Fanny Duckert blir ny dekan på SV-fakultetet

Psykologiprofessor Fanny Duckert blir ny dekan på SV-fakultetet etter Knut Heidar. Sist gong fakultetet skulle ha dekan, melde ho seg på, men blei ikkje nominert. – Denne gongen har prosessen vore langt meir ryddig, seier ho til Uniforum.

SKAL STYRA SV-FAKULTETET: Psykologiprofessor Fanny Duckert blir ny dekan ved SV-fakultetet frå nyttår.Med seg på laget for ho statsvitskapsprofessor Bjørn Erik Rasch (t.v.), som  blir prodekan for undervisning og økonomiprofessor Geir Asheim, som blir visedekan for forsking.

Foto: Ola Sæther

Psykologiprofessor Fanny Duckert prøver å femna breitt når ho har plukka ut sitt dekanlag. Statsvitskapsprofessor Bjørn Erik Rasch blir prodekan for undervisning, og økonomiprofessor Geir Asheim blir visedekan for forsking.

Fanny Duckert melde sitt kandidatur etter at fristen var gått ut, men det var ikkje for at ho ikkje hadde lyst på vervet. – Det blir spennande å bli operativ leiar for SV-fakultetet. Og sjølv om det ikkje er nokon motkandidat, tykkjer eg at valkomiteen har fylgt dei demokratiske spelereglane betre denne gongen, understrekar ho.

– Ingen valkamp

Duckert er klar over at det var ein dekankandidat til, men at vedkomande trekte seg då ho melde kandidaturet sitt.

– Dermed blir det ingen valkamp, men då får me i staden brukt kreftene på å presentera dei tankane og visjonane me har for Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Dessutan kunne eg plukka ut mitt lag mellom dei beste kandidatane utan konkurranse frå andre, seier ho.

Fanny Duckert er svært nøgd med at Bjørn Erik Rasch og Geir Asheim har sagt ja til å bli prodekanane hennar.

– Begge har røynsle frå studieadministrasjon og forskingsadministrasjon. Rasch som undervisningsleiar ved Institutt for statsvitskap og Asheim som leiar for doktorgradsutdanninga ved Økonomisk institutt, viser ho til.

Sa ja til Fanny Duckert

Rasch var glad for at han blei spurt av Fanny Duckert.

– Tidlegare har eg også blitt spurt, men takka nei. Denne gongen føler eg at me har eit godt lag som eg har stor tru på, og som eg difor takka ja til å bli ein del av, forklarar Rasch. Økonomiprofessor Asheim er einig. – For oss blir det viktig å få setja både undervisning og forsking i sentrum. Mange av studia våre trekkjer dei aller beste studentane hit, slår han fast.

 – Samfunnsvitskapen har framtidsløysingar

Den komande dekanen, Fanny Duckert meiner at SV-fakultetet i større grad kan få fram kor viktig forskinga og studia er.

– I den offentlege debatten er ikkje samfunnsvitskapleg forsking eit sentralt tema når det blir snakka om korleis me skal klara å skapa ei berekraftig og klimavennleg framtid. Det er ikkje nok med teknologiske nyvinningar om me samtidig gløymer å rekna med menneska som skal leva og bu i og skapa framtidssamfunnet. Menneskekunnskap vil alltid vera sentral i utviklinga av framtida.

– Samtidig er det ingen land som brukar meir pengar per innbyggjar på samfunnsforsking enn Noreg?

– Ja, det er rett, og dette er kanskje noko av grunnlaget for den vellykka samfunnsmodellen. Men forskingsløyvingane til samfunnsvitskapen står i fare for å bli reduserte. Me ynskjer å forhindra det, understrekar Duckert.

– Velfungerande fakultet

Likevel er ho stort sett nøgd med fakultetet ho skal overta.

– SV-fakultetet er eit av dei mest veldrivne og velfungerande fakulteta ved UiO. Eg veit om fakultet som er langt meir kaotiske. Fleire av fagmiljøa våre tiltrekkjer seg heile tida gode studentar, konstaterer ho.

Duckert viser til at SV-fakultetet femnar breitt heilt frå psykologi, sosiologi og sosialantropologi til statsvitskap, samfunnsøkonomi og samfunnsgeografi.

– Hovudpoenget vårt er at me skal halda fram med den gode drifta av fakultetet, og samtidig skal me satsa endå meir på studiekvalitet, seier ho.

Og Bjørn Erik Rasch legg til:

– Oppgåva vår blir også å finna gode former for oppfylging. Det er dessutan viktig å fylgja opp arbeidet med å utvikla nye evaluerings- og innleveringsmetodar, meiner han.

– Det har vore stor strid om nedlegginga av gruppeundervisning og kollokvium på SV-fakultetet. Vil de oppretta desse tilboda på nytt?

– Dette er det opp til grunneiningane å vurdera, men me vil leggja til rette for at seminar og kollokviegrupper blir prioriterte, lovar Rasch.

Alle tre lovar å satsa på tre viktige ting.

– Studiekvalitet, forskingsbasert undervisning og internasjonalisering er svært viktige område for oss. Målet vårt er også at SV-fakultetet skal få fleire senter for framifrå forsking. Og ingen av oss går motstrevande inn i dette. Dette er noko me vil, garanterer dei.

Litt tid til forsking

Fanny Duckert håpar at ho skal bli ferdig med ein forskingsartikkel i løpet av dei første månadene som dekan, men elles innser ho at det blir lita tid til forsking.

– Eg gler meg til å bli dekan og føler at eg har veldig lyst til dette. Begge prodekanane vil arbeida i halv stilling kvar. – Me vil difor få tid til å halda fram med forskinga vår, seier dei. Dei ynskjer også å rosa resten av staben ved fakultetet. – Både studieadministrasjonen og forskingsadministrasjonen gjer ein fantastisk jobb for oss. Me ser fram til å arbeida saman med dei, og me vil heilt sikkert bli eit godt lag, slår dei fast.

Både Fanny Duckert og Bjørn Erik Rasch tar til i verva som dekan og prodekan for undervisning 1. januar 2012, medan Geir Asheim tar til i vervet som visedekan for forsking 1. august 2012.

Resten av vallovnadene til det nye dekanatet kan du lesa om i handlingsprogrammet.

Trekte seg som dekankandidat

Det var sosiologiprofessor Lise Kjølsrød som først sa ja til å vera dekankandidat på SV, før ho trekte seg. Ho var først leiar for valkomiteen, og då ingen melde seg verken før fristen eller innanfor den utvida fristen, melde ho på seg sjølv som kandidat, samtidig som ho gjekk heilt ut av valkomiteen.

Fanny Duckert:

Psykologiprofessor ved UiO

Instituttleiar ved Psykologisk institutt frå 2002-2008

Ein av fem rektorkandidatar i 2005

Aktuelle verv:

Styreleiar for forskingsprogrammet: ”Noreg som global partnar” (NorGlobal) i Noregs forskingsråd (NFR)

Styreleiar, Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning (NUFU) og Masterprogrammet (NOMA), Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU)

Styreleiar, Den internasjonale sommarskulen (ISS), UiO 

Fagstyreleiar, Nasjonalt kompetansesenter for minoritetshelse (NAKMI) 

Leiar, Nord-Sør-utvalet, UiO

Medlem, fagråd, Tverrfagleg, spesialisert rusbehandling, Helse Sør-Øst

Aktuell som:

Ny dekan ved SV-fakultetet frå 1. januar 2012

 

 

– Då valkomiteen som overtok etter meg, fann å kunna godkjenna Fanny Duckert som kandidat, sjølv om ho melde seg på lenge etter fristen, syntest eg at det ikkje lenger var naudsynt å oppretthalda kandidaturet mitt. Difor trekte eg meg tilbake, seier Lise Kjølsrød til Uniforum.

– Det var sjølvsagt ikkje noko ynske frå valkomiteen om at dekankandidaten skulle springa ut frå komiteen. Det kan gi ei løysing på eit kinkig problem, men når det til slutt melde seg ein kandidat, var det ikkje lenger naudsynt, seier ho til Uniforum.

– Prioriterer ikkje leiarverv

Lise Kjølsrød synest det er eit problem at det skal vera så vanskeleg å få folk til å seia ja til å ta på seg dekanvervet på SV-fakultetet.

– Fakultetet boblar over av talent, men alle ynskjer å prioritera forskinga. Det er ingen spøk med valde leiarar. Forskinga fortrengjer prestisje både frå administrasjon og rettleiing av studentar. SV-fakultetet har hatt mange gode dekanar, men dei har fått få fjør i hatten for det, har ho lagt merke til. No er ho glad for at det i alle fall er ein kandidat til dekanvervet.

– Det er all mogleg grunn til å slutta opp om Fanny Duckert som SV-dekan. Ideelt sett skulle me sjølvsagt hatt eit reelt val, men det er ikkje alltid mogleg å få til, har ho røynt.

Les meir om dekanvalet ved SV-fakultetet i 2007:

http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2007/06/fanny-duckert-stiller-ikkje-som-dekankandidat.html

http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2007/05/knut-heidar-vil-ha-motkandidat.html

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Dekanvalg, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. sep. 2011 10:27 - Sist endra 1. sep. 2011 12:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere