Obamas Cuba-besøk kan gi positive fylgjer for menneskerettar og handel

– Det kan vera at Cuba vil lempa på restriksjonar på nokre menneskerettar eller for private selskap. Og at USA også held fram med å  lempa litt på den strenge handelspolitikken overfor Cuba, trur Cuba-ekspert Vegard Bye før Barack Obama kjem til Havanna måndag 21. mars.  

 

OBAMA-BESØK: USAs president Barack Obama vil koma til Havanna når han som første amerikanske president sidan 1928, kjem på besøk måndag 21. mars. Kjærasteparet på biletet vandrar langs Havannas berømte strandpromenade, el Malecón.

Foto: Martin Toft

Den 21. mars landar USAs president Barack Obama på Cuba. Då blir han den første amerikanske presidenten som besøkjer nabolandet, sidan Calvin Coolidge var på øya i

1928. Barack Obama blir tatt imot av Cubas president Raul Castro.

Under det to dagar lange besøket skal dei ha politiske samtalar, men dei får også tid til å gå på baseballkamp mellom eit amerikansk og eit kubansk lag.

Forholdet mellom Cuba og USA har vore iskaldt heilt sidan Fidel Castros revolusjon i 1959.  I desember 2014 kom Obama med dei første signala på at ei endring var på gang. I fjor opna dei to landa ambassadar hos kvarandre.

Byggjer sitt utanrikspolitiske ettermæle

Den norske Cuba-eksperten og UiO-forskaren Vegard Bye ser besøket som utruleg viktig både for Barack Obama og Raúl Castro.

– Mange reknar med at både USAs president Barack Obama og Cubas president Raúl Castro vil koma med politiske nyhende når dei møtest i Havanna på måndag. Dei har begge stor interesse knytt til besøket, trur han.  

– Obama held på å byggja opp det utanrikspolitiske ettermælet sitt etter snart åtte år som president. I den historia vil tilnærminga både til Cuba og til Iran få ein viktig plass. Samtidig fører tøveret mellom USA og Cuba, til at Raúl Castro hjelper USA til å bli tatt inn i varmen i Latin-Amerika. Der har statsleiarane lenge pressa på for at USA skal oppheva handelsblokaden av Cuba, slår han fast.

– Og kva fordel vil Raúl Castro ha av denne tilnærminga?

– Han har lenge sett at dei gamle støttespelarane hans i Latin-Amerika er på veg ut av politikken. I Venezuela må president Nicolás Madero strida med store økonomiske og politiske problem. I Argentina har Cuba-vennlege Cristina Fernández de Kirchner overlate presidentroret til ein mykje meir konservativ president. Og i Bolivia tapte Evo Morales nyleg folkerøystinga der han bad om få ein tredje presidentperiode.

– Difor har Cuba nettopp inngått ein samarbeidsavtale med EU som opnar opp for at europeiske selskap kan starta med omfattande investeringar på Cuba. Det er klart at amerikanske selskap heller ikkje vil sitja stille og sjå på at ikkje-amerikanske selskap får lukrative kontraktar på Cuba, medan dei ikkje får lov, seier Vegard Bye.

MOTSTAND: – Den harde kjernen i Kommunistpartiet meiner USAs einaste mål er å få til regimeskifte på Cuba. Då har dei ikkje tatt innover seg at både president Obama og utanriksminister John Kerry klart har sagt frå at det er Cubas folk som bestemmer kven som skal bestemma i landet, seier Cuba-ekspert Vegard Bye. Førstkomande måndag kjem USAs president Barack Obama på eit historisk Cuba-besøk. (Foto: Ola Sæther)

– Har noko i ermet

Cuba-eksperten er sjølv ganske overraska over at Barack Obama reiser til Cuba no.

– I desember 2015 sa han at han ikkje ville dra til Cuba før det skjer noko meir positivt med menneskerettssituasjonen i landet. Når han

Fakta om forholdet mellom Cuba og USA:

1898: I den spansk-amerikanske krigen blei Cuba erobra av USA.

1902: Cuba blei formelt sjølvstendig, men gjennom Platt-tillegget frå 1901 tok USA til seg retten til å invadera landet og gripa inn i det nasjonale styret i landet.

1917-33:USA gjennomførte ein militær okkupasjon og utnemnde Cuba som eit økonomisk protektorat under USA.

1928: USAs president Calvin Coolidge besøkte Cubas president Gerardo Machado.

1952:  Fulgencio Batista tok makta gjennom eit statskupp. Om lag 20 000 menneske blei drepne dei åra han sat med makta.

1959: Fidel Castros geriljastyrkar vann makta over heile Cuba. Den kubanske revolusjonen er i gang. 1960: Cuba skriv under på ein handelsavtale med Sovjetunionen.

 i oktober innfører USA  handelboikott av Cuba

1961: USA medverka i ein mislykka invasjon i Grisebukta

1962: Cubakrisa: Sovjetunionen vil plassera atomrakettar på Cuba. USAs president John F. Kennedy trugar med krig. I siste liten vender dei sovjetiske skipa med atomrakettar om bord tilbake til Sovjetunionen.

1963: Cuba innførte eit politisk styre med Sovjetunionen som modell

2014: i desember varslar president Barack Obama og Raúl Castro at USA og Cuba vil gjenoppretta diplomatisk samband. Tøveret mellom Cuba og USA tar til.

2015: USA og Cuba opnar ambassadar i Havanna og i Washington D.C.

2016: i februar annonserer Barack Obama at han vil besøkja Raúl Castro på Cuba i mars

2016: Den 21. og 22. mars vil Barack Obama besøkja president Raúl Castro på Cuba.  Det blir første gong på 88 år at USAs president vitjar Cuba.

(Kjelder: Vegard Bye, Benedicte Bull, Huffington Post, New York Times, Store norske,Wikipedia)

reiser til Cuba, bør han ha noko meir i ermet. Det kan vera at Cuba vil lempa på restriksjonar på nokre menneskerettar eller for private selskap. Og det kan vera at USA også held fram med å  lempa litt på den strenge handelspolitikken overfor Cuba. Uansett så kan ikkje Obama på eiga hand oppheva handelsblokaden av Cuba. Det er det berre Kongressen som kan, understrekar han.

– Hillary Clinton var først ute

Det er vel kjent at det er stor motstand mot tilnærminga til Cuba i det eksilkubanske miljøet i USA. Men Vegard Bye meiner at dette er i ferd med å endra seg drastisk.

– Blant den yngre generasjonen eksilkubanarar er det mange som støttar Obamas politikk overfor landet som foreldra deira kom ifrå. Dette er signal som republikanarane Marco Rubio og Ted Cruz ikkje hadde fått med seg før dei gjekk til åtak på Obamas Cuba-politikk på nominasjonsmøta der dei prøvde å bli presidentkandidat for Det republikanske partiet.  Derimot har Donald Trump varsla at han kjem til å halda fram med å betra forholdet til Cuba, om han blir president.

– Det lovar sjølvsagt også både Hillary Clinton og Bernie Sanders. Sanninga er at Hillary Clinton var endå tidlegare ute enn Obama om å lova ein ny Cuba-politikk. Den interne kranglinga i Det republikanske partiet kan føra til at Det demokratiske partiet også får fleirtal i Kongressen. Då er det mogleg at USA også kan oppheva handelsblokaden av Cuba alt om eitt år, spår Vegard Bye.

Motstand på Cuba

Heller ikkje på Cuba er alle for at dei to landa er i ferd med å koma på vennskapleg fot med kvarandre.

– Den harde kjernen i Kommunistpartiet meiner USAs einaste mål er å få til regimeskifte på Cuba. Då har dei ikkje tatt innover seg at både president Obama og utanriksminister John Kerry klart har sagt frå at det er Cubas folk som bestemmer kven som skal bestemma i landet. Platt-doktrinen frå Cubas frigjeringskrig frå Spania opna for at USA kunne invadera landet dersom amerikanske interesser var truga. Denne doktrinen er no død, og det har både Obama og utanriksminister Kerry gjort heilt klart. Men den gamle garde i Kommunistpartiet nektar å sjå at politikken til tidlegare president George Bush jr. ikkje gjeld lenger.

– Den gongen hadde Bush jr. faktisk ei eiga gruppe som arbeidde for regimeendring på Cuba, på same måte som dei hadde grupper for regimeendring i Afghanistan og Irak. Eg trur at den viktigaste grunnen til motstanden er at når fiendebiletet av USA er borte, så kan ikkje Cubas regjering bruka trugsmålet frå USA til å legitimera avgrensinga av menneskerettar og demokratiske rettar overfor folket, meiner Bye.

 – Ikkje einige om nytt program

Kommunistpartiet har partikongress like etter Obamas besøk. Vegard Bye trur at Raúl Castro vil bruka besøket for å skaffa seg sjølv og støttespelarane sine, større legitimitet.

– Førebels har dei ikkje ein gong klart å bli einige om nytt program å vedta på kongressen. Ingen veit kva den mest sannsynlege etterfylgjaren til Raúl Castro,  første visepresident, Miguel Díaz-Canel meiner om korleis Cuba skal utvikla seg etter at Raúl Castro går av som president i 2018. Men det er ingenting som hindrar han i å halda fram som partileiar i endå fleire år, konstaterer han.

I fjor kom det 3,5 millionar turistar til Cuba. Undersøkingar viser at om Cuba hadde hatt ressursar til det, ville årleg over 20 millionar turistar ha kome til øya.

– Det er heilt klart at landet ikkje har logistikk til dette. Men 25 prosent av turist- og restaurantnæringa er kontrollerte av private interesser. Difor utgjer dei ein stor potensiell maktfaktor, men utan eiga organisering. Den kubanske landsorganisasjonen CTC, har paradoksalt nok,i enkelte høve opptredd som  talerøyr  overfor dei kubanske styresmaktene, for bedriftseigarar som er fagorganiserte.  

– Vil ikkje endra Cuba-politikken

Vegard Bye trur ikkje det vil vera mogleg for ein republikansk president å endra Cuba-politikken når Obama har gått av.

– Dei amerikanske selskapa vil investera på Cuba, og mange av eigarane er sympatisørar av Det republikanske partiet. Dei vil aldri finna seg i å trekkja seg ut av ein ny og lovande marknad som Cuba, resonnerer Vegard Bye. No er han i ferd med å skriva ei doktoravhandling om korleis økonomiske reformer kan føra til politisk endring på Cuba, avslører han.

Vegard Bye skulle gjerne ha vore på Cuba under besøket. – Kanskje aller mest for å ha vore tilhøyrar på idrettsstadionet der Rolling Stones gir ein gratiskonsert.  

Colombia-avtale

Også professor Benedicte Bull ved Nettverk for Latin-Amerikaforsking ved UiO, ser fram til Obamas besøk på Cuba. Ho ser også andre grunnar til at han tar denne turen no.

– Den endelege fredsavtalen mellom dei stridande partane i Colombia er snart klar. Opphavleg var tidsfristen for å underteikna fredsavtalen den 23. mars. Det kjem ikkje til å skje, men det er godt mogleg dei vil ha blitt einige om noko som dei vil ha merksemd rundt når Obama kjem til Havanna på måndag. Det kan vera viktig symbolsk, sjølv om det framleis vil ta fleire månader før partane er klare til å skriva under heile fredsavtalen, peikar ho på.

Cuba inne i den verdspolitiske varmen

Cuba og Noreg har saman vore tilretteleggjarar for desse fredsforhandlingane.

– Det har heilt klart fått Cuba inn i den verdspolitiske varmen. Samtidig er Cuba fjerna frå lista over land som støttar terrorisme. Difor har det også blitt lettare å få til eit betre forhold mellom USA og dei gamle revolusjonære på Cuba, er ho viss på.

Benedicte Bull viser til at det har kome ein del positive fylgjer for vanlege kubanarar av det litt mindre kalde forholdet mellom Cuba og USA.

– Det er enklare å ta imot pengar frå USA, det er lettare å reisa til og frå USA, og det er i ferd med å bli lettare å bruka internett. Sist, men ikkje minst, vil USA i løpet av året oppretta 110 daglege flygingar mellom USA og Cuba, oppsummerer ho.

Benedicte Bull håpar også det akademiske samarbeidet mellom UiO og kubanske universitet kan bli betre.

– Det finst samarbeid, men me har også opplevd problem på grunn av tungrodde kubanske system og politisk styring.

CNN-kommentator besøkjer UiO

Ein av dei som vil fylgja Obama-besøket på nært hald er forskaren Arturo Lopez-Levy frå  University of Texas  Han vil vera ekspert-kommentator for CNN i Havanna. Den 30. mars vil han koma til UiO og dela sine politiske analysar med alle interesserte.  

 (Kjelder: Vegard Bye, Benedicte Bull, Huffington Post, New York Times, Store norske, Wikipedia)

 

 

 

 

 

Emneord: Cuba, USA, Latin-Amerika, SUM Av Martin Toft
Publisert 17. mars 2016 17:19 - Sist endra 18. mars 2016 10:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere