Skal bestemma endeleg mandat for vitskapsomboda

No skal mandatet for vitskapsomboda ved UiO spikrast fast. Det skjer på møtet i Universitetsstyret onsdag 12. september.

REVIDERT MANDAT:  No skal universitetsstyret få eit revidert forslag til mandat for vitskapsomboda på plass. På junimøtet bad universitetsstyret rektor Svein Stølen og universitetsleiinga om å endra framlegget til mandat og koma tilbake til universitetsstyret med det. På biletet står Svein Stølen saman med styrerepresentantane Olav Gjelsvik og Idar Kreutzer.

Foto: Ola Sæther

Heile universitetsstyret skal møtast på styreseminar på Kleivstua hotell på Krokryggen i Hole kommune tysdag 11. september. Hovudtema blir å koma med innspel til Universitetet i Oslos nye strategi.  Dessutan skal dei ha eit tema som dei har kalla for refleksjon rundt oppdraget og arbeidsforma til styret.  Men den 12. september blir det også tid til ein to timar lang seanse med eit ordinært styremøte.  Då  er det først og fremst to vedtakssaker som er spesielt viktige.

For etter å ha gått litt fram og tilbake mellom møta i universitetsstyret skal mandatet for dei tre vitskapsomboda truleg vera heilt på plass denne veka. 

Drøftar Underdal-utvalets forslag

På møtet onsdag 11. september, er  dette ei av tre saker som går for opne dører på det ordinære styremøtet. Den andre saka som universitetsstyret skal ta stilling til, er UiOs framlegg til høyringssvar til Underdalutvalets forslag til nye stillingskategoriar i Universitetets- og høgskulesektoren. 

Den siste saka  går ut på å godkjenna forslaget på studentrepresentantar til «skikkethetsnemnda ved Universitetet i Oslo for eitt studieår framover. 

Bak stengde dører skal Universitetsstyret drøfta eit mogleg sal av eit dotterselskap av randsoneselskapet UniRand AS.

Vedtok vitskapsombod for tre år sidan

Det var heilt tilbake i 2015 Universitetetsstyret vedtok å oppretta to vitskapsombod ved UiO – eitt for mednat-faga  og eitt for humsam-området.

Stillingane blei lyste ut i 2017, men det blei aldri tilsett nokon i stillingane. Seinare er det blitt bestemt at det skal opprettast til saman tre vitskapsombod:  eitt for Klinmed, OUS og AHUS, eitt for dei attverande delane av mednat-området og OD og eitt for humsam-området. I juni i år var mandatet til vitskapsomboda oppe til  handsaming i universitetsstyret.  Etter tilbakemelding frå universitetsstyret har mandatet blitt endra av ei arbeidsgruppe sett ned av universitetsstyret.

       • Les også i Uniforum: UiO-styret sa nei til Stølens vitenskapsombud

       • Les også i Uniforum: Kristian Gundersen: – Vitenskapsombudet er sterkt svekket

       • Les også i Uniforum: Stølen: Håper å få på plass vitenskapsombudene i 2018

Kan ikkje vera partsrepresentant

I framlegget til mandat for vitskapsomboda er det tre ting som peikar seg ut. Dei som blir tilsette som vitskapsombod må vera fast tilsette ved UiO.  Vitskapsombodet skal utgjera  40 prosent av ei stilling, og den som blir tilsett, vil vera i jobben i  tre år.  Eit vitskapsombod kan heller ikkje vera partsrepresentant i forskingsetiske saker.  

Men det aller viktigaste som står i forslaget til mandat er truleg fylgjande setningar: «Vitenskapsombudet skal være en uavhengig instans og er ikke en del av ledelseslinjen ved UiO. Vitenskapsombudet skal ikke ha bindinger til enhetens ledere som svekker dens uavhengighet» Det går også fram av mandatet at det er vitskapsombodet som skal ta stilling til om ei sak skal handsamast av vitskapsombodet. Om ombodet bestemmer seg for ikkje å handsama ei sak, må det gjevast ei skrifteleg grunngjeving for det til den som har tatt kontakt med ombodet.  Avgjerda der er endeleg og kan ikkje klagast vidare, står det i framlegget til mandat.

Formålet med vitskapsombodet er å gi rettleiing og råd til vitskaplege tilsette som har hamna i ein forskingsetisk problematisk situasjon, går det fram av forslaget.

Støttar nye stillingskategoriar

Når det gjeld høyringsfråsegna om Underdalutvalets rapport om nye stillingskategoriar ved universitet og høgskular, ber universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe universitetsstyret om å stemma for forslaget til høyringssvar.

Av innstillinga går det fram at Universitetet i Oslo i hovudsak støttar framlegga frå Underdalutvalet. Det har føreslått ganske omfattande endringar i dagens stillingsstruktur.  Dei faglege stillingstypane er tenkt plasserte i tre kategoriar, med ein karrierestige for kvar av kategoriane.

Utvalet føreslår ein professor-stige, som er som i dag, men som blir utvida med eitt trinn, fakultetsprofessor. Det blir også føreslått ein forskar-lektor-stige, som skal innehalda forskarar, undervisarar og tilsette som både forskar og underviser. Den tredje kategorien som utvalet kjem med framlegg om å oppretta, er ein eigen fagstøtte-stige. Det er for fagtilsette i sektoren som støttar opp under forsking og undervisning.

   • Les også: Nasjonalt utvalg vil fase ut dosentløpet

Går imot trinnet fakultetsprofessor

I det føreslåtte høyringssvaret stiller Universitetet i Oslo seg positiv til nesten alle forslaga frå Underdalutvalet. Unntaket er forslaget om å utvida professor-stigen med eit ekstra trinn, fakultetsprofessor. I framlegget til høyringssvar går Universitetet i Oslo imot den ideen.  Med grunnlag i tilbakemeldingar frå fakulteta og diskusjon i dekanmøte vil UiO ikkje rå til at det blir oppretta eit nytt nivå eller trinn som fakultetsprofessor. 

I fylgje utkastet til høyringssvar vil UiO heller leggja til rette for å ta i bruk andre lønns- og personalpolitiske verkemiddel som karrierefremjande tiltak for professorgruppa, heiter det.

Oppnemner studentrepresentantar til «skikkethetsnemnda»

I den tredje ordinære vedtakssaka ber universitetsdirektøren om at Universitetsstyret oppnemner  Helge Leander B. Jensen og Sahana Sriskandarajah som studentrepresentantar til «skikkethetsnemnda ved Universitetet i Oslo for perioden 1. 7. 2018 til 30.6. 2019.

Denne gongen blir ikkje styremøtet strøymd over nettet, slik som er tradisjonen når møta i Universitetsstyret går føre seg i Professorboligen i sentrum. Det får Uniforum opplyst hos administrasjonen ved Universitetet i Oslo.

Les heile programmet til styreseminaret og saklista til møtet i Universitetsstyret:

Møte nr. 6/2017 i universitetsstyret

Tid og stad: Møte nr. 6/2017 i universitetsstyret 11. sep. 2018 10:00 - 12. sep. 2018 14:00, Kleivstua

Seminar for styrets medlemmer 11. - 12. september 2018


Ordinært styremøte 12. september 2018


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden


V-SAK 2 Godkjenning av protokoll fra møte nr. 5/2018

Saksdokumenter:


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 3 Høring - forslag fra utvalg om endring i stillingsstrukturen for faglige stillinger ved universiteter og høyskoler

Saksnr. 2018/6449

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret slutter seg til det framlagte forslaget til høringssvar med de innspill som kommer i møtet.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Organisering av forskningsetisk arbeid ved UiO - forslag om å endre vitenskapsombudenes mandat

Saksnr. 2014/11710

Forslag til vedtak:

Mandat for vitenskapsombud endres i samsvar med forslag fra universitetsledelsen og med de føringer som fremgår ovenfor.

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 5 Mulig salg av datterselskap i UniRand AS

Saksnr. 2008/5147-3

Saken er unntatt offentlighet etter offl § 23.


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


 

V-SAK 6 Oppnevning av studentrepresentanter til skikkethetsnemda ved Universitetet i Oslo

Saksnr. 2018/14503

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret oppnevner følgende studentrepresentanter til skikkethetsnemnda ved Universitetet i Oslo for perioden 1.7.2018 – 30.6.2019:

  • Helge Leander B. Jensen
  • Sahana Sriskandarajah

Saksdokumenter:


Orienteringssaker


O-SAK 1 Ekstern evaluering av internrevisjonen

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Årsrapport for LMU studieåret 2017/2018

Saksnr. 2018/7258

Saksdokumenter


O-SAK 3 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter


O-SAK 4 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 5 Eventuelt

 

Emneord: Universitetsstyret, Universitetspolitikk, Etikk, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 10. sep. 2018 15:21 - Sist endra 11. sep. 2018 09:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere