Al Gore: – Politisk vilje er nøkkelen for å gjera verda berekraftig

– Politisk vilje er det einaste som manglar for å gjera verda berekraftig. Men politisk vilje er ein fornybar ressurs. Det sa USAs tidlegare visepresident Al Gore i talen sin på Nobel Peace Forum i Universitetets aula i dag.

EIN FORNYBAR RESSURS: – Den politiske viljen til å innføra ein berekraftig politikk som kan redusera konsekvensane av klimaendringane, manglar. Politisk vilje er ein fornybar ressurs, understreka Al Gore i talen sin i Nobel Peace Forum i ettermiddag. 

Foto: Martin Toft

Al Gore fekk Nobels fredspris saman med FNs klimapanel i 2007 for innsatsen sin for å gjera verda merksam på menneskeskapte klimaendringar og å koma med løysingar på kva som kan gjerast for å stansa dei.

I dag var USAs tidlegare visepresident hovudtalar på arrangementet til Nobel Peace Forum i Universitetets aula. I talen han heldt, var det ingenting som tydde på at miljøengasjementet til Al Gore er blitt mindre på dei elleve åra som har gått sidan han fekk Nobels fredspris.

Han begynte med å seia seg lei for at USA saman med Russland, Saudi-Arabia og Kuwait for to dagar sidan hadde nekta å godkjenna den siste rapporten frå FNs klimapanel på FNs miljøkonferanse i Katowice i Polen.

– Same energimengd som frå 500 000 Hiroshima-bomber

Etter hans oppfatning er det framleis tankevekkjande kor mykje CO2 som framleis fyller atmosfæren og havet.

– Kvar dag slepp me som bur på jorda ut ei CO2-mengd som er like stor som den samla energien frå 500 000 Hiroshima-bomber. 110 millionar tonn med CO2 forsvinn ut i atmosfæren kvar andre time. Det vil ta minst tusen år, før det forsvinn. Det er klart at det påverkar det tynne laget rundt jorda som vernar oss. Mykje av CO2-forureininga blir oppslukt av havet. Resultatet blir at klimaet blir både varmare og fuktigare. Konsekvensen blir fleire orkanar, fleire flaumar, men også rekordvarme med fleire skogbrannar. Dette kan koma til å gå hardt ut over land både i Nord-Afrika, Midtausten,  Søaust-Asia og Mellom-Amerika. Mange stader vil det bli heilt umogleg å bu. 2018 er eitt av dei varmaste åra som er registrert, peika han på.

– Ein berekraftrevolusjon

USA tidlegare visepresident er likevel ganske optimistisk når det gjeld verdas framtid.

 – Jorda er midt inne i ein berekraftrevolusjon. Det er naudsynt å utvikla berekraftig landbruk og berekraftig industri. Solenergi, mobilappar og mobiltelefonar er utvikla. Investorar leier oss på vegen vidare. Berekraft er blitt ein del av strategien til selskapa. Eit døme på det er Den Norske Bank. Det er også eit smart økonomisk val. Så kva er det som det no står att å diskutera? Jau, det er politisk vilje, konstaterte han.

– Stor økonomisk og politisk makt

 Al Gore kom også inn på kva som er grunnen til at den politiske viljen manglar i mange land.

 – Selskapa som driv med fossil energi har stor økonomisk og politisk makt. Samtidig krev dei oppveksande generasjonane at me alle gjer noko for å skapa ei berekraftig verd. Og noko skjer. I California har delstatsforsamlinga vedtatt at det skal vera ein nullutsleppsstat på energiområdet innan 2045, sa Al Gore.

– Har alltid klart å finna nye løysingar

Likevel åtvara han forsamlinga i Universitetets aula mot å utsetja naudsynte endringar.

– Tida me har til å gjera noko med klimaendringane. er i ferd med å renna ut. Trass i det, er det framleis tid nok til å unngå dei verste konsekvensane av at klimaet endrar seg. Om de no er i ferd med å bli desperate når de ser alle dei klimautfordringane me står overfor, skal de vita ein ting: De må hugsa at gjennom historia har me alltid klart å finna nye løysingar på dei utfordringane me har hatt. I dag er folk flest klar over klimaendringane. No er det berre politisk vilje som manglar. Og den er fornybar, avslutta Al Gore til ståande applaus frå ein fullsett Aula.

Talen til Al Gore var utgangspunktet for ein panelsamtale mellom generalsekretær i FNs matvareprogram, Josè Graziano da Silva, direktør Katharine Hayhoe ved Climate Science Center ved Texas Tech University, Thina Saltvedt frå Nordea og Ricarda Winkelmann frå Potsdam Insitute for Climate Impact Research. Samtalen blei leidd av forskingsdirektør Bjørn Hallvard Samset ved Cicero – Senter for klimaforsking.

SAMTALE OM KLIMA:  Nobel Peace Forum blei runda av med ein panelsamtale mellom generalsekretær i FNs matvareprogram, Josè Graziano da Silva, direktør Katharine Hayhoe ved Climate Science Center på  Texas Tech University (lengst til venstre), Thina Saltvedt (i midten) frå Nordea og Ricarda Winkelmann (lengst til høgre) frå Potsdam Insitute for Climate Impact Research. Samtalen blei leidd av forskingsdirektør Bjørn Hallvard Samset (nr. 3 frå venstre) ved Cicero – Senter for klimaforsking. (Foto: Martin Toft)

Ein del av  Oslo Peace Days

Forumet blei avslutta med at NRKs Ole Torp gjorde eit intervju med Al Gore. Programmet kjem truleg på lufta i kveld.

Nobel Peace Forum var ein del av programmet for Oslo Peace Days som begynte med utdelinga av UiOs menneskerettspris til Nora Sveaass onsdag 5. desember. Dei held fram i morgon med opning av ei  fredsprisutstilling i Nobels fredssenter.

Bilettekst:

 

 

 

 

 

Emneord: Klima, Miljø, USA, FN Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2018 17:05 - Sist endra 11. des. 2018 17:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere