Norsk forskar: – Tyske helsestyresmakter gjorde for dårleg jobb

– Tyske helsestyresmakter gjorde ein altfor dårleg jobb med å spora opp kvar den giftige E.coli-bakterien kom ifrå. Det seier professor Per Einar Granum til Uniforum. Han er leiar for Senter for mattryggleik ved Noregs veterinærhøgskule og ein av Noregs fremste ekspertar på  E.coli-bakterien.

PERSONSMITTE: – Ofte kan det vera personar som jobbar med matvarer som har E.coli-bakterien  i seg og som spreier smitten vidare gjennom dei grønsakene dei tar i med hendene sine.  meiner Per Einar Granum som er leiar for Senter for mattryggleik ved Noregs veterinærhøgskule.  

 

– Sjølv om slike typar bakeriar oftast kjem frå produksjonsdyr, kan dei koma gjennom vatning med kloakkforureina vatn. Den kan også koma frå folk  som arbeider med  grønsaker, ikkje frå sjølve grønsaka,  forklarar professor  Per Einar Granum  på Senter for mattryggleik ved Noregs veterinærhøgskule. Han er svært lite imponert over den jobben dei tyske helsestyresmaktene har gjort for å finna ut kva som var smittekjelda til den giftige  E.coli-bakterien som har tatt livet av nærmare 40 personar i Nord-Europa.   

Forskarar diskuterte 20 bakteriar

– Dei var raske med å peika på agurkar frå Spania som årsaka til utbrotet, før dei skifta meining og meinte det heller kunne vera bønnespirar frå ein økologisk gard i Tyskland, seier Granum ,som denne veka har deltatt på den internasjonale konferansen ETOX15 - European Workshop on Bacterial Protein Toxins  i Oslo. Konferansen,  som blir skipa til av bioteknologiske forskingssenter og institutt ved UiO og Noregs veterinærhøgskule samlar forskarar frå 16 land som har diskutert 20 forskjellige bakteriar og toksinane deira.

Tidlegare denne veka  var Per Einar Granum i elden med eit foredrag om heilt andre bakterietypar enn  E.coli-bakterien.  Nett no er det likevel E.coli-bakterien som er mest i skotet på grunn av det alvorlege utbrotet i Tyskland.

– Det er ikkje  E.coli-bakterien  i seg sjølv som er mest alvorleg i dei tilfella. Den produserer berre den blodige diareen. Det mest alvorlege er at E.coli-bakterien lagar  eit toksin  som fører til nyresvikt fordi det tettar igjen kanalane i nyrene. Dermed samlar stoff som skal gå frå blodet og ut i urinen seg  i blodet til dei personane som får denne smitten i seg, forklarar Granum. 

Vatnar grønsaker med dårleg vatn

Han synest det er altfor enkelt av helsestyresmaktene i delstaten Niedersachsen straks å peika ut spanske agurkar som smittekjelda.

– Alle veit at Spania, Italia og Hellas har svært tørre landbruksomåde og lite tilgang på vatn. Difor vatnar dei grønsakene med vatn som inneheld kloakkrestar.  Det kan lett føra til at grønsakene får E.coli-bakterien i seg, sjølv om det ikkje var tilfellet denne gongen.  Ofte kan det vera personar som jobbar med matvarer som har E.coli-bakterien  i seg og som spreier smitten vidare gjennom dei grønsakene dei tar i med hendene sine. 

– Dei tyske helsestyresmaktene burde difor kartlagt betre kven av dei som jobba med behandling av mat, som hadde fått diaré på grunn av E.coli-bakterien.Då trur eg dei kunne funne svaret tidlegare, meiner Granum.   

– Farlegare å eta økologiske grønsaker enn kjøt

Det som har skjedd i Tyskland er også eit døme på ein annan påstand frå Per Einar Granum.

– Det er ofte farlegare å eta grønsaker enn kjøt viss ein vil unngå å få i seg E.coli-bakterien og andre smittestoff.  Økologisk landbruk brukar husdyrgjødsel for å få grønsakene til å veksa, i staden for kunstgjødsel. Og det er nettopp i fersk husdyrgjødse lE.coli-bakterien  kan finnast,  slår han fast. 

I Noreg var det eit alvorleg utbrot av diaré på grunn av E.coli-bakterien  i 2006. Då døydde ein person, medan svært mange blei svært sjuke. 

– Nofima mar på Ås har faktisk utvikla ein metode for å hindra a tE.coli-bakterien  overlever i spekemat.  Vanlegvis blir den lagra i rom med ein temperatur på 20 grader. Før spekepølsa skal leverast til butikkane blir temperaturen heva til rundt 40 grader. Då døyr E.coli-bakterien , seier Granum.  

– Kva er den beste måten å unngå smitte frå den giftige E.coli-bakterien på?

– Det viktigaste er å halda alle som kan ha blitt smitta unna all matlaging til dei er blitt friske igjen.

 

Emneord: Medisin, Naturfag, Biologi, Bioteknologi Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 23. juni 2011 13:53 - Sist endra 26. juni 2011 20:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere