John-Arne Røttingen blir ny direktør for Forskingsrådet

John-Arne Røttingen blir ny administrerande direktør for Forskingsrådet. Det kunngjorde hovudstyreleiar Henrik O. Madsen på ein pressekonferanse på Lysaker tysdag 14. juni.

NY: John-Arne Røttingen blir ny administrerande direktør for Forskingsrådet. Han begynner i jobben i mars 2017. Han vil då overta etter dagens administrerande direktør, Arvid Hallén.

Foto: Ola Sæther

John-Arne Røttingen (47) blir ny direktør for Forskingsrådet. Han er i dag områdedirektør for smittevern, miljø og helse ved Folkehelseinstituttet og professor II ved Det medisinske fakultetet på Universitetet i Oslo. Røttingen var ikkje blant dei som hadde søkt jobben innanfor søknadsfristen. - Nei, eg var ikkje eingong klar over at stillinga var ledig før nokon gjorde meg merksam på det, fortalde han på pressekonferansen i Forskingsrådets hovudkvarter på Lysaker i ettermiddag.  

Samtidig gjorde hovudstyreleiar Henrik O. Madsen det klart at John-Arne Røttingen også blei oppfordra til å søkja jobben. Det førte til at Røttingen hadde eit møte med rekrutteringsbyrået Visindi..

- Då gjekk eg i tenkeboksen, og tok den første kontakten med tilsetjingsutvalet i hovudstyret til Forskingsrådet, opplyste Røttingen, som vil begynna i stillinga som administrerande direktør for Forskingsrådet 1. mars 2017. Då vil han få ei årslønn på 1,95 millionar kroner, ifylgje styreleiar Henrik O. Madsen.

Drøymde om å bli forskar

I ein samtale med Uniforum etter pressekonferansen fortel John-Arne Røttingen at han tidleg blei interessert i forsking.

- Eg las ein artikkel om medisinprofessor Lars Walløe der han fortalde at han hadde lyst til å bli forskar, men var ikkje sikker på om han var flink nok til det, så difor begynte han å studera medisin, slik at han også kunne få seg ei profesjonsutdanning. Difor begynte også eg på medisinstudiet, men allereie under det andre studieåret begynte eg å forska, minnest han. 

Så då han var ferdig med medisinutdanninga, var han allereie godt i gang med doktorgraden sin. Før han kom til Folkehelseinstituttet, var han i åtte år direktør for Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta.

- Kva gler du deg mest til i den nye jobben?

- Eg ser fram til å bli endå betre kjend med organisasjonen og dei tilsette som jobbar her i Forskingsrådet. Når me står på utsida av Forskingsrådet, ser me ikkje prosessen og analysane bak det som denne organisasjonen gjer. Når eg begynner som administrerande direktør, ser eg for meg å visa endå tydelegare kor viktig rolle Forskingsrådet spelar som forskings- og innovasjonspolitisk aktør.

Engasjert i global helse

John-Arne Røttingen var også forskingsleiar for det medisinske teamet som klarte å prøva ut ein vaksine mot ebola-viruset som råka store delar av Vest-Afrika i fjor sommar. 

- Eg kjem framleis til å vera engasjert i global helse og jobba for å få fram legemidlar og vaksinar på sjukdommar der legemiddelindustrien ikkje ser det som økonomisk interessant nok for dei, seier han. 

- Det er viktig både for Noreg og for Forskingsrådet å satsa på forsking på globale utfordringar og berekraft, legg han til.

Fram til no har han jobba som områdedirektør for smittevern, miljø og helse ved Folkehelseinstituttet. Fram til han begynner som ny administrerande direktør for Forskingsrådet, skal han jobba med internasjonale spørsmål i Folkehelseinstituttet. 

- Kort fortalt handlar det om eit globalt initiativ for å utviklar vaksinar for å unngå epidemiar, seier han. 

Vil lytta til forskarane

John-Arne Røttingen er også opptatt av å lytta til forskarane sine innspel og meiningar om Forskingsrådet.

- Eg vil vera ein talsperson for forskar-Noreg, og vil vera i dialog med heile forskarsamfunnet. Det er dei som har skoen på, og det er dei som utfører forskinga. Me skal berre tilretteleggja for den, understrekar han. 

Når han tar til i den nye jobben, må han også slutta som professor II ved Universitetet i Oslo. Han vil etter kvart også trekkja seg som leiar for rådet for HelseOmsorg 21. Det er ein nasjonal forskings- og innovasjonsstrategi for helse, som Helse- og omsorgsdepartementet har tatt initiativet til.

Emneord: Forsking, Medisin, Forskingspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2016 13:03 - Sist endra 15. juni 2016 00:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere