Ikkje einige om kategorisk avvising av føretaksmodellen

– Eg synest me går for langt i å vita kva som ikkje er rett medisin, når me samtidig seier at diagnosen ikkje er stilt, sa ekstern representant Idar Kreutzer i det ekstraordinære møtet i universitetsstyret i formiddag.

UEINIGE OM FORMULERING: Medlemane i universitetsstyret var ueinige i kor kontant dei skulle avvisa forslaget om føretaksmodell som tilknytingsform for universiteta og høgskulane i dagens ekstraordinære møte i Lucy Smiths hus.

Foto: Martin Toft

Idar Kreutzer  fekk støtte frå rektor Svein Stølen, medan fleirtalet i i universitetsstyret gav han motbør då føretaksmodellen blei diskutert under det ekstraordinære møtet i dag. 

Representantane var kalla inn for å koma med eit felles innspel frå UiO til mandatet til utvalet som forskings- og høgare utdanningsminister, Iselin Nybø, vil setja ned for å gå gjennom ei mogleg forenkling av regelverket for universiteta og høgskulane.

 Idar Kreutzer meinte at utkastet frå UiO-leiinga var for kontant i å avvisa forslaget om ein eventuell føretaksmodell for universitets- og høgskulesektoren.

– Stengjer for at utvalet kan greia ut føretaksmodellen

Kreutzer var einig i at slik føretaksmodellen har fungert for helsesektoren, vil det ikkje vera ein tenleg modell for universiteta og høgskulane.

– Eg synest likevel at det vil vera betre å skriva at «så langt har me ikkje sett noko som tilseier at ein føretaksmodell kan løysa utfordringane våre.» Slik som det no er formulerert, stengjer me høvet utvalet sjølv har til å greia ut føretaksmodellen. I realiteten skal det ikkje vera ein del av mandatet til utvalet. Det synest eg er altfor tidleg. Eg synest me går for langt i å vita kva som ikkje er rett medisin, når me samtidig seier at diagnosen ikkje er stilt, sa han.

Rektor Svein Stølen var ganske einig i resonnementet: – Det vil vera vanskeleg for eit universitet som institusjon å seia at det ikkje er lov til å gjera ei evaluering av ulike modellar. Me må faktisk tola å høyra idear og så vurdera dei. Me må heller ta stilling når det blir lagt fram ein modell, sa han.

Peika på helsesektoren

Det var derimot ikkje representant for dei teknisk-administrative tilsette, Marianne Midthus Østbye einig i.

– Eg er viss på at me er tent med at den formuleringa står slik som det går fram av utkastet. Me må slå fast allereie no at føretaksmodellen absolutt ikkje er ein modell som er svaret på dei problema som universiteta og høgskulane strir med i dag. Me kjenner den godt nok frå helsesektoren til å kunna slå det fast, konstaterte ho.  

Ekstern representant Qaisar Farooq Akram lurte på om Universitetet i Oslo, kunne visa til døme i andre land, til dømes USA, der føretaksmodellen fungerer for universitet og høgskular.

– Eg trur ikkje dei har tilsvarande modellar, men det kan eg for lite om, svara Svein Stølen.

–To ulike omgrep for fridom

Også dei vitskaplege representantane Olav Gjelsvik og Erling Sandmo var glade for at føretaksmodellen blir så klart avskriven som ein styringsmodell for universiteta og høgskulane.

– Slik som utkastet er formulert no, verkar det samlande. Det gir også eit godt bilete av det handlingsrommet dagens organisasjonsform har, sa Olav Gjelsvik. Erling Sandmo resonnerte slik: – Det finst to omgrep for fridom i denne diskusjonen. Fridom til å nå måla våre i forsking, utdanning, formidling og innovasjon. Ein føretaksmodell handlar om fridom frå bindingar, som i stor grad handlar om eit økonomisk handlingsrom. Det er ein allmenn angst for at det vil kjøra oss ut i marknaden, som vil svekka vår fridom til, til fordel for fridom frå. Det er ikkje så mystisk kva som er diagnosen her. Dette er ein pasient som vil ha større fridom. Men me kan godt seia noko om at det me treng er ein fridom som set oss i stand til å nå måla våre. Det kan kopla oss opp til ei setning om føretaksmodellen, der me kan skriva at me ikkje har sett at dette er ein modell som kan gi oss dei måla som det er allmenn semje om at me vil ha, understreka han.

Det var også representant for dei mellombels tilsette, Ingrid Lossius Falkum einig i.  

– Eg er glad for at utkastet tar så konkret stilling imot føretaksmodellen, sa ho.

Ekstern representant Anne-Marie Engel tykte likevel endringsframlegget til Idar Kreutzer hadde noko føre seg.

– Om me skriv slik han føreslår, oppfordrar me utvalet til å gå gjennom og analysera føretaksmodellen og finna ut av det sjølv, meinte ho. Ekstern representant Elisabeth B. Kvalheim var opptatt av kven som skulle sitja i utvalet.

– Kva kompetanse bør dei ha, dei som skal sitja der? For konklusjonen vil bli prega av dei som sit i utvalet, peika ho på.

– Kan sjå ut som kritikk av Hovudtariffavtalen

Når det gjeld resten av innhaldet i utkastet til føreslått mandat til utvalet frå UiO-leiinga, var ikkje alle einige i formuleringa om at meir fleksibilitet i stillingsstrukturen ville kunna få ned talet på mellombels tilsette.

– Eg lurer på kva me tenkjer på der. Det opnar då for eit generelt problem med stillingsstrukturen i staten og alle stillingskodar. Eg er ikkje heilt der, sa Marianne Midthus Østby, som fekk full støtte frå Ingrid Lossius Falkum på det punktet. Etter hennar meining var formuleringa i utkastet på dette punktet eigna til å forvirra både henne og Kunnskapsdepartementet.

– Me må passa på at det ikkje ser ut som ein kritikk av Hovudtariffavtalen i staten. Ei slik tolking avviste Svein Stølen:

– Slik er det ikkje meint. Det handlar om korleis regelverket blir praktisert hos oss. Detaljstyringa av ulike stillingar i staten er det veldig vanskeleg å forstå. Me må ofte klø oss i hovudet for å finna ut kva me skal gjera med denne detaljstyringa frå staten. For meg handlar det om meir tryggleik, ikkje mindre, svara han.

Både studentrepresentant Kristine Berg Heggelund og representant for dei vitskapleg tilsette, Erling Sandmo, ville ha ei betre grunngjeving på den delen av utkastet som handlar om forskarutdanning. – Det er viktigare å presisera tydelegare det som handlar om forskarutdanning, sa Heggelund.

– Må ha balanse i dokumentet

Rektor Svein Stølen åtvara mot ein debatt som berre handla om tilknytingsform.

– No er me inn i ein fase der me skal selja ein bodskap. I denne første fasen har me snakka om mandatet. Det handlar om at me skal sjå breiare ut enn det som handlar om Universitets- og høgskulelova og Samskipnadslova. Det er utruleg viktig. Derfor må me han ein balanse i dette dokumentet, slik at det ikkje berre handlar om tilknytingsform. Då vil me mista litt av styrken i det me vil skal koma fram, understreka han.

På grunnlag av diskusjonen i dagens ekstraordinære styremøte, skal UiO-leiinga formulera eit endeleg innspel som også skal på rundgang til dekanane, før det endelege innspelet frå Universitetet i Oslo kjem på bordet til forskings- og høgare utdanningsministe, Iselin Nybø, innan fristen den 1. mai.

Denne gongen handla møtet om mandatet til utvalet som skal forenkla regelverket for universiteta og høgskulane. Det neste punktet som universitetsstyret skal handsama den 19. juni, er om det vil vera behov for å forenkla målstrukturen. Medan det temaet som det har vore mest diskusjon rundt, nemleg tilknytingsform, som til dømes føretaksmodell, skal bli tatt opp på eit møte etter sommarferien. Der ligg det ikkje føre ein bestemt høyringsfrist.

Dette er saka: 

I plattforma frå Jeløya går det fram at regjeringa vil sjå nærare  på ein del område i universitets- og høgskulesektoren:

  1. Det skal setjast ned eit utval som skal gå gjennom regelverket for universiteta og høgskulane. Innspela til mandat for utvalet har frist 1. mai. Det er dette som blei  diskuterast på det ekstraordinære møtet i universitetsstyret 30. april.
  2. Ein studie som ser på om det er mogleg  å vurdera nye tilknytingsformer for universitet og høgskular. I dag er universiteta og høgskulane organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. I plattforma blir ei organisering som føretak, slik sjukehusa er organiserte, trekt fram som eit døme på ei ny tilknytingsform. Dette forslaget har fått kritikk både frå studentorganisasjonar og frå både NTL og Forskarforbundet. Innspel på dette punktet har ikkje nokon frist.
  3. Forenkling av målstrukturen. Kunnskapsdepartementet ber institusjonane om å koma med synspunkt på korleis målstrukturen i dag verkar og blir opplevd og kva som fungerer godt og kva som kan betrast. Målet er å leggja fram moglege endringar i målstrukturen i tildelingsbreva for 2019. Fristen for å koma med innspel er utsett frå 1. juni til 26. juni.
Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2018 15:55 - Sist endra 30. apr. 2018 15:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere