Mandatet for vitskapsomboda er endeleg i mål

Universitetsstyret vedtok  i dag eit revidert mandat for vitskapsomboda ved UiO. Dermed kan dei to stillingane snart  lysast ut internt.

VEDTOK MANDAT: Eit samrøystes universitetsstyre vedtok i dag eit endeleg mandat for dei to vitskapsomboda som skal tilsetjast ved Universitetet i Oslo. Møtet blei halde på Kleivstua hotell, like ved Sundvollen i Hole kommune.

Foto: Ola Sæther

Det var på det ordinære styremøtet i etterkant av eit halvannan dag langt styreseminar på Kleivstua ved Sundvollen,  universitetsstyret fekk det reviderte forslaget til mandat for vitskapsomboda på bordet. Ei viktig punkt som er med denne gongen er at det blir  understreka at vitskapsomboda skal vera uavhengige og heilt fråkopla universitetsleiinga.

I juni i år var også mandatet til vitskapsomboda oppe til  handsaming i universitetsstyret. Etter tilbakemelding frå universitetsstyret den gongen har mandatet blitt endra av ei arbeidsgruppe sett ned av universitetsstyret. Gruppa har vore sett saman av rektor Svein Stølen, styrerepresentant Olav Gjelsvik, styrerepresentant Marianne Midthus Østby og personaldirektør Irene Sandlie. Det var sistnemnde som presenterte det reviderte forslaget for universitetsstyret i formiddag.

Må vera fast tilsette ved UiO

I mandatet går det fram at dei to som skal fungera i rolla som vitskapsombod må vera fast tilsette ved UiO og rekrutterast ved ei intern kunngjering der Forskingsetisk utval fungerer som søkjarkomité og gir rådgjevande innstilling til sentralt tilsettingsutval.  Vitskapsomboda skal altså vera heilt uavhengige og heilt fråkopla universitetsleiinga.  Dette mandatet vil berre gjelda for dei to vitskapsomboda på Universitetet i Oslo. Vitskapsombodet som UiO har til felles med Klinmed, Oslo universitetssykehus og AHUS, har eit eige mandat.

På møtet kom også Olav Gjelsvik inn på spørsmålet om Forvaltningslovas paragrafar 9 og 13 ville passa inn for saker som vitskapsomboda ville få på sitt bord. Etter innspel frå ekstern styrerepresentant Idar Kreutzer, blei universitetsstyret  samrøystes einige om å vedta det reviderte mandatet, og ta ei evaluering av praksisen etter at det har fungert i eit halvt år.

Tre år gammalt forslag

Det var altså heilt tilbake i 2015 universitetsstyret vedtok å oppretta to vitskapsombod ved UiO – eitt for mednat-faga  og eitt for humsam-området.

Stillingane blei lyste ut i 2017, men det blei aldri tilsett nokon i stillingane. Seinare er det blitt bestemt at det skal opprettast til saman tre vitskapsombod:  eitt for Klinmed, OUS og AHUS, eitt for dei attverande delane av mednat-området og OD og eitt for humsam-området.       

 • Les også i Uniforum: UiO-styret sa nei til Stølens vitenskapsombud

 • Les også i Uniforum: Kristian Gundersen: – Vitenskapsombudet er sterkt svekket

 • Les også i Uniforum: Stølen: Håper å få på plass vitenskapsombudene i 2018

Kan ikkje vera partsrepresentant

I framlegget til mandat for vitskapsomboda er det tre ting som peikar seg ut. Dei som blir tilsette som vitskapsombod må vera fast tilsette ved UiO.  Vitskapsombodet skal utgjera 40 prosent av ei stilling, og den som blir tilsett, vil vera i jobben i  tre år.  Eit vitskapsombod kan heller ikkje vera partsrepresentant i forskingsetiske saker.  

Men det aller viktigaste som står i forslaget til mandat er truleg fylgjande setningar: «Vitenskapsombudet skal være en uavhengig instans og er ikke en del av ledelseslinjen ved UiO. Vitenskapsombudet skal ikke ha bindinger til enhetens ledere som svekker dens uavhengighet» Det går også fram av mandatet at det er vitskapsombodet som skal ta stilling til om ei sak skal handsamast av vitskapsombodet. Om ombodet bestemmer seg for ikkje å handsama ei sak, må det gjevast ei skrifteleg grunngjeving for det til den som har tatt kontakt med ombodet. Avgjerda der er endeleg og kan ikkje klagast vidare, står det i framlegget til mandat.

Formålet med vitskapsombodet er å gi rettleiing og råd til vitskaplege tilsette som har hamna i ein forskingsetisk problematisk situasjon, går det fram av  forslaget, som no altså er vedtatt.

Støttar nye stillingskategoriar

Universitetsstyret vedtok også å stemma for universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboes framlegg til høyringssvar til Underdalutvalet som har lagt fram eit forslag til nye stillingskategoriar for universitets- og høgskulesektoren. 

Universitetet i Oslo støttar dermed i hovudsak framlegga frå Underdalutvalet. Det har føreslått ganske omfattande endringar i dagens stillingsstruktur. Dei faglege stillingstypane er tenkt plasserte i tre kategoriar, med ein karrierestige for kvar av kategoriane.

Som Uniforum tidlegare har skrive, føreslår utvalet ein professor-stige, som er som i dag, men som blir utvida med eitt trinn, fakultetsprofessor. Det blir også føreslått ein forskar-lektor-stige, som skal innehalda forskarar, undervisarar og tilsette som både forskar og underviser. Den tredje kategorien som utvalet kjem med framlegg om å oppretta, er ein eigen fagstøtte-stige. Det er for fagtilsette i sektoren som støttar opp under forsking og undervisning.

   • Les også: Nasjonalt utvalg vil fase ut dosentløpet

Støtta motstanden mot trinnet fakultetsprofessor

I høyringssvaret  som universtetsstyret samrøystes stiller seg bak, støttar Universitetet i Oslo nesten alle forslaga frå Underdalutvalet. Unntaket er forslaget om å utvida professor-stigen med eit ekstra trinn, fakultetsprofessor. I framlegget til høyringssvar går Universitetet i Oslo imot den ideen.

Med grunnlag i tilbakemeldingar frå fakulteta og diskusjon i dekanmøte vil UiO ikkje rå til at det blir oppretta eit nytt nivå eller trinn som fakultetsprofessor. I fylgje utkastet til høyringssvar vil UiO heller leggja til rette for å ta i bruk andre lønns- og personalpolitiske verkemiddel som karrierefremjande tiltak for professorgruppa, heiter det. Det fekk personaldirektør Irene Sandlie og universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe full oppslutnad for frå universitetsstyret. Dermed blei høyringssvaret frå UiO vedtatt.

Oppnemnde studentrepresentantar til «skikkethetsnemnda»

Universitetsstyret oppnemnde Helge Leander B. Jensen og Sahana Sriskandarajah som studentrepresentantar til «skikkethetsnemnda ved Universitetet i Oslo for perioden 1. 7. 2018 til 30.6. 2019.

Til slutt diskuterte universitetsstyret salet av eitt av dotterselskapa til UniRand AS. Den saka blei handsama  bak stengde dører fordi den var halden unna offentlegheit etter offentleglovas paragraf 23.

Emneord: Universitetsstyret, Universitetspolitikk, Forskingspolitikk, Etikk Forskning Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2018 15:23 - Sist endra 12. sep. 2018 15:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere