Hardtslåande forskar satsar på OL-medalje

Doktorstipendiat Ingrid Egner satsar både på å ta medalje i boksing i OL i London i 2012 og på ein forskarkarriere ved UiO. – Eg er privilegert som får halda på med dei to tinga eg likar best i verda, seier ho

OL- OG FORSKARKARRIERE: Doktorstipendiat Ingrid Egner satsar både på å ta medalje i boksing i OL i London i 2012 og på ein forskarkarriere ved UiO.

Foto: Ola Sæther

Uniforum møter Ingrid Egner (28) på arbeidsplassen hennar ved Institutt for molekylær biovitskap ved UiO. Dagen før har ho tatt sølvmedalje i ei bokseturnering i Tsjekkia.

– Eg tapte 0-2 i finalen mot den russiske verdsmeisteren. Og under kampen blei eg klar over at det faktisk var mogleg å slå henne. Så eg er godt nøgd med andreplassen, seier ho.

– Og du har ikkje tapt nokre hjerneceller på den kampen?

– Nei, det må i tilfelle vera dei minst robuste hjernecellene som har gått tapt, smiler ho. Og Ingrid Egner føler at ho blir respektert både i boksemiljøet og i forskingsmiljøet for vala ho har gjort.

– Stereotypien av boksarar er jo at dei ikkje er så smarte. Det som er sant, er at dei fleste kvinnelege toppidrettsutøvarar også skaffar eg ei ordentleg utdanning, fortel ho.

Ser på effekten av anabole stereoidar

Ingrid Egner held no på med ei doktoravhandling om regulering av muskelkjernetal ved bruk av anabole stereoidar.  

– Utgangspunktet var ein artikkel som tyda på at styrkelyftarar som hadde brukt anabole stereoidar tidlegare og ikkje trena lenger, hadde fleire muskelkjernar enn dei som trena aktivt. Eg skreiv eit lesarinnlegg om dette i Dagbladet. Det gjorde at eg gjekk i brodden for å få forska endå grundigare på det. Det var bakgrunnen for at eg valde dette temaet i doktoravhandlinga mi, då eg kom hit frå Noregs idrettshøgskule, forklarar ho.

I august i fjor blei nokre av funna presenterte.

– I ein artikkel som forskargruppa vår publiserte i det vitskaplege tidsskriftet PNAS og som eg var medforfattar av, viste me at muskelkjernar ikkje forsvinn, sjølv om muskelcellene blir mindre og at det auka talet på muskelkjernar som fylgje av trening, er permanent. Anabole stereoidar aukar også kjernetalet. Me vil undersøkja om denne effekten også er permanent.

– Dersom me finn ut at anabole stereoidar har ein langtidsverkande effekt på kjernetalet, bør dette absolutt ha noko å seia for utestengingstida for toppidrettsfolk som har brukt desse stoffa. Viss det har ein effekt, bør dei stengjast ute på livstid, slår ho fast.

Egner ser likevel at det kan gjerast unntak i enkelte tilfelle.

– Dei som var i eit dårleg miljø då dei var 17 år, og ville gjera det for å sjå barske ut, skal ikkje lata det koma i vegen for at dei vil satsa på ei idrettskarriere når dei er 25, meiner ho. 

– Musklar veks utan trening

– Dei som brukar anabole stereoidar, treng ikkje trena for å få større musklar. For å bli god i ein idrett, må ein nok det, men hos forsøksmusa våre veks musklane, sjølv om dei ikkje trenar, når me kontrollerer dei mot mus som trenar utan bruk av anabole stereoidar. Du finn oftast prestasjonsfremjande middel i idrettar som krev ekstremt uthald eller kraft. Sjeldnare i taktiske og tekniske idrettar. Difor finn ein det på 100 meter sprint og i vektløfting. I idrettsgreiner der det handlar om å halda ut lengst mogleg, er det vanlegaste stimulerande middelet EPO. I andre land styrer prestasjonane dine om du får ein plass på college eller får ei inntekt til familien din. Derfor kan freistinga til å ta i bruk snarvegar, lett bli større enn i Noreg, der me stort sett driv idrett fordi me likar det, seier Egner.

– Idrett og forsking handlar om å prestera

Boksaren og forskaren Ingrid Egner ser mange likskapar mellom idrett og forsking.

– Det handlar om å gjera det beste ein kan for å prestera best mogleg resultat. Av og til lykkast ein og av og til mislykkast ein. På begge område er det fantastisk kjekt når ein vinn eller gjer eit viktig vitskapleg funn. Ein annan felles eigenskap er at ein både innanfor boksing og forsking må vera svært disiplinert.

– Sidan eg driv med to ting som eigentleg er to heiltidssyslar, må eg organisera dagen svært nøye. Det er difor ein stor fordel for meg at eg har fått lov til å gå ned i 75 prosent stilling som stipendiat, med fridom til å koma og gå som eg vil. Eg er glad for at UiO gir meg så frie taumar, fortel ho.

Det var ikkje før ho blei 17 år, at Ingrid Egner tok til med boksing.

– Før det dreiv eg med kick-boksing, inspirert av broren min som dreiv med Kung Fu.  Dessutan har eg vore innom både riding, friidrett, fotball og turn.

– Så mora di prøvde ikkje å tvinga deg til å begynna med ballett?

– Nei, ho er berre opptatt av at eg må bli kjendis. Så ho skulle gjerne sett meg i ”Skal vi danse?” flirer ho.

– For meg har det vore veldig fint å driva med amatørboksing. Det er ein lagidrett der ein vinn eller taper på poeng. Og så brukar me hjelm i motsetning til i proffboksing, der kampane går utan hjelm og heller ikkje alltid blir stoppa når det er naudsynt.

Vil ikkje bli proffboksar

– Så du satsar ikkje på ei karriere som proffboksar slik Cecilie Brækhus har gjort?

– Nei, då måtte eg også ha stilt opp som bikinimodell og reklamert for diverse andre ting. For det er det dei tener pengar på. For meg er målet OL i London i 2012 og ta ein medalje der. Då har eg nådd mitt maksimale ambisjonsnivå, og så kan eg konsentrera meg om doktoravhandlinga.

– Og om du ikkje klarer det?

– Då må eg nok alvorleg vurdera å satsa mot OL i Rio de Janeiro i 2016. Forskarkarrieren vil eg uansett halda fram med, lovar ho.

 

 

 

 

 

Emneord: Naturfag, Biologi Av Martin Toft
Publisert 5. apr. 2011 11:52 - Sist endra 5. apr. 2011 12:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere