Universitetspedagogikk - frå kveldskurs til universitetsfag

For 50 år sidan fann nokre vise personar ut at også dyktige vitskapsfolk hadde behov for å læra korleis dei kunne dela kunnskapen sin best mogleg med studentane. Slik blei universitetspedagogikken fødd på UiO med Kontoret for opplysningsvirksomhet (KO) som jordmor.

STOR BREIDDE: – Arbeidet vårt med å bidra til å styrkja utdanningskvaliteten på universitetet, har difor stor breidde. Og det kan ikkje gjerast utan å driva forsking på det, seier Tone Dyrdal Solbrekke, som leier Fagleg eining for universitetspedagogikk ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Sist fredag var det ei storslått feiring av dei første 50 åra med universitetspedagogikk på Universitetet i Oslo. Ekspertar på god undervisning både frå Noreg og andre land heldt foredrag på UiO om korleis det er mogleg å utvikla nye metodar og planleggja for betre studieløp., Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet og prorektor Ragnhild Hennum frå UiO var mellom dei som deltok.

Les også: Kunnskapsdepartementet vil satse mer penger på de gode underviserne

Starta med kveldsmøte

I dag er universitetspedagogikk organisert i Fagleg eining for universitetspedagogikk (FUP) ved Institutt for pedagogikk, Det utdanningsvitskaplege fakultet. Professor Tone Dyrdal Solbrekke er leiar, og kan gleda seg over at den vesle eininga snart vil få tre nye faste, vitskaplege stillingar. Men historia til universitetspedagogikk starta i det små.

– I 1966 heldt Kontoret for opplysningsarbeid fire pedagogiske kveldsmøte. Oppgåva var å arbeida med problem forskarane opplevde med universitetsundervisninga. Ole B. Thomsen frå Københavns Universitet deltok, og han var den som først tok i bruk omgrepet «universitetspedagogikk», fortel Tone Dyrdal Solbrekke.

 

Alle med undervisningsplikt måtte ha pedagogikk

Gunnar Handal og Per Lauvås frå fagmiljøet i pedagogikk ved UiO var mellom dei som tidleg fekk ansvaret for universitetspedagogikk.

– Etter kvart har FUP fått  gjennomslag på ulike nivå ved  universitetet for argumentet om kor viktig det er å læra å undervisa, også for vitskaplege tilsette ved UiO. I 1993 vedtok difor Kollegiet at alle i faste vitskaplege stillingar med undervisningsplikt skulle ha pedagogisk basiskompetanse. Unntaket var dei som var vitskaplege tilsette som hadde pedagogikk som fag. Dei har framleis dispensasjon, men me håpar at også det skal bli obligatorisk for dei, seier  Solbrekke. 

No har også Universitets- og høgskulerådet innført eit krav om at alle universitets- og høgskuletilsette som underviser, skal ha mellom 150 og 200 timar i grunnutdanning i universitetspedagogikk. Om dei ikkje har tatt det når dei blir tilsette, skal dei ta den i løpet av to år.,

– Og dette gjeld også dei som har tatt Praktisk-pedagogisk utdanning. For å undervisa på eit universitet eller på ein høgskule er noko heilt anna enn å undervisa elevar i grunnskulen eller i den vidaregåande skulen. Det kan eg skriva under på, for eg har også undervist i grunnskulen, fortel Dyrdal Solbrekke.

– Fått kjensle av å jobba på eit universitet

No driv også eininga like mykje med konsultasjonar av fakultet som ynskjer å utvikla best mogleg undervisning både innanfor tradisjonell og digital læring. Oppgåva deira blir derfor også å få til møteplassar på tvers av fakultetsgrensene.

– Det opnar opp augo til mange av dei vitskaplege tilsette. Dei forstår at mange av dei som arbeider med humanistiske og samfunnsvitskaplege fag har mange av dei same utfordringane som dei som jobbar med matematisk-naturvitskaplege og medisinske fag. Mange har fortalt meg at det er første gong dei har fått ei kjensle av å jobba for eit stort universitet, fortel Dyrdal Solbrekke.

Akkurat no er FUP opptekne av å utvikla heilt nye tilbod. Eit døme er utvikling av nettressursar for universitets- og høgskulepedagogar som kan supplera dei tradisjonelle kursa. Professorane Bjørn Stensaker og Helge Strømsø har saman med kollegar ved andre institusjonar fått pengar frå Noregsuniversitet til dette arbeidet.

–  Og me  driv med kurs i forskingsrettleiing for fleire fakultet. Dessutan har me siste  året hatt eit kurs for engelskspråklege tilsette, seier ho.

Eige tilbod til dei mellombelse tilsette,

Eininga har også tatt konsekvensen av at det er svært mange forskarar som ikkje er fast tilsette.

– Sidan 2007 har me hatt eit eige tilbod i universitetspedagogikk til dei mellombelse tilsette. Det er nettopp dei som ofte har en stor undervisningsmengde på UiO, konstaterer ho. 

Dei siste åra har Tone Dyrdal Solbrekke merka ei aukande interesse for universitetspedagogikken blant leiinga på  fakulteta. – Difor har FUP møte med studiedekanane ein gong kvart semester. Me får svært gode tilbakemeldingar frå dei.

Kvalitetsreforma

Ein viktig milestolpe for  universitetsundervisninga var innføringa av Kvalitetsreforma i 2003.

– Då skulle studieprogramma leggjast og undervisninga bli meir studentaktiviserande. Her kan  innføringa av fleire digitale læringsformer vera til hjelp, samtidig som også  førelesinga har sin plass i universitetsundervisninga, slår ho fast.  – Arbeidet vårt med å bidra til å styrkja utdanningskvaliteten på universitetet, har difor stor breidde. Og det kan ikkje gjerast utan å driva forsking på det, legg ho til.

Tone Dyrdal Solbrekke er også svært nøgd med at det har blitt ei auka forståing av kor viktig det vanskelege omgrepet didaktikk er.

– Å vera medviten om korleis ulike ting i undervisninga heng saman med det som ein vil oppnå med undervisninga, er viktig å måla. Og for dei som skal utvikla seg som kritisk tenkjande akademikarar, held det ikkje å kryssa av på eit skjema under ein eksamen. Nettopp difor er det viktig for oss å delta i arbeidet med å utvikla eksamensoppgåver som støttar opp om dette, understrekar ho. For henne er det viktig at alle jobbar saman på tvers av fag og fakultet.

«-Nobody is perfect, but a team can be», altså ingen er perfekt åleine, men eit lag kan vera det, er mottoet til Tone Dyrdal Solbrekke.

Tidslinje om universitetspedagogikk ved UiO:

1966: Kontoret for opplysningsarbeid (KO) arrangerer fire pedagogiske kveldsmøte

1982: Første kurs i universitetspedagogikk for nytilsette

1993: Kollegiet vedtar at alle i faste, vitskaplege stillingar med undervisningsplikt skal ha pedagogisk basiskompetanse

2003: UiO-rektor Arild Underdal rår til at Fagleg eining for universitetspedagogikk brukar meir tid på konsultasjon og ikkje berre på kurs og undervisning. Innføringa av Kvalitetsreforma gjer det naudsynt å leggja meir vekt på fleksibel læring

2007: Fagleg eining for universitetspedagogikk(FUP) får  prosjektmidlar til utvikling av kurstilbod for mellombels tilsette.

2011: Fagleg eining for universitetspedagogikk(FUP) får auka ressursane til konsultasjon, først og fremst retta mot samarbeid med fakulteta om utvikling av studium og læringsmiljø.

(Kjelder: Tone Dyrdal Solbrekke og Kirsten Hofgaard Lycke)

Emneord: Undervisning, pedagogikk Av Martin Toft
Publisert 5. des. 2016 04:00 - Sist endra 6. des. 2016 08:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere