Naboen til Harry Hole

Alle veit at Jo Nesbøs politietterforskar Harry Hole bur i Sofies gate 5. Få veit at det er medisinprofessor Øivind Larsen og kona som eig bygarden. For turistane spelar han også ei rolle i universet til Harry Hole.

HARRY HOLES VENN: Medisinprofessor Øivind Larsen ropar til Oslo-guide Mari Atlanta Lunde at Harry Hole er bortreist for å skriva ei bok om forfattaren Jo Nesbø.  Det er Larsen og kona som eig bygarden Sofies gate 5, der Harry Hole bur, ifylgje romanane til Jo Nesbø.

Foto: Ola Sæther

Kvar tysdag kveld er medisinprofessor Øivind Larsen frå Universitetet i Oslo Harry Holes gode venn og nabo. Då tar Oslo-guide Mari Atlanta Lunde med seg turistar på Harry Hole-tur i Oslo. Dei dukkar alltid opp utanfor Sofies gate 5, bygarden der Jo Nesbøs berømte politietterforskar Harry Hole bur. På ringjeklokka står namnet Harry Hole. Når Mari Atlanta Lunde ringjer på, er det medisinprofessor Øivind Larsen som opnar vindauget og svarar turistane. 

«Skriv bok om Jo Nesbø»

Den tysdagen Uniforum er med, vil me gjerne vita kvar Harry Hole har tatt vegen. – Han er bortreist for å skriva ferdig boka om Jo Nesbø. Dessutan er han svært irritert fordi den amerikanske skodespelaren Michael Fassbender skal spela han i filmen «Snømannen» i staden for at dei hadde spurt han sjølv. Og han er svært lei seg for at han ikkje er med i dei to siste romanane til Jo Nesbø, humrar Øivind Larsen frå vindauget. 

Denne gongen inviterer Øivind Larsen inn både Uniforum og Oslo-guide og Harry Hole-ekspert Mari Atlanta Lunde. – Det er heilt fantastisk, seier ho i det ho set seg ned i ein stol i stova til Øivind Larsen. 

Brukar husværet som arbeidsrom

Korleis har så ein kjend medisinprofessor begynt å spela rolla som Harry Holes venn for turistane. – Det er vanskeleg å seia når det begynte. Kanskje det var den gongen eg oppdaga at nokon hadde klistra namnelappen Harry Hole på den døra i bygarden som går ut i Sofies gate. Men der er det ingen som går inn, og der er det inga ringjeklokke. Difor flytta eg namnelappen frå den døra ingen brukar, til hovuddøra ut mot Dovregata. Då kan folk ringja på, og eg har arbeidsrommet mitt akkurat i det husværet. Så kvar tysdag kveld er eg på plass når turistane deltar på ein Harry Hole-tur, fortel Øivind Larsen. 

Bygt av oldemora

Bygarden har tilhøyrt familien hans heilt sidan oldemora hans blei enkje 30 år gammal i 1880-åra, og begynte som entreprenør. Ho bygde opp både Sofies gate 5, og ein no nedriven bygard i nabogata. – Oldemora mi starta også Hjalmar Pedersens enkes kolonialforretning.  Det var ei driftig dame som levde heilt til 1948, då var ho langt over 90 år. Ja, eg hugsar henne godt, seier 77-åringen Øivind Larsen.

Kjend forfattar møtte opp

I dag er det han og kona som eig bygarden. Det bur også nokre få andre familiar der. Bortsett frå dei, er det mest studentar som bur der. 

– For ikkje så altfor mange år sidan stod det også ein mann som eg straks drog kjensel på, utanfor her saman med dei andre Harry Hole-turistane. Det var Jo Nesbø. 

– Eg veit at han budde i ein tidlegare stall i Dovregata 2, då han var musikar på heiltid. Det eg likar mindre, var at han skreiv ein song om ein Larsen som budde i Sofies gate 5, som var ein forfylla, gammal sjømann som var blitt torpedert fleire gonger under andre verdskrigen og som brukte å vanka på Schrøder, fortel han. 

– Viktig å leika

Men Øivind Larsen synest det er morosamt å spela vennen til Harry Hole. – Det er viktig å leika seg litt, sjølv om kona mi ikkje alltid er like begeistra for at eg går inn i den rolla, flirer han.

Harry Hole-guide Mari Atlanta Lunde prøvde mange gonger å ringja på dørklokka til Harry Hole. – Det gjekk minst eitt år frå eg starta Harry Hole-guidinga til eg fekk svar etter å ha ringt på døra. Då blei eg heilt paff, vedgår ho. 

– Då var det faktisk Øivind Larsen som kom ut i vindauget og sa at Harry Hole ikkje var heime, men at han kunne ta imot beskjedar til han. Seinare har me hatt eit fantastisk samarbeid, og eit fint vennskap, fortel ho. 

Spesialiserte seg på Harry Hole

Det var i 2011 ho tok eksamen som Oslo-guide. – Eg kunne berre guida på norsk og engelsk, og derfor var det ikkje så mange jobbar til meg. Ein laurdag sette eg meg difor ned med papir og blyant og prøvde å koma på korleis eg kunne finna på ein liten nisje som ville gi meg fleire oppdrag. Då kom ideen om å laga ein Harry Hole-tur, til meg. Eg begynte å lesa alle Jo Nesbøs bøker om Harry Hole. Så  skreiv eg eit manus og laga eit turopplegg, seier ho til Uniforum. 

Turen startar på Karl Johan, går til Tinghuset, via Vår Frelsers Gravlund og til Harry Holes stamkafé Schrøder, før den går vidare til bygarden i Sofies gate 5, og den endar opp på SAS-hotellet. – Det er den einaste guida Oslo-turen som går kvar tysdag gjennom heile året. I dag har eg utdanna sju andre Oslo-guidar som har spesialisert seg på Harry Hole.  Me får nemleg mange ynske frå både personar og bedrifter som vil delta. Det hender det er opp til 15 personar med på ein vanleg tur, fortel ho stolt. 

Førebels har ho ikkje sett noko til dei som spelar inn filmen «Snømannen» i Oslo. – Når dei kjem til Schrøder, vil eg gjerne vera til stades.  Den 17. oktober 2017 veit ho i alle fall kva ho skal gjera.

– Då vil eg dra til verdspremieren på filmversjonen av «Snømannen.»

FAST STOPP: Kafé Schrøder er stamstaden til Harry Hole, og også til Osloguide Mari Atlanta Lunde når ho har med seg turistar på Harry Hole-tur (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Kultur, Litteratur Av Martin Toft
Publisert 3. feb. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere