Fleire av nettsidene til Universitetet i Oslo var ute av drift litt før klokka 11 og fram til klokka 12.00 i formiddag. Dermed var det umogleg å koma inn på nettsidene til mellom anna Universitetsstyret, Uniforum og Apollon.
Underdirektør Kjetil Otter Olsen i IT-drift ved USIT (Universitetets senter for informasjonsteknologi) fortel at dei har funne feilen som slo ut store delar av UiOs nett i dag.
- Det var ein feil i den sentrale identifiseringstenesta som gjorde at systemet hikka. Dermed blei både nettsider, telefonnettet og epostsystemet nede,, seier han til Uniforum.
Førebels veit dei ikkje kvifor denne feilen oppstod:
- Nei, det veit me ikkje, men me jobbar for å finna svaret på det, lovar han.
Då Uniforum var innom USIT i formiddag, arbeidde dei tilsette hektisk med å spora opp feilen på nettet. Det lykkast dei altså med, sjølv om dei enno ikkje veit kva som var grunnen til at denne feilen dukka opp og fekk store delar av nettet til UiO til å bryta saman.
Logg inn for å kommentere