Over 1000 barnehagebarn opna UiO-festivalen

UiO-festivalen opna med barneoperaen "Askeladden og de gode operahjelperne" i formiddag. Over tusen barn frå Oslo-barnehagane gav rungande applaus for framsyninga på Universitetsplassen.

OPERABARN: Rundt 1000 barnehagebarn frå Oslo høyrde på operaframsyninga "Askeladden og de gode operahjelperne" då UiO-festivalen opna på Universitetsplassen i formiddag.

Foto: Martin Toft

Barnehagebarna sat rolege og konsentrerte på Universitetsplassen og høyrde på operasongarane Stina Levvel og Caroline Wettergreen då dei og operkollegaene deira, framførte "Askeladden og de gode operahjelperne". 

Sjå slutten av framsyninga

Og då forestilinga var over etter ein halv time, fekk dei fortent jubel og applaus både frå barna og dei barnehagetilsette. Og dermed er UiO-festivalen i gang, med konsertar, foredrag, debattar og omvisingar heilt fram til og med sundag 14. mai. 

Les også: UiO-festivalen viser fram forskarar og artistar i Oslo sentrum

OPERA FOR DEI MINSTE: – Dette var gøy, seier operasongarane Stina Levvel  (t.v.) og Caroline Wettergreen etter å ha vist operaen "Askeladden og de gode operahjelperne" for tusen barnehagebarn på Universitetsplassen. (Foto: Martin Toft)

Operasongar Stine Levvel synest det var morosamt å synga for ei så ung forsamling:  – Det er første gong me har sunge for over tusen barn samtidig. Me har vist framsyninga til barn før, heilt sidan Rommen skole bestilte operaen for to år sidan, fortel ho til Uniforum. Ein liten augneblink får ho selskap av operasongar Caroline Wettergreen. – Det var veldig gøy, synest begge to.  Så må Caroline Wettergreen gå for å ta på seg meir klede.  – Det er viktig å ta på seg ullklede i dag, seier Stina Levvel, og viser fram tjukke sokkar under den lange kjolen.  Denne gongen hadde dei krydra operastykket med litt andre innfall enn tidlegare. – Ja, me la inn litt om SMS og smågale professorar, fortel ho til Uniforum.

I morgon er det ny framsyning på Universitetsplassen kl. 11.30.

Les programmet til UiO-festivalen 2017.

 

Emneord: Kultur, Velferd, Musikk Av Martin Toft
Publisert 12. mai 2017 12:45 - Sist endra 12. mai 2017 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere