Dag Rune Olsen får ny periode som UiB-rektor

Som venta får Dag Rune Olsen fire nye år på Muséplass, på rektorkontoret til Universitetet i Bergen.

EINASTE KANDIDAT: Dag Rune Olsen blir også dei fire komande åra å sjå i den raude rektorkappa. Som einaste kandidat vann han rektorvalet onsdag.

Foto: Tor Farstad /Universitetet i Bergen

Kristin Bakken, leiar av valstyret, stadfesta onsdag ettermiddag at Dag Rune Olsen og Margareth Hagen er valt til rektor og prorektor ved UiB i perioden 2017-2021, melder På Høyden.

Valstyret ved UiB har hatt møte, og protokollen er underteikna. Ikkje overraskande vann Dag Rune Olsen rektorvalet. Han vart først valt til rektor i 2013, og går no inn i sin andre periode.

I 2013 var Kuvvet Atakan motkandidat. Denne gongen var det ingen andre som meldte sitt kandidatur.

– Tolkar du mangelen på andre kandidatar som at UiB-tilsette jamt over er nøgde med leiinga?

– Ja, det kan lesast slik. Men vi såg også at det var nokre blanke stemmer. Det kan vere eit ønske om ein annan kurs. Det må ein ha respekt for. Det kan også vere eit ønske om at ein heller vil ha tilsett rektor, seier Dag Rune Olsen.

– Korleis skal de feire?

– Vi rekk ikkje feire. Vi skal ha ein EUA-konferanse som startar i dag, samt eit foreståande besøk frå olje- og energiministeren. Så er det påske, og då tenkte eg å ta fri. Men vi vil ha ei lita markering etter påske.

Emneord: Universitetspolitikk Av Ida Bergstrøm /På Høyden
Publisert 5. apr. 2017 16:17 - Sist endra 5. apr. 2017 16:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere