Universitetet i Oslo er mest nyskapande i Noreg

Universitetet i Oslo hamnar på 41. plass på lista over Europas mest nyskapande universitet. Ingen andre norske universitet er mellom dei 100 beste.

NYSKAPING: Ein av dei stadene det blir drive nyskaping på UiO, er i Ole-Johan Dahls hus i Gaustadbekkdalen. Det er også UiOs nyaste bygning. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Plasseringa gir også UiO ein tredjeplass i Norden. Det er berre Københavns Universitet og Danmarks Teknisk Universitet som gjer det betre enn UiO. Dei kjem på høvesvis ellevteplass og fjortandeplass.

Rangeringa er bygd på forskingsfunn og teljekantar utført av individuelle forskar, universitet, nasjonar og regionar. Mykje av grunnlaget er å finna i  forskingsdatabasen «Web of Science». Den blir eigd av Thomson Reuters, som også står bak rangeringa av dei mest nyskapande universiteta i Europa.

Belgia toppar

Heilt på topp på lista tronar Leuven-universitetet i Belgia. Deretter fylgjer Imperial College London i Storbritannia, fylgt av Cambridge-universitetet på tredjeplass. Av dei ti beste universiteta er tre frå Storbritannia, tre frå Tyskland, to frå Sveits, eitt frå Belgia og eitt frå Nederland.

UiO hevdar seg

Og som nummer 41 finn me Universitetet i Oslo. Det er universitetsrektor Ole Petter Ottersen svært nøgd med, spesielt når ein veit at det hovudsakleg er tekniske universitet som står på lista. «UiOs plassering viser at det er fullt mulig å hevde seg innen innovasjon også for en institusjon som er solid forankret i grunnforskningen», skriv Ottersen på sin eigen blogg i dag.  Han peikar også på at indikatorane som er brukte i denne rangeringa i stor grad har å gjera med patentar, siteringar og samarbeid med industri. Dette meiner han viser at rangeringa stadfestar resultata i Tilstandsrapporten og Forskingsbarometeret, som blei publiserte for ein månad sidan. Ottersen trekkjer fram at Tilstandsrapporten slår fast at UiO har det høgaste talet på forretningsidear og patentsøknader mellom dei norske universiteta, medan Forskingsbarometeret viser at UiO har mest felles forfattarskap med næringslivet, målt i talet på artiklar.

Kritisk til universitetsrangeringar

Sjølv om Ottersen er svært tilfreds med plasseringa til UiO på denne lista, gjentar han at han alltid tar resultata til slike rangeringar med fleire klyper salt. «Som leserne av denne bloggen vet, er jeg meget kritisk til universitetsrangeringer av denne typen. Men vi må bare erkjenne at rangeringer har offentlighetens interesse og at det alltid blir spørsmål om både plassering og metode. Og nå har vi altså for første gang en rangering av de mest innovative universitetene i Europa. Og Universitetet i Oslo er på listen – som det eneste i Norge.», understrekar han.

Tyskland og Storbritannia dominerer

Mellom dei 100 mest nyskapande universiteta i Europa finn me heile 24 frå Tyskland, 17 frå Storbritannia, men ingen frå Russland og Tyrkia, som er mellom dei mest folkerike landa i Europa. Det er tre universitet frå det vesle landet Irland med på lista, men ingen universitet frå Sverige og Finland, som er mellom dei mest velståande landa i Europa.

Men Noreg er altså representert med Universitetet i Oslo som nummer 41. I Norden er det berre danske universitet som slår UiO. Københavns Universitet er nummer 11 og Danmarks Tekniske Universitet er nummer 14. Dermed er Universitetet i Oslo Nordens tredje mest nyskapande universitet.

Les meir:

Europas 100 mest nyskapande universitet

Rektors blogg: Universitetet i Oslo på listen over Europas mest innovative universiteter

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikkk, Internasjonalisering, Innovasjon, Rangeringer Av Martin Toft
Publisert 15. juni 2016 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere