Fekk innovasjonspris for varmevekslar

Doktorstipendiat Stig Grafsrønningen og professor Atle Jensen ved Matematisk institutt har i fellesskap utvikla ein ny type varmevekslar for undersjøisk oljeboring. No er dei blitt premierte med Inven2 sin innovasjonspris på 100 000 kroner.

BYLGJELABORATORIET: Utprøvinga av den nye matematiske modellen for den nyutvikla undersjøiske varmevekslaren har gått føre seg i bylgjelaboratoriet i Niels Henrik Abels hus, fortel professor Atle Jensen (t.v.) og doktorstipendiat Stig Grafsrønningen ved Matematisk institutt.

Foto: Ola Sæther

Dei har via Doffin (Database for offentlige innkjøp) i fellesskap søkt om patent på den nye metoden dei har utvikla for undersjøiske varmevekslar. Ingen av dei hadde tenkt på at dette ville gi dei ein pris.

– Nei, me visste ikkje om at me var nominerte eingong, seier Atle Jensen og Stig Grafsrønningen til Uniforum. Dei fekk først vita om prisen og prispengane dagen før me intervjua dei.

Ein del av doktoravhandlinga

– Dette arbeidet er doktoravhandlinga til Stig Grafsrønningen, og målet vårt var berre å utvikla ein matematisk modell for korleis det kunne vera mogleg å utnytta og implementera ein varmevekslar betre på ei undersjøisk oljeplattform eller prosesseringsanlegg. Mange av dei minste oljefelta kan ikkje bruka store plattformer for å utvinna olje. Det er ikkje økonomisk rekningssvarande, forklarar Jensen.

Gir betre utnytting av mindre oljefelt

Og Stig Grafsrønningen held fram.

– Difor blir det no utvikla mindre, fjernstyrte, undersjøiske plattformer, som likevel gir oljeselskapa høve til å utvinna olje, også frå dei mindre oljefelta. Varmevekslaren me har utvikla, vil gjera prosessen med å senka temperaturen frå mellom 150 og 100 grader til 20 grader raskare og betre. Det må nemleg til for at olja skal gå gjennom røyrleidningane og vidare til ilandføringsanlegget. Det skjer når det blir sprøytt kald gass inn i varmevekslaren, fortel Stig Grafsrønningen.

For han er dette doktoravhandlinga hans som blir finansiert av petroleumsprogrammet til Forskingsrådet. Til dagleg er han tilsett ved ingeniørfirmaet FMC Technologies, men dei siste åra har han fått lønna permisjon for å ta doktorgraden sin ved Matematisk institutt ved UiO.

Vil tilbake til næringslivet

– Og sjølv om eg prøver å lokka han med gull og grøne skogar om han vel eit vidare forskarliv, så vil han tilbake til arbeidsgjevaren sin når han er ferdig med doktoravhandlinga neste år, smiler Atle Jensen.  

FMC Technologies er verdsleiande på utvikling av undersjøiske oljeprosesseringsanlegg. Alle utprøvingane og forsøka til doktoravhandlinga har dei gjort i bylgjelaboratoriet i Niels Henrik Abels hus.

UiOs og Oslo universitetssykehus sitt felles teknologioverføringsselskap, Inven2 har hjelpt til med kommersialiseringa av oppfinninga deira. Førebels har dei berre sendt inn ein patentsøknad til Doffin.

– Interessa frå industrien har me enno ikkje merka, men det kan endra seg, meiner både Jensen og Grafsrønningen. – Me synest det er morosamt at me som blir kalla for bruksretta eller anvendte matematikarar, også får ein innovasjonspris. Det skjer ikkje ofte, ler Atle Jensen.

– Det er artig å driva med forsking som blir lagt merke til. Og interessa for den bruksretta forskinga som me driv på med, har vore stor, seier Grafsrønningen.

Prispengane trur dei vil gå inn i drifta og den vidare forskinga på dette området. – Me synest det er fint å bli heidra på denne måten, seier Jensen og Grafsrønningen.

 

 

Emneord: Naturfag, Realfag, Priser, Matematikk Av Martin Toft
Publisert 16. juni 2011 11:02 - Sist endra 16. juni 2011 13:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere