Førespurnaden frå Senter for tverrfagleg kjønnsforsking om på nytt å få innføra ei ordning med vald leiing, blir handsama for opne dører i i møtet i universitetsstyret tysdag 23. oktober. Senteret har sidan 2015 hatt Anne Jorunn Berg som tilsett direktør for senteret. No går åremålet ut, og Anne Jorunn Berg går tilbake til den faste vitskaplege stillinga si ved Nord Universitet i Bodø, får Uniforum opplyst.
Styret for senteret ber derfor om å få gå tilbake til vald leiing frå 1. januar 2019. Då vil ein av dei fast vitskaplege tilsette bli vald som senterleiar. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe tilrår at Universitetsstyret vedtar forslaget.
Tilset kommunikasjonsdirektør og forskingsdirektør
Nesten to år etter at Marina Tofting gjekk av som kommunikasjonsdirektør ved UiO kan etterfylgjaren hennar bli klar. Kven det blir, kjem til å bli kjent i morgon etter at universitetsstyret formelt har vedtatt tilsetjinga. Vedkomande vil også verta leiar for den nyoppretta Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt. Universitetsstyret skal også bestemma kven som blir ny forskingsdirektør for Avdeling for forskingsadministrasjon. Begge desse sakene blir handsama bak stengde dører.
Ber om pengar til talentprogram
Den siste vedtakssaka som skal opp, er UiOs innspel til statsbudsjettet for 2020. Der gjentar UiO ynsket om å få ei løyving på 10 millionar kroner til utvikling av tilbod for dei mest talentfulle og motiverte studentane, altså ordninga med bachelor honours-program. UiO understrekar også kor viktig det er å få utvida bachelorgraden i spesielt vanskelege språk frå tre til fire år.
Universitetet i Oslo ber også om at det blir oppretta 15 nye rekrutteringsstillingar for å styrkja det tverrfaglege og sikra HumSam-perspektiv i livsvitskap i statsbudsjettet for 2020. I innspelet ber universitetet også om at den rettsvitskaplege forskinga blir styrkt. UiO viser til utkastet til eit tematisk forskingsprogram «Rettens transformasjoner» som universitetet har laga saman med Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø.
Skal sikra den unike verdsarven
Det høgast prioriterte byggeprosjektet ved UiO, Livsvitskapsbygget, er allereie godt inne på statsbudsjettet og fekk startløyving på statsbudsjettet for 2018. No er det derfor Vikingtidsmuseet på Bygdøy UiO-rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe går i forbønn for i innspelet til forslaget til statsbudsjett for 2020. For UiO er det viktig å understreka at det ikkje ser på eit nytt vikingtidsmuseum som eit byggjeprosjekt, men først og fremst eit prosjekt for å sikra den unike verdsarven, går det fram av innspelet som Universitetetsstyret blir bede om å vedta.
UiO skal ha 20 000 kvadratmeter i nytt sjukehus
Eit eige punkt i innspelet handlar om Oslo universitetssykehus sine planar om utbygging på Gaustad og på Aker. Der skal UiO ha rundt 20 000 kvadratmeter areal til utdanning og forsking i nybygga. Det vil føra til ein auke i dei årlege husleigekostnadane, går det fram av dokumentet. UiOs husleigekompensasjon skal handsamast i statsbudsjettet for 2020 saman med Helse Sør-Austs lånesøknad.
UiO-leiinga legg grunn at det blir kompensert for 75 prosent av leigekostnadane som vil koma i samband med nye universitetsareal som ein konsekvens av sjukehusutbygginga. I motsett fall vil ein lågare kompenasjon gå utover kvaliteten på kjerneoppgåvene og kunne vera skadelidande for utdanningskvaliteten, peikar UiO-leiinga på i budsjettinnspelet til Kunnskapsdepartementet. Det skal altså opp til formell handsaming i universitetsstyret i morgon, 23 oktober.
Heile møtet i universitetsstyret vert også strøymt på nettsidene til Uniforum.
Dette er saklista:
Møte nr. 7/2018 i universitetsstyret
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden
V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 6/2018
Saksdokumenter:
V-SAK 3 Direktør ved Avdeling for forskningsadministrasjon
Saksnr. 2018/11979
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25
V-SAK 4 Direktør ved Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt
Saksnr. 2018/5586
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25
Saker til behandling i åpent møte
Ordinære saker
V-SAK 5 Endring i rekrutteringsform/ledelsesform for senterleder (instituttleder SKO 1475) ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning (STK)
Saksnr. 2018/9822
Forslag til vedtak:
Etter anbefaling fra styret ved Senter for tverrfaglig kjønnsforskning (STK), vedtar Universitetsstyret at STK endrer sin ledelsesform fra ansatt ledelse til valgt ledelse med virkning fra 01.01.2019.
Saksdokumenter:
V-SAK 6 Virksomhetsrapport per 2. tertial 2018
Saksnr. 2018/9309
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret tar virksomhetsrapport per 2. tertial 2018 til etterretning.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 1 En helhetlig gjennomgang av UiOs fordelingsmodell
Saksnr. 2008/10646
Saksdokumenter:
O-SAK 2 Orientering om langtidsplan for forskning og høyere utdanning og forslag til statsbudsjett 2019
Saksnr. 2018/593
Saksdokumenter:
Ordinære saker
V-SAK 7 Budsjettinnspill 2020
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret slutter seg til universitetsdirektørens fremlagte prioriteringer til satsingsforslag utenfor rammen for 2020.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 3 Arne Bugge Amundsen, dekan på Det humanistiske fakultet orienterer fra dekanenes seminar om arbeidet med Strategi 2030
Ordinære saker
V-SAK 8 Instruks for UiOs personvernombud
Saksnr. 2018/11643
Forslag til vedtak:
Instruks for UiOs personvernombud vedtas i samsvar med forslaget som er fremlagt.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 4 Status bygg- og eiendomssaker
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 5 Evaluering av NCMM – Norsk senter for molekylærmedisin
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 6 Halvårsrapport 2018 – Enhet for internrevisjon
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 7 Årshjul for styresaker
Saksnr. 2014/2322
Saksdokumenter
O-SAK 8 Orienteringer fra universitetsdirektøren
Saksnr. 2008/3197
Saksdokumenter
Logg inn for å kommentere