Kunngjer vinnaren av Abelprisen 2016
Klokka 12 i dag blir vinnaren av Abelprisen 2016 kunngjort av preses Ole M. Sejersted i Vitskapsakademiet. Du kan få med deg kunngjeringa på direkten på Abelprisen sine nettsider.
HØGTRAVANDE: Abelprisen i matematikk er på 13 år blitt ein av dei mest prestisjetunge prisane i matematikk. Klokka 12 i dag blir namnet på årets prisvinnar kunngjort.
Alle som er interesserte i å få vita kven som blir årets vinnar av Abelprisen i matematikk, kan gå inn på direkteoverføringa frå Vitskapsakademiet i dag kl. 12.00. Då vil preses Ole M. Sejersted gå på talarstolen og avsløra namnet på prisvinnaren. Direkteoverføringa finn du her.
Les meir om Abelprisen
Emneord:
Abelprisen,
Matematikk
Publisert 15. mars 2016 11:26
- Sist endra 15. mars 2016 11:59
Logg inn for å kommentere