Arresterte dommarar og juristar i Tyrkia ventar framleis på tiltalen

Over 5000 dommarar og påtalejuristar blei arresterte eller fekk sparken etter kuppforsøket i Tyrkia i fjor sommar. – Nokre har venta på tiltaleavgjerda i over eitt år, fortel Öykü Diem Aydin, leiar for advokatar og menneskerettsforsvarar utan grenser. 

INGEN RETTSSTAT: – Eg trur heller ikkje at me i dag har ein rettsstat som er grunnlagt på den tyrkiske grunnlova. Det må vera noko som kan skilja den demokratiske staten frå dei som vil øydeleggja den, meiner Öykü Diem Aydin, leiar for advokatar og menneskerettsforsvarar utan grenser i Tyrkia.

Foto: Martin Toft

Denne veka heldt  Öykü Diem Aydin eit innlegg på eit seminar hos Fritt Ord om dommarane og domstolane sitt sjølvstende i Tyrkia. Arrangørane var Dommarforeininga og Den

Tidslinje for situasjonen for akademikarar i Tyrkia:

11. januar 2016: Academics for Peace publiserer kravet om stans i krigshandlingane i dei kurdiske områda og at partane startar fredsforhandlingar.

Februar 2016:  Dei første akademikarane får sparken eller blir arresterte for å ha skrive under på kravet frå Academics for Peace.

15. juli 2016: Kuppforsøk mot president Recip Tayyip Erdogan. Mange hundre soldatar og sivile blir drepne.

16. juli 2016: Presidenten startar arrestasjonar av akademikarar, juristar og andre som han skuldar for å sympatisera med Fethullah Gülen .

23. juli 2016: 15 universitet som skal vera finansierte av Gülen-rørsla blir stengde av styresmaktene. 

17 000 tilsette innanfor høgare utdanning mista jobbane sine fram til september 2016. 

2017: Over 100 000 akademikarar, juristar, journalistar og byråkratar har mista jobbane sine. 

6. juni: styreleiar for Amnesty Tyrkia,Taner Kiliç blir arrestert.

5. juli: generalsekretær for Amnesty Tyrkia, Idil Eser blir arrestert og sikta for å tilhøyra ein væpna terroristorganisasjon.

(Kjelder: Human Rights Watch, Amnesty International, International Commision of Jurists og Uniforum)

internasjonale

juristkommisjonen i Noreg, og studentnettverket til kommisjonen ved Universitetet i Oslo. Før seminaret begynte, fekk Uniforum eit intervju med Öykü Diem Aydin som både er advokat og arbeider som førsteamanuensis på Haceteppe Law School i Ankara. Ho er også medlem i Venezia-kommisjonen til Europarådet.

Under opphaldet i Noreg har ho fortald om situasjonen for dommarstanden og påtalejuristane i Tyrkia etter at ein tredel av dei blei arresterte eller fekk sparken frå jobbane sine etter kuppforsøket den 15. juli i fjor.

I fengsel utan lov og dom

Som forsvarsadvokat kan Öykü Diem Aydin trygt slå fast at rettstryggleiken for dommarar og påtalejuristar som har hamna i fengsel, ikkje er betre enn for andre arresterte i Tyrkia.

Når det gjeld dommarar som sit i fengsel har forsvararane deira venta på ein formell tiltale i over eitt år. Mange har sete i einecelle i over 300 dagar utan lov og dom. Mange av dei blei arresterte etter kuppforsøket 15. juli i fjor. Derfor må den høgaste prioriteten til påtalemakta no bli å presentera formelle tiltalar mot dei arresterte og fengsla dommarane og juristane.

For akkurat no er dei varetektsfengsla medan dei ventar på at  saka deira skal opp i retten. Samtidig har dei ikkje fått dei naudsynte rettsgarantiane som dei har krav på, seier Öykü Diem Aydin til Uniforum. Ho anar heller ikkje kor lang tid rettsprosessane vil ta og når dei vil begynna.

– Mange av saksdokumenta er stempla som hemmelege og er derfor ikkje sende over til forsvararane til dei fengsla dommarane og  juristane. Og eg trur at det først er når tiltaleavgjerdene er klare at me kan sjå om skuldingane mot dei byggjer på konkrete prov. Det tvilar eg på. Berre for ei avgrensa gruppe av desse dommarane og statsadvokatane ligg det føre tiltaleavgjerder, og der er skuldingane og dei prova dei byggjer tiltalen på, ganske vage. Og med slike tiltalar, trur eg det vil bli svært vanskeleg å forklara ein mogleg dom overfor både det nasjonale og det internasjonale samfunnet etter prinsippa i ein rettsstat. I desse sakene handlar det om både rettsstaten og fridommen og dei grunnleggjande rettane til dei som vil sitja på tiltalebenken i desse sakene, understrekar ho.

Les også: Tyrkiske Ishtar Göyzadin får UiOs menneskerettspris- kan få 15 år i fengsel

Automatisk arrestasjon

Öykü Diem Aydin fortel at i Tyrkia er det også eit problem med automatisk arrestasjon av alle som er mistenkte for å ha eit eller anna slags samkvem med bestemte organisasjonar utan at det blir presentert gode nok grunnar til mistanke.  

– På toppen av dette kjem endå eit problem. Varetektsfengsling før rettssaka kjem opp, tar frykteleg lang tid. Nokre av dei arresterte har difor sete i over 300 dagar i varetekt.  Rundt ein tredel av alle påtalejuristane i dei tyrkiske domstolane er blitt avsette frå stillingane sine og blitt arresterte etter kuppforsøket den 15. juli i fjor. Ei mindre gruppe av dei fekk jobbane sine tilbake etter ein slags rettsprosess. Fleirtalet av dei blei verande utan jobb og haldne i fengsel på grunnlag av lovdekret offentleggjorde av regjeringskollegiet eller gjennom dekret  som blei bestemte av det øvste rådet for dommarar og statsadvokatar. Rundt ein tredel av dommarane og påtalejuristane i domstolane, 5000 personar, blei avsette. Det er eit høgt tal og alle me spør oss heile tida under kva omstende kan alle desse dommarane og juristane til påtalemakta  bli stilte for retten, ikkje minst dei som har arbeidt i dei høgaste rettsinstansane, seier ho. 

Forsvarar for leiaren for dommarforeininga

Öykü Diem Aydin  viser til at ho som forsvarsadvokat  har  ein klient som er leiar for foreininga for dommarar og påtalejuristar. Det er den første uavhengige organisasjonen, som blei danna i 2006,  og etter kuppforsøket blei den, ifylgje Öykü Diem Aydin gjennom eit dekret skulda for å ha samband med eller å vera knyta til ei uynskt gruppe eller terroristgruppe.  

– Leiaren for denne gruppa har no vore halden i arrest  i meir enn 300 dagar. Og eg spør heile tida når tiltalen vil vera klar, og om han har ein sjanse til eller om eg som forsvarsadvokaten hans, vil ha ein betre sjanse til å oppnå tilgang til alt materialet i saksdokumenta, som framleis er stempla som hemmelege av påtalemakta. Både han og eg representerer ein svært viktig organisasjon, som likevel ikkje ser ut til å ha noko å seia, bortsett frå å forsvara  borgarrettane til dei dommarane og aktorane som no er under arrest. Klienten min er framleis arrestert og har fått svært avgrensa moglegheiter til å førebu seg til si eiga rettssak sidan alle dokumentasjon i saka er stempla hemmeleg, fortel ho.

– Vanskeleg å skilja handlingane til staten frå fiendane til staten

– Vil du kalla Tyrkia for ein rettsstat?

– Det var ein god del vanskar også i Tyrkia før juli 2016 og 2015.  Me møtte utfordringar  frå tilhengjarane av den religiøse leiaren Fetullah Gülen, som me sjølvsagt kan gi skulda for kuppforsøket. Men no kan eg spørja om situasjonen er blitt noko betre enn den var før. Eg trur heller ikkje at me i dag har ein rettsstat som er grunnlagt på den tyrkiske grunnlova. Det må vera noko som kan skilja den demokratiske staten frå dei som vil øydeleggja den.

– No er det blitt svært vanskeleg å skilja handlingane til staten frå fiendane til staten. Derfor ser det ut som om staten held på å grava vekk sin eigen grunnmur, som er rettsstaten med menneskerettane og grunnleggjande fridomar, som alle er verna av grunnlova. Dessverre så opplever me heile tida at det er ein stor intervensjon, for ikkje å seia lovbrot  på det området.

Vil du då konkludera med at dommarane og domstolane i Tyrkia ikkje lenger er uavhengige av dei tyrkiske styresmaktene?

– Eg kan ikkje slå ettertrykkeleg fast at det er slik. Det er sjølvsagt ein viss grad av sjølvstende, nokre dommarar og påtalejurlistar er ganske uavhengige, men eg fører ingen statistikk over kor mange av dei som er uavhengige og kor mange som ikkje er det. Det er likevel mange ting som tyder på at regjeringa er interessert i å halda dommarar og aktorar under streng kontroll. 

For ikkje så lenge sidan presenterte regjeringa eit framlegg til ei grunnlovsendring, som vil gjera det langt lettare å gjennomføra det. Unntakstilstanden, det politiske klimaet, arrestasjonane og lovdekreta som kjem på rekke og rad, gjer rettssystemet svært sårbart overfor regjeringa. Og når ein tredel av alle juristane i domstolane har fått sparken eller blitt arresterte, altså rundt 5000 personar, så fører det til at dei som er igjen blir litt meir forsiktige med kva dei føretar seg og lettare aksepterer det som skjer.

– Som advokat og som juridisk forskar ser du ikkje særleg lyst på situasjonen?

– Nei, akkurat no er eg ikkje særleg optimistisk. Det kjem an på kor mangfaldig samfunnet vil vera og halda fram med å bli. Om demokratiske krefter grunnlagde på prinsippa i rettsstaten kunne arbeidt saman og bygd opp igjen situasjonen frå tidlegare. Eg snakkar ikkje om den tida då tilhengarane av Fetullah Gülen heldt på med å øydeleggja berebjelkane i rettsstaten gjennom å lata religiøse organisasjonar infiltrera statsinstitusjonane, men eg snakkar om å gjenoppbyggja  eit konstitusjonelt demokrati, med menneskerettar og grunnleggjande rettar for alle i ein sekulær republikk, slik republikanske advokatar vil ha det, svarar ho. 

Respekten for menneskerettane

Öykü Diem Aydin meiner at alle dei demokratiske og republikanske kreftene bør jobba saman nasjonalt og internasjonalt for å bli kvitt både den regjeringskontrollen Tyrkia  har i dag og infiltreringa frå alle tilhengjarane av Fetullah Gülen.

– Eg er på den eine sida imot at ei kvar religiøs sekt skal infiltrera statsinstitusjonane, og  på den andre sida er eg imot misbruk og manipulering av regjeringsmakt ved å hevda at dei kjempar mot terrorisme. Skilnaden mellom ein demokratisk stat basert på rettsstaten og ein terrorist er respekten for menneskerettane til dei andre. Elles har me ingen andre reiskapar til å skilja ein stat basert på rettsstaten frå kuppmakarar eller dei som er medskuldige i kuppforsøket, slår ho fast. 

 

Emneord: Menneskerettar, Tyrkia, Juss Av Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 31. aug. 2017 04:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere