Prisdryss i Aulaen

Trond H. Torsvik  fekk utdelt forskingsprisen frå prorektor Ragnhild H. Hennum på årsfesten i Universitetets aula 2. september. UiO heidra også andre forskarar og dei beste doktorkandidatane under prisseremonien.

FORSKINGSPRIS: Trond H. Torsvik får applaus då han tar imot forskingsprisen frå prorektor Ragnhild H. Hennum.

Foto: Martin Toft

Det var feststemning i Universitetets aula då Universitetet i Oslo hylla eigna forskarar med forskingspris, formidlingspris, utdanningspris og innovasjonspris. Samtidig delte UiO  ut kongens gullmedaljar til fire uteksaminerte doktorkandidatar.

Forskingsprisen blei delt ut til professor Trond H. Torsvik ved Institutt for geofag og formidlingsprisen til nettstaden norgegshistorie.no ved instituttleiar Tor Egil Førland, Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH).

FORMIDLINGSPRIS: Tor Egil Førland tar imot formidlingsprisen på vegner av norgeshistorie.no (Foto: Yngve Vogt, Apollon)

Dessutan fekk professor Nils Damm Christophersen ved Institutt for informatikk utdelt innovasjonsprisen.

INNOVASJONSPRISEN: Nils Damm Christophersen får UiOs innovasjonspris. (Foto: Yngve Vogt, Apollon)

 

Og utdanningsprisen gjekk til det same instituttet, nemleg til Gruppe for design av informasjonssystem ved professor Tone Bratteteig

UTDANNINGSPRIS: Tone Bratteteig får utdelt utdanningsprisen på vegner av Gruppe for design av informasjonssystem ved Institutt for informatikk (Foto: Yngve Vogt, Apollon)

Dei siste prisane som blei delte ut, gjekk til fire uteksaminerte doktorkandidatar frå fire fakultet. Dei fekk alle utdelt H.M. Kongens gullmedalje. Det var Mariana Vietri frå Det medisinske fakultetet, Marianne Hem Eriksen frå Det humanistiske fakultetet, Jørgen Kjoshagen Trømborg og Tore Wig frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet.

STEMNING I AULAEN: Den norske Studentersangforening sang mellom anna "Champagnegaloppen" under utdelinga av UiOs prisar på årsfesten i Universitetets aula, 2. september (Foto: Yngve Vogt, Apollon)

 

Emneord: UiOs priser. Kultur, Forskning Av Martin Toft
Publisert 5. sep. 2016 11:54 - Sist endra 5. sep. 2016 11:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere