Fredagslunsj-blues på Blindern

Forfattaren Lars Saabye Christensen, journalist Tom Stalsberg og gitaristen Amund Maarud og trekkspelvirtuosen Stian Carstensen inviterte i dag alle venner av lunsj med kultur til ein musikalsk og poetisk kjøretur i Buicken tvers over USA.

BLUES MED HUMOR:  Lars Saabye Christensen, Tom Stalsberg, Amund Maarud og Stian Carstensen framførte prosjektet "Buicken" i Georg Sverdrups hus i formiddag

Foto: Ola Sæther

Kjøreturen med Buicken starta med at Lars Saabye Christensen og Tom Stalsberg saman med fotografen Lars Bones reiste til USA på reportasje for Dagbladet Magasinet. Dei kom heim med eit overskot av ord, bakrus, setningar, dårleg råd og stemningar, går det fram av programmet.

Seinare har kjøreturen med Buicken halda fram, men no er også gitaristen Amund Maarud og trekkspelvirtuosen Stian Carstensen med som passasjerar. Saman skapte dei ein både mystisk og god stemning under lunsj med kultur i Georg Sverdrups hus. Det var ganske mange frammøtte, men det hadde vore plass til eit par hundre til.

Så neste gong dei besøkjer Universitetet i Oslo, må endå fleire sjå seg råd til å ta ein halv time med påfyll av ny energi for å høyra mennene i Buicken lesa poesi og spela blues frå USA.  Det vil dei ikkje angra på.

Neste fredag blir det tango. Då spelar Orquesta del Centenario frå Buenos Aires  i professorboligen i sentrum kl. 12.15.

 

Emneord: Kultur, Musikk
Publisert 9. sep. 2016 15:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere