Uniforum legg ned papiravisa

Frå nyttår vil Uniforum koma ut berre i nettutgåve. Det er klart etter at styret for avisa med 5 mot 1 stemme i dag stemte for å leggja ned papirutgåva frå årsskiftet.

FARVEL TIL PAPIR: Uniforum vil leggja ned papirutgåva og satsa alle ressursane på nettutgåva frå årsskiftet. Det vedtok styret for avisa i dag. 

Foto: Illustrasjon ved Martin Toft

Det var styrerepresentanten for dei tilsette, Yngve Vogt, som stemte imot å leggja ned papiravisa frå nyttår. Han ville ha ei grundigare utgreiing av konsekvensane, før det skulle vedtakast å leggja ned papiravisa. 

Dei som stemte for å leggja ned papiravisa var styreleiar Fanny Duckert, styremedlemane Einar Lie og Belinda Eikås Skjøstad, og dei eksterne styremedlemane Tormod Haugstad og Hilde Sandvik

- Overraska

Yngve Vogt forsvarar avgjerda si om å stemma imot å leggja ned papiravisa no.

- Eg ville gjerne også at det hadde blitt gjennomført ei ekstern lesarundersøking, som var statistisk haldbar, før ei avgjerd om papiravisa si framtid hadde blitt tatt.  Eg er overraska over at styreleiar Fanny Duckert og resten av styret har hatt slik hast med å leggja ned papiravisa, før dei veit om lesarane føretrekkjer avisa i papir eller i nettutgåve, seier Yngve Vogt til Uniforum.  - Det er ein tankekross at det framleis lønner seg for IT-avisa Computerworld å bli gitt ut i papir, legg han til.

Viktigare debatt- og nyhendearena

Fleirtalet i styret for Uniforum ynskjer med dette å auka satsinga på nettutgåva i kombinasjon med større bruk av sosiale media  noko som igjen kan føra til at avisa blir ei endå viktigare debatt- og nyhendearena for heile Universitetet i Oslo.

Innsparinga i trykkingsutgifter vil styret investera i det redaksjonelle arbeidet i avisa.  Avgjerda fører ikkje til endringar i staben for avisa. 

Vedtaket inneber at styret for Uniforum ber om at Universitetsstyret  ved UiO godkjenner dagens avgjerd.

 

 

Emneord: Uniforum, Uniforum nett no, Media, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2016 18:11 - Sist endra 27. sep. 2016 20:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere