HF-dekan Arne Bugge Amundsen fekk brei støtte i fakultetsstyret

– Eg føler at signal frå styremedlemar ikkje er blitt tatt til fylgje av fakultetsleiinga. Det sa styremedlem Gjertrud F.  Stenbrenden i fakultetsstyret på HF. Men ho blei ståande åleine med kritikken då arbeidsformene i styret og leiarstilen til dekanen blei diskutert i formiddag.

ÅLEINE MED KRITIKK: Fakultetsstyremedlem Gjertrud F. Stenbrenden vart heilt åleine med kritikken av leiarstilen til HF-dekan Arne Bugge Amundsen og arbeidsformene til fakultetsstyret ved HF då begge deler blei diskutert i formiddag.

Foto: Ola Sæther

Sist helg gjekk avgått prodekan Ellen Rees og fakultetstyremedlem Gjertrud F. Stenbrenden  i eit innlegg i Uniforum hardt ut mot leiarstilen til HF-dekan Arne Bugge Amundsen og prosedyrane i fakultetsstyret. Der skreiv dei mellom anna at «Vi har fått inntrykk av at dekanen ønsker å begrense kritiske stemmer i fakultetsstyret når et styremedlem har innvendinger mot en prosess.»

Innlegget blei fylgt opp med eit svar frå dekan Arne Bugge Amundsen og Eirik Welo, som overtok som prodekan etter Ellen Rees. Dei forsvarte både leiarstil og prosedyrane i styret, og meinte innlegget til dei to kritikarane var ein del av dekanvalkampen.  Dei slo tilbake:  «Påstanden om at det har vært lite åpenhet og demokrati i fakultetsstyret, er derimot noe vi som fakultetsledelse ikke kjenner oss igjen i», skreiv dei i svaret sitt.

    • Les i Uniforum: - En lederstil som ikke åpner for debatt

    • Les i Uniforum: Amundsen og  Welo svarer Stenbrenden og Rees om lederstil og fakultetsstyrearbeid

Tidlegare denne veka kunne Uniforum  melda at begge desse innlegga ville bli tema for ein diskusjon i fakultetsstyret i dag, fredag 26. oktober. Den fann stad i møterommet i 12 etasje i Niels Treschows hus.

Dekan Arne Bugge Amundsen grunngav først kvifor han ville ha debatten inn i fakultetsstyret:  – Eg vil ikkje feia denne kritikken under teppet. Sidan diskusjonen om dekanen sin arbeidsstil og leiarstil allereie har funne stad offentleg, er det viktig at også fakultetsstyret får diskutera dette. Eg synest det er leit at dei opplever det slik som dei omtalar det. Eg er ikkje einig i det, men eg er villig til å lytta og høyra for å læra, sa Arne Bugge Amundsen før han gav ordet fritt. 

– Glad for å diskutera det

Gjertrud F. Stenbrenden var naturleg nok den einaste av dei to hovudkritikarane som var på plass i fakultetsstyret, sidan Ellen Rees har gått av som prodekan. Stenbrenden, som representerer dei faste vitskaplege tilsette på HF, var nøgd med at fakultetsstyret også fekk høve til å diskutera dei punkta som ho og Ellen Rees hadde tatt opp i innlegget sitt.  

– Eg er glad for å få diskutera det. Kritikken vår ligg ikkje på styret, men på føringane som er blitt lagde på styrearbeidet. Me reknar med at fakultetsleiinga tar signala frå medlemar i fakultetsstyret på alvor. Ofte er det ingen alternative forslag, noko som var tilfellet under handsaminga av faglege prioriteringar III.  Eit døme på det, er at styret gav klare signal om at Ibsen-senteret måtte ha øyremerking i størst mogleg grad. Men dei signala føler eg ikkje blei tatt til fylgje i seinare dokument i saka, sa Gjertrud F. Stenbrenden.  

– Bra utført

Styrekollegaen hennar, Bjørn Ramberg, som også representerer dei faste vitskaplege, var ikkje einig i kritikken frå Strendmoen og Rees.  – Eg las dette med ei viss uro. Kritikken er først og fremst ei utfordring for styret. Det ligg ein implikasjon i dette at me som  styremedlemar ikkje har gjort den kritiske jobben vår skikkeleg nok vis á vis dekanatet,  var tolkinga hans av kritikken frå Rees og Stenbrenden. Men han var ikkje einig i synspunktet deira.  – Når det gjeld handsaminga av  faglege prioriteringar er det ein prosess og eit resultat som eg står godt inne for. Me prøvde å gjera det på ein annan måte, og det var godt gjennomtenkt. Og så langt ser det ut til å vera bra utført,  understreka han.

– Ei alvorleg skulding

Også ekstern representant Ingunn Moser meinte kritikken frå Rees og Stenbrenden var retta mot styret.  – Det er ei alvorleg skulding av oss som styre. Men det kan me ikkje gjera så mykje med. Kva er rolla vår som styre? Å vera overordna og ta prinsipielle diskusjonar og ha legitimitet. Styret må sikra at avgjerdene er legitime. Dei som er ueinige i ei sak, må fremja alternative forslag til vedtak, peika ho på.

STØTTA DEKANEN: Dei eksterne styrerepresentantane Svein Skarheim og Ingunn Moser støtta begge dekan Arne Bugge Amundsen og måten styrearbeidet er blitt gjennomført på, då både dekanen sin leiarstil og arbeidsformene i fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet blei diskutert i formiddag. (Foto: Ola Sæther)

– Rivnande likegyldig

Ekstern styrerepresentant Svein Skarheim  trekte fram tilliten til saksdokumenta. – Eg tar for gitt at dei styrepapira som eg får, er korrekte. Derfor er det meg rivnande likegyldig om dekanen er folkeleg eller arrogant, sa Skarheim. 

Trudde ikkje alle var nøgde med prosessen

Gjertrud F. Stenbrenden bad då om ordet igjen og viste til andre døme:

– Eg har aldri opplevd ein slik måte å leggja fram sakspapir på som er tilfellet her. Under behandlinga av søknader om fagleg prioritering, fekk først fagmiljøa melding om at utdanning og forsking skulle ha lik vekt, men kunne ha forskjellige tyngd.  Så fekk nokre miljø som hadde lagt mest vekt på utdanning, beskjed om at forsking skulle telja endå meir. Og så viste det seg at dei som til slutt gjekk til topps hadde mest om forsking og ikkje så mykje om utdanning og studium. Derfor trur eg ikkje alle er så nøgde med denne prosessen, og det har eg prøvd å formidla, sa Stenbrenden.  

– Rom for kritikk

Studentrepresentant Ken Rune Mikkelsen slutta seg også til støttespelarane til dekanen i fakultetsstyret.  – Innstillingane som styret får er både ferdiganalyserte og ryddige. Det syner at det er eit team som har gjort eit godt arbeid. Har det vore rom for kritikk i styret? Ja, absolutt. Og det får me også eit godt svar på under diskusjonen om Ibsen-senteret, meinte han. 

Etter ordskiftet  kom HF-dekan Arne Bugge Amundsen med denne konklusjonen.  – Det har vore ein nyttig diskusjon. Eg er lydhøyr, understreka han.

LYDHØYR: – Det har vore ein nyttig diskusjon. Eg er lydhøyr, sa HF-dekan Arne Bugge Amundsen etter at diskusjonen om leiarstilen hans og arbeidsformene i fakultetsstyret var avslutta. (Foto: Ola Sæther)

Dekanvalet startar sundag

Om Arne Bugge Amundsen held fram som dekan ved Det humanistiske fakultetet etter nyttår, blir avgjort i dekanvalet som begynner sundag 26. oktober og held på fram til og med torsdag 2. november. Valet står altså mellom sitjande dekan Arne Bugge Amundsen og Frode Helland, som er leiar for Ibsen-senteret.

  • Les også i Uniforum: Dekankandidatane på HF: - Økonomistyring blir viktig

 

 

 

 

 

Emneord: HF, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 26. okt. 2018 17:42 - Sist endra 26. okt. 2018 17:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere