UiO-leiinga snur: Drikkevise skal likevel syngjast på faste seremoniar

Drikkevisa Gaudeamus igitur skal likevel syngjast under UiO-arrangement, men utan det omdiskuterte verset. Det gjer rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo klart i ei melding til kritikarane.

SNUR: Drikkevisa Gaudeamus igitur skal halda fram som fast innslag på seremoniane tl Universitetet i Oslo. Det har UiO-leiinga bestemt etter eit møte med dekanane. Men rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo har ikkje skifta meining, men bøygd seg for fleirtalet i denne saka, skriv dei i ei melding til kritikarane.

Foto: Ola Sæther

Det var fredag 17. august Uniforum publiserte eit  debattinnlegg frå førsteamanuensis i latin, Vibeke Roggen og tidlegare medlem i Universitetsstyret, Kristian Mollestad. Der kritiserte dei UiO-leiinga si avgjerd om å fjerna songen Gaudeamus igitur frå velkomstseremonien for nye studentar. Begge dei to kritikarane er også med i UiO-koret Unikor.

  • Les i Uniforum: Hvorfor ble Gaudeamus igitur utelatt i år?

Forsvarte avgjerda

Rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo forsvarte i eit svarinnlegg avgjerda med at innhaldet i det mest omdiskuterte verset er svært upassande etter eitt år der seksuell trakassering har stått på den politiske dagsordenen.

  • Les i Uniforum:  – Derfor ble Gaudeamus igitur utelatt fra årets velkomstseremoni

UiO-leiinga har no snudd, og meiner at songen kan framførast, men altså utan verset med det omstridde innhaldet. Det går fram av ei melding rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo har sendt til Vibeke Roggen og Kristian Mollestad, og som Uniforum har fått ein kopi av.

– Bra

Uniforum får tak i Vibeke Roggen ute på skogstur. Ho er nøgd med avgjerda til rektoratet:

– Eg synest det er bra at UiO-leiinga har skifta meining og avgjerda blir det som Kristian Mollestad og eg har føreslått, seier Vibeke Roggen i ein kommentar til Uniforum. Men ho er enno ikkje heilt ferdig med denne debatten.  

– Det er fleire prinsipielle sider ved saka, som eg kan tenkja meg å få belyst alle tinga ved, seier Vibeke Roggen. Ei artig saksopplysning er at det var Vibeke Roggen sjølv som omsette teksten til Gaudeamus igitur frå latin til norsk for om lag 20 år sidan.

– Og no kjem omsetjinga tilbake som ein rakett, konstaterer ho.

Fjerna utan grunngjeving

I debattinnlegget  frå den 17. august skriv Vibeke Roggen og Kristian Mollestad  at songen Gaudeamus igitur  blei fjerna  frå opningsseremonien utan at det blei gitt noka grunngjeving for det.  Dei to kritikarane meiner årsaka kan vera at det har vore kritiske røyster på Facebook på grunn av fylgjande vers:  «Vivant omnes virgines, faciles, formosae! Vivant et mulieres, tenerae, amabiles, bonae, laboriosae!» Etter deira oppfatning kan det vera orda virgines i kombinasjon med faciles som kan vera problemet. Teksten kan lesast slik;   «Leve, alle villige, vakre jomfruer». Roggen og Mollestad peikar på at det også kan tyda «Leve, alle dyktige, vakre unge kvinner.»

Dei meiner at det er eit drygt stykke å fordømma heile songen på grunn av at eitt vers kan tolkast nedlatande overfor kvinner. Roggen har tidlegare sjølv føreslått å sløyfa dette verset og heller setja inn eit nytt vers der det står «Leve staten og de som styrer den»  I innlegget gjentar ho og Mollestad forslaget om å ta inn det verset.

Kopla drikkevise til seksuell trakassering

Kort tid etter fekk dei svar frå rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo.  Dei viser til at UiO har fått kritikk for framføringa av drikkevisa Gaudeamus igitur. Dei skriv at dei syntest kritikken var treffande, og derfor valde dei å fjerna songen frå årets velkomstseremoni.

I innlegget koplar dei også det mest tvilsame innhaldet i songen til spørsmål som likestilling og seksuell trakassering som har stått høgt på den politiske dagsordenen 2017-2018.  Dei peikar på dette: «I rektoratet er vi likevel av den oppfatning at det ikke uten videre er god tone å synge en drikkevise som så tydelig styres av et mannlig blikk og som med merkbart velbehag henvender seg til kvinner. Linjen som på engelsk lyder slik: Long live all girls / Easy [and] beautiful, klang ikke bare anakronistisk, men også direkte upassende i kjølvannet av de sakene som ble avdekket i akademia og utenfor». 

Derfor bestemte dei seg for å ta ut dette verset ved doktorkreeringane. Seinare avgjorde dei også at dei ville ta drikkevisa Gaudeamus igitur ut av opningsseremonien for dei nye studentane.

Har ombestemt seg etter råd frå dekanane

No har UiO-leiinga  likevel bestemt seg for å ta inn igjen drikkevisa Gaudeamus igitur som ein del av dei faste seremoniane til Universitetetet i Oslo. Det går altså fram av ei melding som rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo har sendt til kritikarane Vibeke Roggen og Kristian Mollestad.  Det skjer etter at dei har diskutert saka med dekanane. 

«Vi vil dermed fortsatt synge Gaudeamus igitur under kreeringene - dog ikke det omdiskuterte verset», står det i meldinga.  Der går det også fram at rektor Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo ikkje har forandra meining, men at dei har gitt seg, sidan dei kom i mindretal  i møtet med dekanane.  «Gro og jeg har ikke endret syn på saken, men er glad for at vi kan avklare dette raskt slik at vi kan vende tilbake til de sakene vi mener det er viktigst å jobbe med. Det handler f.eks. om å styrke utdanningene og utvikle et trygt og studentfokusert læringsmiljø», skriv dei i meldinga til Vibeke Roggen og Kristian Mollestad, samtidig som dei takkar dei for engasjementet i denne saka.  

Neste høve til å høyra Gaudeamus igitur framført i Aulaen blir under doktorkreeringa den 20. september. Songen skal altså kkje syngjast  under Universitetets årsfest den 3. september, slik Uniforum kom i skade for å melda. Siste gong Gaudeamus igitur  blei framført på Universitetets årsfest var i 2012, får Uniforum opplyst frå UiO.

(Oppdatert 28.08.2018)

 

 

 

 

Emneord: Seremoniar, Universitetspolitikk, trakassering Av Martin Toft
Publisert 26. aug. 2018 13:50 - Sist endra 28. aug. 2018 10:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere