Folkehelsedirektør skryter av spisskompetansen til vald-og traumeforskingssenter

– Folkehelseinstituttet (FHI) har inga interesse av at spisskompetansen til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) skal smuldra opp og forsvinna. Tvert om. Det er viktig for FHI at samfunnet har slik kompetanse, anten den finst utanfor eller innanfor FHI, seier  direktør Camilla Stoltenberg til Uniforum.

BESTEMMER IKKJE: – Me har verken takka ja eller nei. Det er ikkje Folkehelseinstituttet (FHI) som bestemmer dette, men me vil gjera det beste ut av det uansett kva avgjerda vert. Det seier folkehelsedirektør Camilla Stoltenberg om forslaget frå embetsverket i Helse- og omsorgsdepartementet om å leggja NKVTS under Folkehelsa.

Foto: Jimmy Linus FHI

Uniforum har kontakta administrerande direktør Camilla Stoltenberg ved Folkehelseinstituttet  for å høyra korleis ho ser på at Helse- og omsorgsdepartementet har bede Folkehelseinstituttet om å vurdera å innlemma Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress. Ho viser først til at senteret og Folkehelseinstituttet har mykje til felles.

– Viss NKVTS skulle koma til oss, vil dei straks verta ein vesentleg del av Folkehelseinstituttet og setja eit klart preg på instituttet. Dei har høg kompetanse, stor kapasitet og eit viktig mandat, slår ho fast. 

 • Les også i Uniforum: Valdsforskarar vil heller til Norce enn til Folkehelsa

Har kompetanse som NKVTS ikkje har

Samtidig peikar ho på at Folkehelseinstituttet har kompetanse og kapasitet som NKVTS ikkje har i same grad eller som ikkje er ein del av mandatet til senteret.

– Det gjeld blant anna analyse av registerdata, gjennomføring av store og kompliserte befolkningsstudiar som MoBa (Den norske mor- og barnundersøkinga) og forvaltning av data og biobankar. Me har bygd opp forskingsadministrativ støtte som blir stadig viktigare når ein skal konkurrera om internasjonale forskingsmidlar i EU og andre stader, og me har styrkt arbeidet for å ivareta kravet til personvern (jmf. GDPR). Dette er oppgåver som krev spesifikk kompetanse som det kan vera lettare å rekruttera i ein større organisasjon.


– Kvifor takkar de ja til å vera vertsinstitusjon for NKVTS?
– Me har verken takka ja eller nei. Det er ikkje Folkehelseinstituttet (FHI) som bestemmer dette, men me vil gjera det beste ut av det uansett kva avgjerda vert. Viss avgjerda blir at NKVTS skal inn i FHI vil me arbeida hardt for at begge partar sine samfunnsoppdrag og fagfelt skal verta styrkte. Me  fekk eit oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet 26. mars 2018 om å gi tilbakemelding på konkrete spørsmål når det gjeld ny organisatorisk tilknyting for NKVTS.  

– Kva fordelar vil Folkehelseinstituttet få av det? 

– NKVTS sitt mandat er knytt spesifikt til vald og traumatisk stress, medan FHI har eit heilskapleg mandat for å skaffa kunnskap for helse, på tvers av sektorar. Me skal bidra til å verna mot helsetruslar, førebyggja sjukdom og skade, fremja gode liv og redusera sosial ulikskap. Kunnskap om vald og traumatisk stress er viktig for alt dette, og NKVTS sitt arbeid vil utfylla og gjensidig styrkja FHIs andre arbeid, svarar ho.  Camilla Stoltenberg trekkjer også fram at dei to institusjonane har fleire fagfelt som passar saman.

– NKVTS sin kompetanse omfattar også folkehelseperspektivet, førebygging, helsetenester og velferdstenester. FHI har blant anna sterke fagmiljø knytte til psykisk helse, rus, migrasjonshelse, sosial ulikskap  i helse, og beredskapsarbeid i Noreg og internasjonalt. Eit tett samspel mellom fagfolka i NKVTS og FHI om desse tema vil utan tvil vera ein styrkje for begge institusjonane, meiner Camilla Stoltenberg.

Bad helse- og omsorgsministeren svara om framtida til senteret

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Elise Bjørnebekk-Waagen har stilt eit spørsmål til helse- og omsorgsminister Bent Høie om lagnaden til Nasjonalt kompetansesenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) Ho vil gjerne vita om  statsråden kan gjera greie for prosessen, når vedtak om organisering skal gjerast og kva argument som vil bli førande for den endelege avgjerda.   Ho har fått lovnad om at helse- og omsorgsminister Bent Høie vil svara henne denne veka.  Elise Bjørnebekk-Waagen synest senteret utfører ei viktig oppgåve.

– Bakgrunnen for mitt engasjement er at NKVTS er ein viktig kunnskapsbank for arbeid mot vald og overgrep.  Deira arbeid er viktige bidrag inn i politikken og bidrar til å heva kvaliteten på den samla innsatsen vår mot vald og overgrep. Det er viktig at me tar avgjerder på bakgrunn av kunnskap, dette bidrar dei til, skriv Bjørnebekk-Waagen i ein epost til Uniforum.  Ho legg heller ikkje skjul på at ho forstår at dei tilsette ved senteret er litt i uvisse om kva som skal skje.

– Eg er uroa for den framtidige organiseringa til NKVTS. Eg meiner det er viktig at dei består som ei tydeleg stemme. Eg er kjent med at det ikkje er NKVTS sitt ynske å bli flytta til FHI (Folkehelseinstituttet/red.merk.), og meiner at uroa deira er legitim.  

– Kva vil du gjerne ha svar på frå statsråd Bent Høie?

– Eg meiner det er viktig å få på bordet kva som vil vera grunnlaget for avgjerda som skal takast av departementet. Det er på sin plass å spørja om det er fag eller økonomi statsråden vil leggja vekt på, seier Elise Bjørnebekk-Waagen.

Tre moglege eigarar

I svaret sitt stadfestar helse- og omsorgsminister Bent Høie at dei er i ferd med å finna nye eigarar til NKVTS:  – Dei moglege nye eigarar for NKVTS er OsloMet, UniResearch/NORCE AS og Folkehelseinstituttet (FHI), svarar Bent Høie.

Han kan enno ikkje svara på når avgjerda om flytting blir tatt, men han viser til at regjeringa vil granska ei vurdering av dei ulike alternativa.

– Basert på dette vil regjeringa i nær framtid koma med ei tilråding om kven som bør bli nye eigarar av NKVTS.  Det formelle eigarskiftet av sentra må gjerast av UniRand i samarbeid med ny eigar, går det fram av svaret til helse- og omsorgsministeren. 

– Vil ivareta forskingsmiljøet

Bent Høie lovar også å sikra det faglege innhaldet i det som senteret driv med uansett kven som blir framtidig eigar.

– Vidare er vald og traumatisk stress eit tverrfagleg fag- og forskingsmiljø. Det er derfor viktig at organiseringa ivaretar utviklinga av eit nasjonalt forskings- og utviklingsmiljø, og at fagleg autonomi vert  sikra når det gjeld forskingsaktiviteten og innretninga på denne, heiter det i svaret frå statsråd Bent Høie til stortingsrepresentant Elise Bjørnebekk-Waagen (A). 

Les heile spørsmålet og heile svaret her

 

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk, Helse Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2018 21:33 - Sist endret 26. nov. 2018 09:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere