Dylan-ekspert: – Fantastisk flott å gi Bob Dylan Nobels litteraturpris

Bob Dylan får Nobels litteraturpris for 2016. Det kunngjorde Svenska Akademin klokka 13 i dag.  – Det var svært gledeleg, seier Dylan-ekspert Reidar Aasgaard ved UiO.

FÅR NOBELS LITTERATURPRIS: I dag blei det klart at Bob Dylan får Nobels litteraturpris for 2016. Biletet er frå Bob Dylans konsert frå Oslo Spektrum i juni 2016.

Foto: Ola Sæther

Idéhistorieprofessor Reidar Aasgaard har organisert fleire førelesingsrekkjer om Bob Dylans songar og tekstar på Universitetet i Oslo.  I dag er han ein glad og overraska mann etter at favorittsongaren hans har fått Nobels litteraturpris for 2016:

– Det er fantastisk å høyra, sidan han ikkje ein gong var med i førehandsspekulasjonane. Derfor var dette ganske uventa, seier han til Uniforum. Han karakteriserer han som ein litterær kunstnar.

– Bob Dylan er ein heilskapskunstnar meir enn forfattarar vanlegvis er. Det handlar både om det han framfører måten  han  framfører det på. På mange måter minner han om to andre Nobelprisvinnarar i litteratur, nemleg Winston Churchill og Dario Fo. Churchill var ein retorikar, medan Dario Fo var ein viktig representant for teaterkunsten.  Kort fortalt viser tildelinga av Nobels litteraturpris til Bob Dylan at den går til ein representant for populærkulturen som har ein heilskapleg bodskap, seier Reidar Aasgaard.

Les også desse artiklane i Uniforum:

Bob Dylan blir universitetsfag

Nå kommer pensumboka om Dylan

 

Emneord: Kultur, Litteratur, Priser Av Martin Toft
Publisert 13. okt. 2016 13:54 - Sist endra 13. okt. 2016 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere