Vil ha livsvitskapsakse frå NMBU til UiO

– Me vil stå sterkare saman enn kvar for oss. Derfor ynskjer eg å styrkja livsvitskapsaksen mellom Noregs miljø- og biovitskaplege universitet(NMBU) og UiO. Det seier NMBU-rektor Mari Sundli Tveit. UiO-rektor Svein Stølen er positiv.

STRATEGISK VELDIG VIKTIG: – Ved NMBU arbeider me med livsvitskap i brei forstand. Det er strategisk veldig viktig å samarbeida med UiO på dette området, meiner NMBU-rektor Mari Sundli Tveit.

Foto: Ola Sæther

I 2023 vil livsvitskapssenteret til Universitetet i Oslo stå klart i Gaustadbekkdalen. Neste år vil også eit nytt forskings- og undervisningbygg for veterinærfag ha kome på plass ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås. Men det blir først tatt i bruk i 2020, ifylgje Statsbygg.

No tar NMBU-rektor Mari Sundli Tveit til orde for at dei to forskingsinstitusjonane må halda fram det gode samarbeidet.

Fakta om satsinga på livsvitskap på NMBU:

–byggjer nytt veterinærbygg til Veterinærutdanninga og Veterinærinstituttet

Brutto bygningsareal: 
63.100 kvm (Veterinærbygget, inkl. Fellesbygget 
på 2.100 kvm)
11.800 kvm (Senter for husdyrforsøk)
Kostnadsramme: 6,9 mrd. kr (2017)

- Veterinærbygget skal innehalda kompliserte laboratorium og utstyr og infrastruktur for forsking

- skal også ha eit dyresjukehus

- både Veterinærbygget og nabobygget Senter for husdyrforsøk står ferdig i 2019, men vil først vera klare for innflytting i 2020.

(Kjelder: Statsbygg og NMBU)

– Dette er to svære satsingar. Det er viktig å sjå dei som ein heilskap. Derfor vil eg gjerne ha eit samarbeid om forsking og utdanning mellom UiO og NMBU i samband med den infrastrukturen for livsvitskap som me no får, seier Sundli Tveit til Uniforum.

– Fantastisk og spennande

Ho er glad for at UiO-rektor Svein Stølen deler denne visjonen med henne.

– Dei to institusjonane har hatt dette samarbeidet på agendaen i fleire år. Både den førre og den sitjande rektoren ved UiO har besøkt styret og leiargruppene ved NMBU for å diskutera satsinga. – Dette blir jo ei fantastisk og spennande moglegheit både for UiO og NMBU. Styret vårt er også svært positivt til planane, slår ho fast.  

Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet er dei i ferd med å byggja nye bygningar til samlokaliseringa med både Veterinærhøgskulen og Veterinærinstituttet på Campus Ås. Dei nye bygningane til Senter for husdyrforsøk stod klare i 2015. Det er også bygt eit nytt og moderne fiskelaboratorium.

REISER SEG:  Det nye forskingsbygget for veterinærmedisin ved NMBU er i ferd med å reisa seg. Biletet viser kor langt byggjerarbeidet var kome i 2017.  I 2019 vil bygget stå klart, medan innflyttinga vil skje i 2020. (Foto: Kai Tilley/NMBU)

– Strategisk veldig viktig

– Ved NMBU arbeider me med livsvitskap i brei forstand. Det er strategisk veldig viktig å samarbeida med UiO på dette området. Framover kjem UiO og NMBU til å intensivera samarbeidet på dette området, slår ho fast.

Mari Sundli Tveit trekkjer fram at UiO og NMBU allereie har eit nært samarbeid om forsking og utdanning.

– Det er ei rekkje felles prosjekt i forsking og også utdanning allereie. Og slike store satsingar som livsvitskap er det mykje lettare å få til i fellesskap, understrekar ho.

– Svært positivt

UiO-rektor Svein Stølen er heilt for dei tankane som NMBU-rektor Mari Sundli Tveit kjem med.

– Dette er svært positivt. Det er mykje samarbeid mellom NMBU og oss, men samarbeidet kan absolutt utviklast vidare. Ikkje minst bør me samarbeida om drift og utnytting av stor infrastruktur, men me bør og leggja til rette for tettare fagleg samarbeid, understrekar han.

Stølen viser til at gjennom UiO: Livsvitskap har UiO invitert NMBU inn i Oslo Life Science, og at denne satsinga er ei naturlig kontaktflate mot NMBU på fleire måtar.

– Det blir dessutan spennande å sjå om det kjem felles initiativ når me no har lyst ut nye konvergensmiljø ved UiO: Livsvitskap. Potensialet er der, konstaterer Svein Stølen.

Dette er UiO: Livsvitskap:

Livsvitskap er Universitetet i Oslos (UiOs) største satsing nokonsinne. Det overordna målet for satsinga er ifølge UiO: Livsvitskaps eigne nettsider å bringa saman spisskompetanse frå medisin, biologi, fysikk, kjemi, farmasi, matematikk, statistikk, informatikk og ei rekkje andre fag, inkludert samfunnsvitskaplege og humanistiske fag. Dette for å skapa tverrfagleg forsking og utdanning som gir ny kunnskap, nye idear og mykje innovasjon innanfor livsvitskap.

Det er rekna med at UiOs nye bygg for livsvitskap kan stå ferdig i Gaustadbekkdalen i 2023.

Finn Eirik Johansen er styreleiar for UiO: Livsvitskap. Han tok over oppgåva etter Svein Stølen, då Stølen blei rektor. I mai blei Carl Henrik Gørbitz tilsett som direktør.

Les meir om satsinga på UiO: Livsvitskaps nettside 

(Kjelder: Uniforum og UiO)

– Har ein grunnmur å byggja på

Han trekkjer fram Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som allereie i dag har ein eigen dialog med NMBU om stor infrastruktur.

– Så me har ein grunnmur å byggja på, og me har verkemiddel for nye faglege initiativ som kan utnyttast. Og så er me alltid opne for forslag om nye verkemiddel og forslag om å utnytta eksisterande verkemiddel betre. Ressursar til denne type forsking finst jo trass alt i hovudsak i NFR, H2020 og i helseføretaka.

Antibiotikaresistens

– Kva område innanfor livsvitskap vil det vera mest aktuelt å samarbeida med NMBU om?

– Dette er det vanskeleg å svara godt og dekkjande på på strak arm, men det er klart at grenseflata mellom humanmedisin og veterinærmedisin er spennande. Det får vera dagens døme. Det er nok å peika på antibiotikaresistens for å tydeliggjera dette. Her vert det kravt forståing og tiltak som dekkjer både menneske og dyr – sjølvsagt. Men NMBU har også andre miljø som er interessante for delar av aktiviteten vår. Og så blir det opp til forskarane våre å finna felles interesser og moglegheiter.

– Du har jo også vore på besøk hos NMBU før du blei rektor? Kva synest du om det som dei held på med å byggja opp der no?

– Det er veldig morosamt å fylgja med på utviklinga ved NMBU her frå Oslo. Det er spennande, og det å utnytta grenseflatene blir viktig både for NMBU og UiO, seier UiO-rektor Svein Stølen.

 

 

LIVSVITSKAPSSENTERET: Dette er vinnarutkastet Vev, som viser korleis det framtidige Livvitskapssenteret i Gaustadbekkdalen skal koma til å sjå ut når det står ferdig i 2023. (Foto: Ratio Arkitekter)

 

 

Emneord: Livsvitenskap, Forskningssamarbeid, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 29. mai 2018 12:48 - Sist endra 29. mai 2018 15:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere