Senter for tverrfagleg kjønnsforsking har brote likestillingslova

Det er berre tre menn blant dei elleve representantane i styret for Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO. Dermed oppfyller ikkje senteret kravet i likestillingslova.

LEGG SEG FLAT: Senterleiar Anne-Jorunn Berg legg seg heilt flat etter at Barne- og liketillingsdepartementet peikar på at det låge talet på menn i styret for Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, bryt med likestillingslova. (Arkivfoto)

Foto: Martin Toft

Senteret bryt altså likestillingslova, som slår fast at begge kjønn skal vera representerte med minst 40 prosent i denne typen styre, skriv VG.

Avisa viser til eit brev frå Barne- og likestillingsdepartementet, som peikar på at Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo har for mange kvinner med i styret sitt.

Senterleiar Anne-Jorunn Berg legg seg heilt flat. – Det er klart at eit senter som vårt, og alle andre senter som er omfatta av lovverket, burde kjenna til dette. Som det står i brevet så skal også vararepresentantar vera med i teljinga, seier Anne–Jorunn Berg til VG.

Emneord: Arbeidsforhold, Likestilling, Kvinne- og kjønnsforskning
Publisert 4. nov. 2016 10:20 - Sist endra 4. nov. 2016 10:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere