UiO held minnemarkering for offera for terrorismen

- UiO er sterkt prega av det som skjedde på Utøya og Oslo fredag 22. juli. Samtidig er det rørande å sjå korleis heile verdssamfunnet støttar opp og korleis heile nasjonen står samla i sorga. Det har mykje å seia for dei berørte og pårørande, seier universitetsdirektor Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. UiO vil halda ei eiga minnemarkering på Frederikkeplassen måndag 8. august klokka 12.00.

SAMAN I SORGA: AUF-medlemane i kø for å skriva under kondolanseprotokollen i Universitetetets aula måndag 25. juli.

Foto: Ola Sæther

Universitetetet i Oslo sette i verk beredskap ved heile institusjonen straks etter massedrapa på Utøya og bombeåtaket i Regjeringskvartalet i Oslo. - Me har heile tida arbeidd tett saman med Studentparlamentet og Velferdstinget. Og Villa Eika har hatt ope hus for ungdommar som vil trøysta kvarandre heilt sidan laurdag kveld. Det har kome studentar både frå UiO og frå andre høgskular. For meg har det vore gripande å vera vitne til kor mykje kjærleik dei har gitt kvarandre, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum. 

Minnemarkering

Også Studenthelsetenesta ved Studentsamskipnaden har deltatt i sorgarbeidet etter dei to tragediane og vore tilgjengeleg for dei som har trengt ekstra omsorg og hjelp.

- For at me kan stå saman i sorga og visa omsorg og omtanke for kvarandre, dei pårørande og offera, vil Universitetet i Oslo ha ei minnemarkering på Frederikkeplassen måndag 8. august kl. 12.00.  Då vil leiaren av Blindern AUF, Emil Stoltenberg, rektor Ole Petter Ottersen, leiaren for Studentparlamentet, Stian Skaalbones og eg halda appellar. Koret Grex Vocalis vil også delta. Eg håpar alle som har høve til det vil delta på den markeringa, oppfordrar universitetsdirektøren.

Bjørneboe har sett stor pris på at  regjeringa har gitt Universitetet i Oslo høve til å  bidra i sorgarbeidet etter dei to tragediane.

- Det var spesielt å få ein telefon frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus sist sundag med førespurnaden frå regjeringa om dei kunne bruka Universitetets aula som arena for markeringa av eitt minutts stille måndag klokka 12.00. Det skjedde rett før kondolanseprotokollen blei lagt fram for underskriving i det same lokalet, og der kong Harald, statsminister Jens Stoltenberg og andre representantar for kongehuset, regjeringa og Stortinget også var til stades. Heilt sidan kondolanseprotokollen blei lagt fram, har over 20 000 menneske skrive ei helsing i protokollen og pågangen er så stor at Fylkesmannen vil halda Aulaen open også førstkomande måndag 1. august mellom klokka 10.00 og 18.00, slik at fleire får høve til å skriva under kondolanseprotokollen, fortel Bjørneboe.

- Svært rørande

Som alle andre i Noreg er ho personleg sterkt prega av det som er hendt.

- Det som gjorde størst inntrykk på meg var då eg var på Universitetsplassen sist måndag og såg AUF-ungdommen som hadde vore pà Utøya koma ut av Aulaen etter at dei hadde skrive under kondolanseprotokollen. Det var svært rørande å sjå korleis dei flotte AUF-ungdommane kom ut på Aulatrappa med armane rundt kvarandre og korleis folket spontant applauderte dei. Det var sterkt å sjå ansikta til dei som hadde opplevd det som ingen bør få oppleva. Seinare på dagen var det fint å kunna gå saman med mellom 300 og 400 studentar frå Villa Eika og  Chateau Neuf  til rosetoget i Oslo sentrum. Nedover Bogstadveien kunne dei dela ut roser til dei som ikkje hadde fått tak i roser. Saman med nærare 200 000 menneske i Oslo sentrum blei dette ei stille markering mot terrorismen på Utøya og i Oslo. Det viser at gjerningsmannen ikkje vil lykkast i det han hadde som intensjon. Eg vil difor sitera det som AUF-aren Stine Renate Håheim sa til CNN:  "Om en mann kan vise så mye hat. Tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen". Eg er imponert over den flotte ungdommen på UiO, fortel Bjørneboe.

Sender ut notat

Denne veka vil Universitetsleiinga senda ut eit eige notat til alle einingane om naudsynt oppfylging i samband med det som har skjedd. - Det vil innehalda informasjon om kva me forventar at einingane kan bidra med i samband med mottaket. UiO vil styrkja fadderordninga og kontakten mellom studentane og dei tilsette når dei 6000 nye studentane begynner den 15. august. Me skal syta for at dei nye studentane får trygge rammer rundt seg frå den første dagen dei er på universitetet.

- Veit du om nokon på universitetet er direkte ramma av dei to tragediane?

- Førebels held me oss berre til informasjonen om stadfesta døde som Politiet publiserer kvar ettermiddag klokka 18.00. Det er viktig at alle einingane er førebudde på å ha eit lågterskeltilbod til alle som treng ekstra omsorg og omtanke fordi dei eller deira nære er mellom dei berørte. Samtidig vil eg gi honnør til alle dei tilsette og studentane for det arbeidet dei har gjort og den måten dei har takla det som har hendt på.

- Vil det som er skjedd få noko å seia for markeringane av UiOs 200-årsjubileum i september?

- Statsminister Jens Stoltenberg har sagt "Vi skal ta tryggheten tilbake". Det er den beste måten å heidra offera etter tragediane på. Det er også vår haldning. Difor vil  alle planlagde aktivitetar  halda fram ii verdige former, understrekar Gunn-Elin Bjørneboe. 

(Oppdatert 2. august)
 

Emneord: Studentforhold, Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 28. juli 2011 11:23 - Sist endra 3. aug. 2011 10:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere