fylgjande fire punkta:

• Det bør gjøres endringer i UiOs regelverk for å styrke uttellingen av utdanningsfaglige kvalifikasjoner i ordinære vurderingsprosesser som tilsetting og opprykk. Forskning vil fortsatt være det fremste kriterium, men vi anbefaler at undervisning skilles ut som et eget punkt 2 for vurdering ved tilsetting og opprykk. Utdanningsfaglige kvalifikasjoner og utviklingsarbeid skal inngå som tema i medarbeidersamtaler og ligge til grunn for lønnsopprykk.

• UiO bør utvikle noen overordnede kriterier for prøving av utdanningsfaglige kvalifikasjoner på institusjonsnivå. Disse bør ligge nær kriterier som bygger på Scholarship of Teaching and Learning (SoTL) og danne grunnlag for utvikling av pedagogiske mapper.

• Det bør i tillegg utvikles tydeligere retningslinjer for vurdering av utdanningsfaglige kvalifikasjoner med spesifikasjoner knyttet til dokumentasjon og prøvingsformer.

UiO bør opprette en tilleggsordning for merittering av undervisning på institusjonelt nivå. Denne ordningen skal være søknadsbasert.

– UiO kan bli leiande i Noreg

Etter innleiinga til teologidekan Aud Tønnessen, trekte prorektor Gro Bjørnerud Mo fram at Universitetet i Oslo ville vera leiande i Noreg på merittering av undervisarar om universitetsstyret kunne stemma for tilrådingane frå arbeidsgruppa. 

VIL HA MERITTERTE UNDERVISARAR: – Berre nokre få kan bli meritterte om gongen, for då kan me heller sjå kor stor interesse det er. Eg fylgjer Anders Malthe-Sørensens innspel i Uniforum om at etter kvart må alle som er kvalifiserte bli meritterte,sa Anne Birgitte Rønning på møtet i universitetsstyret. (Foto: Ola Sæther)

Representant for dei vitskaplege tilsette, Anne Birgitte Rønning var glad for satsinga på undervisning:

– Utdanning er viktig. Og det er viktig med ei prøveordning i tre år. Berre nokre få kan bli meritterte om gongen, for då kan me heller sjå kor stor interesse det er. Eg fylgjer Anders Malthe-Sørensens innspel i Uniforum om at etter kvart må alle som er kvalifiserte bli meritterte, sa ho.

– Ikkje naturleg å søkja for alle

Olav Gjelsvik, som også er representant for dei vitskaplege tilsette, støtta også forslaget, sjølv om han hadde nokre ankepunkt.

– Eg trur at for svært mange av dei beste undervisarane, vil det ikkje falla naturleg å søkja om merittering som undervisarar. Det er også i dag mogleg å søkja om undervisningstermin. Det er no fullt høve til å leggja vekt på undervisning i lønnsforhandlingar. Det er ein krevjande meritteringsprosess, peika han på.

– Viktig arbeid for ei god sak

Idar Kreutzer, som er ekstern representant, hadde også sans for å innføra ei prøveordning med merittering av undervisarar:  

– Det er gjort eit viktig arbeid for ei god sak. Grunnmuren i forslaget støttar eg opp om. Eg er einig i at det skal vera tilleggsordning. Læring og evaluering er viktige element. Eg gir tilslutning til rektoratet for å prøva det ut. Så derfor støttar eg innstillinga, sa han. 

Han hadde likevel eit ekstra spørsmål på hjartet:

– Hovudprinsippet er at meritteringsordninga skal utviklast på institusjonsnivå. Er det sjanse for at det kan bli forskjellig prosedyre frå fakultet til fakultet? lurte han på.

Samrøystes vedtak

I hovudsak fekk tilrådingane full tilslutning frå universitetsstyret då saka blei handsama tysdag 4. desember.

Diskusjonen enda opp med fylgjande samrøystes vedtak etter at  rektor Svein Stølen og resten av rektoratet hadde kome med nokre mindre endringar.

Universitetsstyret sluttar seg til arbeidsgruppas fire hovudtilrådingar. Rektor blir gjeven fullmakt til

1. å gjera endringar i UiOs regelverk for å styrkja uttelingja av utdanningsfaglege kvalifikasjonar i vurderingsprosessar som tilsetjing og opprykk.

2. å utvikla kriterium for prøving av utdanningsfaglege kvalifikasjonar på institusjonsnivå.

3.å sikra at hovudprinsippa for vurdering  av utdanningsfaglege kvalifikasjonar blir utviklar på institusjonsnivå. Det blir utarbeidt retningslinjer på institusjonelt nivå som kan tilpassast lokale fagtradisjonar.

4.basert på innspel som kom på styremøtet, å fastsetja den konkrete utforminga av den søknadsbaserte prøveordninga. Det er vesentleg at denne ordninga verkar saman med punkta ein til tre. Rektoratet vil fylgja prøveordninga tett og sikra evaluering og læring.

Den offisielle protokollen blir ikkje vedtatt før i neste veke, så Uniforum tar atterhald om at det kan koma endringar i ordlyden i den endelege protokollen frå møtet.

Les saksdokumenta og rapporten til arbeidsgruppa leidd av teologidekan Aud Tønnessen.

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Undervisning, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2018 13:38 - Sist endra 5. des. 2018 16:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere