UiO-festivalen viser fram forskarar og artistar i Oslo sentrum

Har Åsne Seierstad, Deeyah Khan, Anneli Drecker, Leo Ajkic , Sunniva Rose og Harald Eia noko til felles? Ja, alle deltar under UiO-festivalen neste helg.  – Eg håpar det kjem 10 000 personar, seier festivalsjef Gjøril Songvoll.

I SENTRUM: UiO-festivalen blir i år midt i Oslo sentrum. – Me håpar det vil gi endå høgare besøkstal, seier assisterande festivalsjef Svein Tømmerdal og festivalsjef Gjøril Songvoll.

Foto: Ola Sæther

UiO-festivalen er for første gong flytta frå Blindern til universitetsbygningane i sentrum.

– Grunnen er at universitetsleiinga trur at det kan føra til at endå fleire personar vil finna fram til festivalen, seier festivalsjef Gjøril Songvoll og assisterande festivalsjef, Svein Tømmerdal til Uniforum.

– I fjor kom det rundt 7000 personar til Blindern, så i år håpar me at det vil koma nærare 10 000 personar. Om det kjem fleire, kan det bli i trongaste laget, trur Gjøril Songvoll.   Dei største lokala i sentrum er Aulaen og Gamle festsal. Festivalen tar til fredag 12. mai og varer fram til 14. mai.

Frå No.4 til barneopera

Både ho og Svein Tømmerdal er stolte over festivalprogrammet. Dei trekkjer fram både gruppa No. 4 og Anneli Drecker av artistane som skal opptre. Og så kjem Lars Klevstrand med Erik Bye- viser. I tillegg skal Åsne Seierstad koma for å ha ein samtale med Harald Eia om boka «To søstre». Dessutan kjem dokumentarfilmskaparen og vinnar av UiOs menneskerettspris, Deeyah Khan for å visa filmen «Jihad». 

– Eg er sjølvsagt også svært kry over at me får barneoperaframsyninga «Askeladden og de gode hjelperne» til å underhalda 1500 barnehagebarn fredag formiddag. Og dei som kjem tidlegast, kan få høyra paleontologen Jørn Hurum fortelja om dinosaurar, fortel ho.   

Studentane deltar

Denne gongen har studentane blitt med i eit utvida samarbeid om UiO-festivalen. – Det er me kjempeglade for, seier Svein Tømmerdal, som både er retorikkstudent og assisterande festivalsjef. – Dette er noko av det viktigaste Universitetet i Oslo gjer for å verta synleg og kjent blant vanlege folk. For oss er det også fint at det er eit eige studentprogram under festivalen. Der trekkjer eg gjerne fram Akademisk nachspiel med NRK-programleiar Per Olav Alvestad. Då skal det bli tre innlegg om kva minne, røyndom og fiksjon er for noko, fortel han.

– Studentane har berre godt av å ta seg litt fri frå eksamenslesinga, og dei UiO-tilsette må få lov til å ta seg fri for å gå på UiO-festivalen på fredag, synest Gjøril Songvoll.

Russisk rabalder med Steinfeld

Ho er svært nøgd med at dei har fått tak i NRKs tidlegare Russland-korresponendent, Hans- Wilhelm Steinfeld.

– Han har eit glimrande foredrag som han kallar «Russisk rabalder», og då han sjarmerte meg i senk i eit juleselskap i fjor, fekk eg overtalt han til å delta på UiO-festivalen, fortel ho nøgd. 

Også utviklingsforskaren Dan Banik, økonomiprofessoren Kalle Moene,  medisinsk forskar Dag Berlid og doktor i kjernefysikk, Sunniva Rose skal halda foredrag under festivalen. Det skal også Skam-forskaren Gry Cecilie Rustad.

Ope hus i viktige universitetsbygningar

UiO-rektor Ole Petter Ottersen opnar festivalen offisielt fredag kl. 16.00, samtidig som han deler ut Zappfe-prisen.  Sundag 14. mai held festivalen fram med å halda opne dører i alle dei viktigaste og eldste universitetsbygningane. 

– Me lovar eit fantastisk, flott program for både små og store. Det hadde ikkje vore mogleg utan god hjelp frå folka i Eigedomsavdelinga , studenthjelparane og alle dei gode hjelparane i prosjektgruppa. No oppfordrar me alle til å ta med seg nokon og koma på festivalen, seier Gjøril Songvoll og Svein Tømmerdal.  

Dette er programmet for UiO-festivalen.

 

BARNEHAGEBARN: Festivalsjef Gjøril Songvoll håpar mellom 300 og 400 barnehagebarn vil koma til UiO-festivalen fredag 12. mai. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Kultur, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2017 10:02 - Sist endra 5. mai 2017 10:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere